Har eg rett til tilleggslån?

Sist oppdatert: 15.06.2020
Er du usikker på om du kan søke om tilleggslån, eller kva “nedgang i inntekt” betyr? Under finn du forhåpentlegvis svar på det du lurer på.

Dersom du har hatt nedgang i inntekt på grunn av koronasituasjonen i heile eller delar av perioden mellom 1. mars og 15. juni 2020, kan du ha rett til eit tilleggslån.

  • Ny frist for å søke om dette tilleggslånet er 30. juni 2020.

Dei neste dagane får alle som ikkje har svart på tilbodet ei påminning på e-post.

Kva blir rekna som nedgang i inntekt?

Har du for eksempel blitt permittert, fått færre vakter enn tidlegare avtalt, eller blitt oppsagt frå ein lønna deltidsjobb på grunn av koronasituasjonen, kan du ha rett til lånet. Det avgjerande er at du på grunn av koronasituasjonen tener mindre enn planlagt i perioden mellom 1. mars og 15. juni 2020.

Du kan ha rett til lånet sjølv om du ikkje har mista all inntekt, eller for eksempel ikkje er 100 prosent permittert. Du kan også ha rett til lånet om du berre har hatt nedgang i inntekt i delar av perioden mellom 1. mars og 15. juni 2020.

 Har eg rett til tilleggslån og kva må eg sende inn?

Eg er sjølvstendig næringsdrivande

Om du i perioden mellom 1. mars og 15. juni 2020 har fått færre oppdrag på grunn av koronasituasjonen, kan du ha rett til tilleggslånet.

Du skal ikkje sende dokumentasjon når du søker, men du kan bli bedt om det på eit seinare tidspunkt. Derfor må du be oppdragsgivar lage ei skriftleg stadfesting på at du har mista oppdrag på grunn av koronasituasjonen.

Eg er tilkallingsvikar og har fått ingen eller færre vakter

Om du i perioden mellom 1. mars og 15. juni 2020 har fått færre vakter på grunn av koronasituasjonen, kan du ha rett til tilleggslånet.

Du skal ikkje sende dokumentasjon når du søker, men du kan bli bedt om det på eit seinare tidspunkt. Derfor må du be arbeidsgivar lage ei skriftleg stadfesting på at du har hatt reduserte vakter på grunn av koronasituasjonen.

Eg har mista sommerjobben min

Tilleggslånet er for dei som har hatt nedgang i inntekt på grunn av koronasituasjonen i heile eller delar av perioden 1. mars – 15. juni 2020.

Dersom du mista ein sommarjobb du skulle begynt i den 15. juni, og du kan dokumentere at dette er på grunn av koronasituasjonen, fyller du vilkåra for tilleggslånet.

Du skal ikkje sende dokumentasjon når du søker, men du kan bli bedt om det på eit seinare tidspunkt. Derfor må du be arbeidsgivar lage ei skriftleg stadfesting på at du har hatt nedgang i inntekt på grunn av koronasituasjonen.

Eg er permittert

Har du blitt permittert på grunn av koronasituasjonen og hatt nedgang i inntekt i heile eller delar av perioden mellom 1. mars og 15. juni 2020, kan du ha rett til tilleggslånet.

Du skal ikkje sende dokumentasjon når du søker, men du kan bli bedt om det på eit seinare tidspunkt. Derfor må du be arbeidsgivar lage ei skriftleg stadfesting på at du har hatt nedgang i inntekt på grunn av koronasituasjonen.

Eg er lærling med ungdomsrett

Dersom du tar vidaregåande opplæring med ungdomsrett, er over 18 år, og i studieåret 2019-2020 har fått lån for elevar som er over 18 år, kan du ha rett til tilleggslånet.

Du skal ikkje sende dokumentasjon når du søker, men du kan bli bedt om det på eit seinare tidspunkt. Derfor må du be arbeidsgivar lage ei skriftleg stadfesting på at du har hatt nedgang i inntekt på grunn av koronasituasjonen.

Eg er lærling utan ungdomsrett

Dersom du er lærling utan ungdomsrett kan du ha rett på tilleggslånet om du har hatt nedgang i inntekt på grunn av koronasituasjonen i heile eller delar av perioden mellom 1. mars og 15. juni 2020.

Du skal ikkje sende dokumentasjon når du søker, men du kan bli bedt om det på ei seinare tidspunkt. Derfor må du be arbeidsgivar lage ei skriftleg stadfesting på at du har hatt nedgang i inntekt på grunn av koronasituasjonen.