Sjå kor mykje av lånet ditt som er gjort om til stipend

Sist oppdatert: 12.12.2016
Du har no fått eit brev frå oss om kor mykje lån du eventuelt har fått gjort om til stipend. Brevet ligg i postkassen på Dine sider.

Inntil 40 prosent av basisstøtta blir gjord om til stipend. Omgjeringa skjer på bakgrunn av informasjon om inntekt og formue, som vi får frå skatteetaten, og eksamensresultat vi har fått rapportert inn frå lærestadene. Omgjeringa skjer automatisk for dei fleste, men dersom du har studert i utlandet må du sende eksamensresultata dine til oss.

Vi bruker eksamens- og likningstall frå i fjor 

Det er eksamensresultater og likningsopplysningar for 2015 vi bruker til omgjeringa. For utdanning bestått i 2016, vil du få omgjering i november 2017.

Les meir om omgjering av lån til stipend.

Har du fått forsørgjarstipend eller ekstrastipend?

Forsørgjarstipend ved omsorg for barn, og ekstrastipend ved nedsett funksjonsevne eller funksjonshemming blir behovsprøvd mot inntekt, trygdeytingar og formue. Har du hatt inntekt, trygd eller formue over grensene våre, kan heile eller deler av desse stipenda bli gjort om til lån.

Logg inn på Dine sider