No gjer vi om lån til stipend for 2019

Sist oppdatert: 06.07.2020
I slutten av juni begynte Lånekassen å gjere om lån til stipend for 2019. Vi sender ut vedtaka om omgjering over fleire månader. Du får ein e-post frå oss når omgjeringa er klar.

Alle får utbetalt lån, men noko kan bli gjort om i etterkant

Alle studentar som får basislån kan få inntil 40 prosent av dette lånet omgjort til stipend. Kor mykje du får i stipend er avhengig av om du har fått gradsomgjeringslån, berre omgjeringslån, eller begge delar.

For å ha rett til omgjering må du også bu borte og ha inntekt, formue og trygd under grensene. Vi bruker informasjon om inntekta og formuen din, som vi får frå skatteetaten, og eksamensresultata dine, som vi får frå lærestaden, når vi gjer om lån til stipend. For deg som studerer ved ein høgskole eller eit universitet er det også avgjerande om du fullfører graden din eller ikkje.

Omgjeringa skjer automatisk for dei fleste, men dersom du har studert i utlandet må du sende inn eksamensresultata dine sjølv.

Vi bruker inntekt og studiepoeng frå 2019

Informasjonen om inntekt og formue vi bruker til å berekne kor mykje stipend du kan få, får vi frå skattefastsettinga di for 2019. Sidan den gjeld kalenderåret, ikkje undervisningsåret, får du derfor omgjering for utdanninga du bestod i kalenderåret 2019. Det vil seie vårsemesteret og haustsemesteret i 2019.

Du kan få omgjering for eksamenar du består i 2020 først når skattefastsettinga di for 2020 er klar, og det er først sommaren 2021.

Nokon får omgjering for fullført grad

Gradsomgjering gjaldt frå og med hausten 2019. Dersom du studerer ved eit universitet eller ein høgskole får du berre omgjort inntil 25 prosent no, medan du får resten av omgjeringa (15 prosent) året etter at du har fullført graden din. Det vil seie at berre studentar ved universitet og høgskole som fullførte graden sin hausten 2019 kan få gradsomgjering no.

Du kan få gradsomgjering først året etter at du har fullført ein grad. Det betyr at du ikkje får omgjort gradsomgjeringslånet kvart år, slik som omgjeringslånet.

Dersom du fekk gradsomgjeringslån hausten 2019, men ikkje er ferdig med graden din ennå, blir dermed ikkje gradsomgjeringslånet ditt omgjort til stipend no.

Eksempel: Du fekk lån frå Lånekassen hausten 2019 til en bachelor ved en høgskole, og du tok 30 studiepoeng. Du vil vere ferdig med graden din våren 2021. Det vil seie at du kan få gjort om omgjeringslån til stipend for hausten 2019 fordi du bestod eksamenane dine, men at gradsomgjeringslånet ikkje kan bli gjort om før sommaren 2022.

Du kan sjå i vedtaket og på omgjeringssida på Dine sider kva som er gradsomgjeringslån og kva som er omgjeringslån.