No kan du søkje om stipend og lån for 2019–2020

Sist oppdatert: 04.06.2019
No kan studentar i høgare utdanning i Noreg og utlandet søkje om stipend og lån. Elevar i vidaregåande opplæring må vente til dei har fått skoleplass og takka ja til den.

Høgare og anna utdanning

Studentar som skal ta høgare og anna utdanning i Noreg og utlandet kan no søkje om stipend og lån. Du må ha fått studieplass før du kan søkje.

Gå til søknaden

Vidaregåande opplæring

Du må vente med å søkje om stipend til du har fått skoleplass og takka ja til den.

Datoen for inntaket til vidaregåande skole varierer frå fylke til fylke. Følg med på vilbli.no for å vere sikker på når du får skoleplass i ditt fylke.

Gå til søknaden

Er du lærling

Då må du vente med å søkje om stipend frå Lånekassen til arbeidskontrakten er godkjent av arbeidsgivaren din, og av fagopplæringskontoret. Les meir om kva du kan få frå Lånekassen som lærling.