Omgjeringa for 2018 er i gong

Sist oppdatert: 09.07.2019
No har vi begynt å gjere om lån til stipend for 2018. Du får ein e-post frå oss når omgjeringa er klar.

Alle studentar i høgare og anna utdanning får basisstøtta utbetalt som eit lån, men vi kan gjere om inntil 40 prosent av basisstøtta til stipend. Det skjer på bakgrunn av informasjon om inntekta og formuen din, som vi får frå skatteetaten, og eksamensresultata dine, som vi får frå lærestaden. Omgjeringa skjer automatisk for dei fleste, men dersom du har studert i utlandet må du sende inn eksamensresultata dine sjølv. 

Les meir om omgjering av lån til stipend.

Vi sender ut svara over fleire månader
Over 270 000 kundar skal få svar på kor mykje lån dei får gjort om, og med så mange kundar klarer vi ikkje å behandle alt samtidig. Det betyr at du kan måtte vente til slutten av oktober før du får svar.

Vi bruker inntekt og studiepoeng frå 2018
Informasjonen om inntekt og formue vi bruker til å berekne kor mykje stipend du kan få, får vi frå skattefastsetjinga di for 2018. Sidan den følgjer kalenderåret og ikkje undervisningsåret, får du omgjering for utdanninga du bestod i kalenderåret 2018. Det vil seie vårsemesteret og haustsemesteret i 2018.

Du får omgjering for eksamensresultat frå 2019 når fastsetjinga di er klar i 2020.

Har du fått forsørgjarstipend eller ekstrastipend?
Forsørgjarstipend ved omsorg for barn, og ekstrastipend ved nedsett funksjonsevne blir også behovsprøvd. Det vil seie at dersom du har hatt inntekt, trygd eller formue over grensene våre, kan heile eller delar av desse stipenda bli gjort om til lån.

Flyktningstipend
For elevar utan ungdomsrett, blir flyktningstipend som er gitt for vårsemesteret og haustsemesteret 2018 behovsprøvd. Det betyr at heile eller delar av stipendet kan bli gjort om til lån dersom du har hatt inntekt, trygd eller formue over grensene våre. Dette gjeld dersom du har fått støtta rekna ut på same måte som studentar i høgare utdanning. 