Slik søker du om tilleggslån korona

Sist oppdatert: 30.06.2020
Dersom du har hatt nedgang i inntekt på grunn av koronasituasjonen i heile eller delar av perioden mellom 1. mars og 15. juni 2020, kan du ha rett til eit tilleggslån.

Dette gjeld for eksempel om du har blitt permittert eller oppsagt frå ein lønna deltidsjobb på grunn av koronasituasjonen. Tilleggslånet er berre eit tilbod for studentar og elevar som har hatt rett til å få lån eller stipend etter 1. mars 2020.

Studentar kan få tilleggslån på 26 000 kroner

Tilleggslånet i samanheng med koronasituasjonen er eit fast beløp på 26 000 kroner, og du kan derfor ikkje søke om berre ein del av beløpet. Beløpet er også det same uansett om du tar utdanning på fulltid eller deltid, og om du bur saman med foreldra dine eller borte.

Enkelte elevar og lærlingar i vidaregåande opplæring kan få tilleggslån på 13 000 kroner

Det er berre enkelte elevar som kan søke om tilleggslånet. Dette gjeld elevar og lærlingar som er 18 år eller eldre, og som allereie får lån for elevar som er over 18 år.

Omgjering av tilleggslån til stipend

Både studentar og elevar som kan dokumentere at dei har mista inntekt på grunn av koronasituasjonen kan på eit seinare tidspunkt få 8 000 kroner av tilleggslånet som stipend.

Vanlegvis får berre studentar som bur borte gjorde om lån til stipend. Dette kravet gjeld ikkje for tilleggslånet, og du kan derfor få gjort om 8 000 av tilleggslånet til stipend uansett om du bur borte eller heime med foreldra dine i perioden.

Du skal ikkje sende inn dokumentasjon no, men vi kan be deg om det seinare. Derfor bør du allereie no be arbeidsgivaren din om å dokumentere årsaka til at du har mista inntekt. Dette kan for eksempel vere dokumentasjon på permittering, oppseiing, lønnsinntekt og stadfesting på endra stillingsprosent.

Når kan eg søke?

Alle som kan ha rett til å søke om tilleggslånet skal ha fått e-post om det no.

Nokon e-postar kan ha hamna i spam-innboksen, så om du ikkje har fått ein e-post, anbefaler vi deg å logge inn på Dine sider for å sjå om du har ei gul melding der som gir deg tilgang til søknaden.

På Dine sider kan du også sjekke at vi har riktig e-postadresse til deg, og eventuelt rette eller endre den, om den er feil.

Ny frist for å søke for både elevar og studentar er 30. juni 2020.

Når kjem pengane?

Lånet utbetalast i løpet av eit par dagar etter at du har signert avtalen om støtte.

Slik søker du

  1. Lånekassen sender ut en e-post med informasjon
    Alle som kan ha rett til tilleggslånet vil få denne e-posten. Årsaka er vi ikkje vet kven som kan ha rett til dette lånet, og derfor ønsker å gi informasjon til alle som kan ha rett. Det er likevel berre elevar og studentar som faktisk har hatt nedgang i inntekt på grunn av koronasituasjonen som får søke om tilleggslånet.
  2. Logg inn på Dine sider etter at du har fått e-posten
    Når du får e-posten kan du logge inn på Dine sider. Der finn du meir informasjon om vilkåra for tilleggslånet, og du kan deretter velje om du ønsker å søke om tilleggslånet eller ikkje. Du kan ikkje søke om tilleggslånet på Dine sider før du har fåtte-posten fra oss. Hugs også at du ikkje skal bruke den vanlege søknaden om lån og stipend for 2020–2021.
  3. Du må stadfeste at du faktisk har hatt nedgang i inntekt
    For å få tilleggslånet må du i søknaden stadfeste at du har hatt nedgang i inntekt mellom 1. mars og 15. juni 2020 på grunn av koronasituasjonen.

Eg er student. Kvifor har eg fått eit lågare beløp enn 26 000 kroner i tilleggslån?

Enkelte av dei som får innvilga tilleggslånet i samanheng med koronasituasjonen, får ikkje heile tilleggslånet utbetalt på éin gong. Resten av tilleggslånet vil for enkelte først bli utbetalt til vanleg tidspunkt i mai eller juni.

Nokre få kundar vil også, sjølv med desse restutbetalingane i mai og juni, få eit beløpet til utbetaling som lågare enn 26 000 kroner. Det er tekniske årsaker til at dette skjer for nokre av elevane og studentane.

Sjekk utbetalingsplanen på Dine sider

Ser det ut som at du har fått eit lågare beløp i tilleggslån for våren 2020 enn 26 000 kroner, er det derfor viktig at du tar kontakt med Lånekassen slik at vi kan rette opp.

Men før du tar kontakt med oss, må du først sjekke utbetalingsplanen på Dine sider. Her kan du sjå om du er ein av dei som får utbetalt tilleggslånet i fleire omgangar.


Kan studentar som bur hos foreldra sine til vanleg, også få tilleggslånet med omgjering av 8000 kroner til stipend?

Ja, dersom dei elles fyller vilkåra for tilleggslånet.

Les meir om vilkåra for tilleggslånet.

Eg valde feil og søkte ikkje om tilleggslånet, kva gjer eg?

Du må sende oss ein e-post fra Dine sider innan søknadsfristen 30. juni. Der må du skrive at du har hatt nedgang i inntekta di i perioden 1. mars til 15. juni på grunn av koronapandemien, og at du ønsker å søke om tilleggslånet.

Kva blir rekna som "nedgang i inntekt", og korleis kan eg dokumentere det?

For å få lånet bekreftar du på Dine sider at du kan dokumentere ein nedgang i inntekt i perioden 1. mars - og 15. juni 2020 på grunn av koronapandemien.

Dokumentasjonen skal vere ei skriftlig bekreftelse fra arbeidsgivaren din. Det kan for eksempel vere permitteringsvarsel, oppseiing frå ein deltidsjobb, stadfesting på nedgang i lønnsinntekt eller reduksjon i vakter/timar. Det må bli bekrefta at nedgangen i inntekt er på grunn av koronapandemien.

Du skal ikkje sende inn dokumentasjon før vi ber om det.