Koronasituasjonen: Elevar og studentar i Noreg

Sist oppdatert: 30.06.2020
Elevar og studentar får no på ulike måtar kvardagen påverka av koronaviruset, for eksempel ved at undervisning eller praksis utgår, dei ikkje får teke eksamen, eller dei blir sjuke.

Det er ikkje alle spørsmål vi har svar på enno. Denne sida vil bli oppdatert så fort vi har avklaringar på plass.

Alle elever og studentar vil framleis få utbetalt lån og stipend

Utbetaling av lån og stipend til elevar og studentar i Noreg blir ikkje stoppa. Utbetaling til lærlingar som er permitterte, blir heller ikkje stoppa.

Omgjering av lån til stipend

(Omgjeringsordninga gjeld studentar i høgare og anna utdanning, ikkje elevar med ungdomsrett til vidaregåande opplæring)

Ein del lærestader i Noreg legg no til rette for at undervisninga kan fortsetje som nettundervisning, så langt det er mogleg. For gjennomført utdanning vil omgjering av lån til stipend skje på vanleg måte dersom vilkåra ellers er oppfylte.

Dersom koronasituasjonen har ført til at lærestaden ikkje kan avvikle eksamen, er situasjonen ein annan. Det er ikkje avklart korleis dette skal handterast, men Lånekassen er oppteken av at elevar og studentar i minst mogleg grad skal bli skadelidande.

Les om omgjering her.

Elevar på folkehøgskole
Folkehøgskolane har sendt elevane sine heim, sidan det å bu på internat kan auke smitterisikoen. Elevane får behalde all støtta for våren 2020, og dei som har fått støtte som bortebuarar, vil bli rekna som bortebuarar ut dette semesteret.
 
Mange lurer på om dei vil få omgjering av lån til sFårtipend sjølv om dei ikkje får fullført skoleåret. Dette har vi ikkje svar på nett no. Vi vil vurdere denne problemstillinga utover våren, og vil oppdatere informasjonen på lanekassen.no når vi veit meir.

Elevar på folkehøgskole

Folkehøgskolane har sendt elevane sine heim, sidan det å bu på internat kan auke smitterisikoen. Elevane får behalde all støtta for våren 2020, og dei som har fått støtte som bortebuarar, vil bli rekna som bortebuarar ut dette semesteret.
 
Dersom skolen melder inn at du har fullført skoleåret, vil du få omgjering av lån til stipend sjølv om du reiste heim på grunn av koronapandemien.

Du kan få sykestipend dersom du er sjuk

Er du sjuk i meir enn to veker, kan du få stipend og lån som du har fått utbetalt i perioden du var sjuk, gjort om til sjukestipend. Du kan også ha rett til sjukestipend dersom du blir forhindra frå å følgje undervisninga fordi barnet ditt blir sjukt.

Her kan du lese meir om reglane som gjeld for sjukestipend.

Sjå også regjeringa si side for studentar i Noreg.

Eg får ikkje teke eksamen: Vil eg framleis få omgjering av lån til stipend?

Vi jobbar kontinuerleg med å finne svar på dette spørsmålet. Vi oppdaterer lanekassen.no. så snart vi har ei avklaring.

Studentar kan få omgjort lån til stipend etter bestått eksamen og fullført utdanning. Dersom du blir bedd om å reise heim, eller studiestaden ditt stenger, er det ikkje sikkert du får tatt eksamen eller fullført utdanninga di. Ein del lærestader legg no til rette for at undervisninga kan fortsetje som nettundervisning, så langt det er mogeleg. For gjennomført utdanning vil omgjering av lån til stipend skje på vanleg måte dersom vilkåra elles er oppfylte.   

Det er ikkje avklart korleis dette skal handterast, men følg med på lanekassen.no, så vil du få all informasjon du treng så snart vi har ein avklaring.

Eg er eigentleg bortebuar, men har flytta heim på grunn av koronakrisa. Kva skjer med stipendet?

Alle elevar og studentar som har fått støtte som bortebuarar, men må flytte heim til foreldra sine på grunn av koronakrisa, vil bli rekna som bortebuarar resten av våren 2020. Dette gjeld både innanlands og utenlands.

Kven kan få fritak frå inntektsgrensa fordi dei gjer viktig arbeid i samband med koronapandemien?

Lånekassen kan sjå bort frå inntekt som er opptent i perioden 1. mars t.o.m. 31. august dersom inntekta er frå arbeid relatert til koronapandemien:

  • arbeid i helse- og omsorgssektoren
  • arbeid fordi du har blitt beordra til teneste i Heimevernet eller Sivilforsvaret
  • arbeid utført av politistudentar som melder seg til teneste i politiet eller til beredskapsarbeid

Fritaket gjeld studentar i høgare og anna utdanning i Norge og utlandet som fyller vilkåra over. Det gjeld ikkje elevar med ungdomsrett i vidaregåande opplæring.

 

Eg har blitt forseinka i utdanninga mi fordi skolen stengde og det ble ikkje gitt nettundervisning. Kan eg få studielån i ekstra tid?

Lånekassen kan gi lån og stipend i inntil eitt år til forseinking.

Dersom du er forseinka ut over eitt år (60 studiepoeng), kan du likevel ha rett til lå og stipend dersom forseinkinga er på grunn av sjukdom, fødsel, nedsett funksjonsevne eller andre særlege grunnar som gjer det vanskeleg å unngå forseinking. Koronapandemien kan vere ein slik særleg grunn dersom den er årsaka til at forseinking i utdanninga di var vanskeleg å unngå.

Er du meir enn eitt år forseinka, og ønsker å få vurdert rett til lån og stipend etter unntaksreglane, må du sende inn dokumentasjon som viser årsaka til forseinkinga. Dersom forseinkinga utover eitt år skuldast koronapandemien, må du sende inn dokumentasjon som viser at det var koronapandemien som var årsaka til at du ble meir enn eitt år forseinka.