Når får eg pengane i januar?

Sist oppdatert: 04.01.2017
For å få pengane må søknaden din vere ferdig behandla, og du må ha oppfylt vilkåra for utbetaling.

Støtte til vidaregåande opplæring

Hugs at heile utstyrsstipendet blir utbetalt ved skolestart dersom du har søkt om støtte for heile undervisningsåret.

Får du bustipend, grunnstipend eller lån må

  • lærestaden din ha meldt inn at du har møtt til undervisning.
  • du ha registrert eit gyldig kontonummer.
  • du ha signert avtalen om støtte

Du kan sjekke status på søknaden din på utbetalingssida på Dine sider.

Logg inn på Dine sider

Støtte til høgare og anna utdanning

For å få pengane utbetalte må du

  • vere registrert som aktiv student. Du må for eksempel ha betalt semesteravgift og meldt deg opp til eksamen, slik at vi får stadfesta studentstatusen din frå lærestaden.
  • signere avtalen om støtte. Har du fått stønad for heile året, treng du ikkje signere på nytt.
  • ha registeret eit gyldig kontonummer.

Du kan sjekke status på søknaden din på utbetalingssida på Dine sider.

Logg inn på Dine sider

Behandlingstid

Dei fleste søknader blir behandla automatisk, men somme må sjåast på av ein saksbehandlar. Les meir om behandlingstid her.

Student i utlandet

Utbetaling av støtte til studium i utlandet skjer to gonger per undervisningsår, ein gong i begynninga av kvart semester.