Koronasituasjonen: Elevar og studentar i utlandet

Sist oppdatert: 09.09.2020
Er du student eller elev i utlandet eller tek praksis i utlandet, kan det hende du må avbryte utenlandsoppholdet på grunn av koranaviruset. Vi er oppteken av at du som kunde hos Lånekassen skal bli minst mogleg skadelidande dersom det skjer.

Det er ikkje alle detaljar som er avklart enno. Denne sida vil bli oppdatert så fort vi har avklaringar på plass.

Vi ber deg følgje med på informasjonen til studentar i utlandet som blir gitt på regjeringen.no.

Bur du heime i starten av haustsemesteret på grunn av koronapandemien?

Alle elevar og studentar som har fått støtte som bortebuarar, men som måtte flytte heim til foreldra sine på grunn av koronapandemien, blir rekna som bortebuarar resten av våren 2020. Desse unntaksreglane blir vidareførte hausten 2020.

Dersom du skal studere i utlandet og ikkje kan opphalde deg på lærestaden ved studiestart på grunn av koronasituasjonen, skal du derfor likevel svare ja på følgande spørsmål i søknaden: «Skal du opphalde deg på studiestaden og følge undervisninga?».

Omgjøring av lån til stipend

Studentar kan få omgjort lån til stipend etter bestått eksamen og fullført utdanning. Dei vanlege reglane for omgjering av lån til stipend gjeld for våren 2020.  

Omgjøring gjeld ikkje for deg som tek vidaregåande opplæring i utlandet.

Elever og studenter får behalde lån og stipend for våren 2020

Dersom du må reise heim frå studiestaden ditt pga. koronavirus, og du har betalt inn skolepengar som du ikkje får refundert frå lærestaden, kan du normalt få behalde det lånet og stipendet som du har fått utbetalt.
Det du har fått innvilga i stipend og lån for dette skoleåret får du behalde, sjølv om du må reise heim frå studiestaden din.
Har du søkt stipend og lån til eit utanlandsopphald som du ikkje kan gjennomføre på grunn av koronavirus, må du gi melding til Lånekassen. Då kan vi stoppe dei utbetalingane du ikkje har rett til. Du seier frå ved å logge inn og sende oss e-post frå Dine sider.

Dersom du måtte reise heim frå studiestaden ditt pga. koronavirus våren 2020, og du har betalt inn skolepengar som du ikkje får refundert frå lærestaden, kan du normalt få behalde det lånet og stipendet som du har fått utbetalt.

Du får behalde det du har fått innvilga i stipend og lån for studieåret 2019-2020, sjølv om du måtte reise heim frå studiestaden din.

Har du søkt stipend og lån til eit utanlandsopphald som du ikkje kan gjennomføre på grunn av koronavirus, må du gi melding til Lånekassen. Då kan vi stoppe dei utbetalingane du ikkje har rett til. Du seier frå ved å logge inn og sende oss e-post frå Dine sider.

Reisestøtte til dei som måtte reise heim våren 2020?

Dersom du studerer utanfor Norden, har du sannsynlegvis fått den vanlege reisestøtta til dekning av to tur-retur-reiser i løpet av studieåret 2019-2020. 

Lånekassen gir ikkje ekstra reisestøtte til studentar og elevar som må reise heim på grunn av koronasituasjonen. Du bør undersøke om ekstra utgifter til heimreise kan dekkes av reiseforsikringa di. 

Les meir om reisestøtte her.

Valutajustering

Skolepengestøtten blir valutajustert på utbetalingstidspunktet. For studentar i utlandet blir støtten normalt utbetalt i juli og desember.

Følg råd frå lokale helsestyresmakter, lærestaden din og UD

Dersom du er usikker på korleis du skal stilla deg til koronavirus, og om du skal reise heim eller bli på studiestaden, må du følgje med på nyheiter, styresmakter og informasjon frå lærestaden din.

Eg har blitt forseinka i utdanninga mi fordi skolen stengde og det ble ikkje gitt nettundervisning. Kan eg få studielån i ekstra tid?

Lånekassen kan gi lån og stipend i inntil eitt år til forseinking.

Dersom du er forseinka ut over eitt år (60 studiepoeng), kan du likevel ha rett til lå og stipend dersom forseinkinga er på grunn av sjukdom, fødsel, nedsett funksjonsevne eller andre særlege grunnar som gjer det vanskeleg å unngå forseinking. Koronapandemien kan vere ein slik særleg grunn dersom den er årsaka til at forseinking i utdanninga di var vanskeleg å unngå.

Er du meir enn eitt år forseinka, og ønsker å få vurdert rett til lån og stipend etter unntaksreglane, må du sende inn dokumentasjon som viser årsaka til forseinkinga. Dersom forseinkinga utover eitt år skuldast koronapandemien, må du sende inn dokumentasjon som viser at det var koronapandemien som var årsaka til at du ble meir enn eitt år forseinka.

Eg fekk ikkje tatt eksamen våren 2020: Vil eg framleis få omgjering av lån til stipend?

Dei vanlege reglane for omgjering av lån til stipend gjeld også for våren 2020. Det betyr at du må bestå utdanning for å få gjort om lån til stipend. For gjennomført utdanning vil omgjering av lån til stipend skje på vanleg måte dersom vilkåra ellers er oppfylte.

Eg bur i utlandet og krona er svekka. Vil Lånekassen gjere tilpassingar?

Skolepengestøtten blir valutajustert på utbetalingstidspunktet. For studentar i utlandet blir støtten normalt utbetalt i juli og desember. Endringar i valutakursen etter desember påverkar derfor ikke støtten fra Lånekassen.

Eg var eigentleg bortebuar våren 2020, men flytta heim på grunn av koronakrisa. Kva skjer med stipendet?

Alle elevar og studentar som fekk støtte som bortebuarar, men som flytta heim til foreldra sine på grunn av koronakrisa, blir rekna som bortebuarar våren 2020. Dette gjeld både innanlands og utenlands.