Tiltak for Lånekassens kundar under koronakrisa

Sist oppdatert: 12.05.2020
Mange studentar har mista inntekt frå deltidsjobbar som følgje av koronasituasjonen. Regjeringa har uttalt at dei vil hjelpe studentar gjennom ein vanskeleg økonomisk situasjon.

Denne artikkelen vil bli oppdatert når nye forskriftar er klar. Her finn du pressemeldinga frå regjeringa om dei planlagte tiltaka. 

Studentar kan enkelte elvar kan søke om tilleggslån

Studentar og elevar som kan bekrefte med eigenerklæring at dei har mist inntekt på grunn av koronasituasjonen, kan søke om eit tilleggslån. Tilleggslånet for studentar er på 26 000 kroner og på 13 000 kroner for elevar. Studentar og elevar som kan dokumentere at dei har mist inntekt på grunn av koronasituasjonen, vil på eit seinare tidspunkt få 8 000 kroner av dei 26 000 kronene som stipend.  

Les meir om vilkåra for å få tilleggslånet og om korleis du søker.

Alle som kan få tilleggslånet vil få beskjed

Det er heller ikkje mogeleg å søkje før reglane er klare. Vi kan dessverre ikkje gi ein nøyaktig dato for når du kan søke, men det blir mogeleg å søke i løpet av mai. Alle som kan ha rett til dette tilleggslånet vil få melding når det er mogeleg å søke.

Lånekassen utbetalte resten av studiestøtta i april

Like etter påsken utbetalte Lånekassen resten av studiestøtta for vårsemestet til mange studentar. Det vil seie at alle studentar og elevar som får lån og stipend frå Lånekassen, og som skulle fått utbetalt lån og stipend i april, mai og juni, fekk dette allereie etter påske.

No får fleire utbetalt resten av studiestøtta for våren

Denne veka får også fleire elevar og studentar utbetalt resten av studiestøtta for våren.

Det er likevel ikkje alle som får resten av studiestøtta utbetalt no. Dersom du ikkje har fått utbetalt studiestøtte denne våren, kjem du til å få pengar for januar, februar, mars og april med ein gong vilkåra for utbetaling er oppfylt.

Dersom alle vilkåra for utbetaling på søknaden din ikkje var oppfylt før 14. april, får du utbetalingane til vanleg tidspunkt når desse er klare.

Berre dei med rett til 11 månaders studiestøtte får utbetalte pengar for juni

Dersom du ikkje har rett til studiestøtte for juni, får du berre utbetalt det du skulle fått i mai, nå i april.

Les meir om kven som har rett til 11 månader med studiestøtte.

Formålet med tidleg utbetaling

Formålet med å betale ut all studiestøtten for resten av vårsemesteret i april, er å avhjelpe studentar i ein økonomisk vanskeleg situasjon.

Det er viktig å hugse at den samla utbetalinga i april, inneber at det ikkje blir utbetalingar i mai og juni. Det er derfor nødvendig å disponere pengane utover våren. Studentar som kan dokumentere eit bortfall av inntekt vil få moglegheit til å søkje om eit tilleggslån i mai.

Utvida søknadsfrist til 15. april

Vi har utsett søknadsfristen for lån og stipend med éin månad, til 15. april. Det gir studentar som ikkje har teke opp lån og stipend moglegheita til å søkje om støtte. I tillegg kan dei som har søkt om mindre enn maksbeløpet, søkje på nytt dersom dei ønskjer å få auka beløpet.