Kor lang tid tek det å behandle søknaden min?

Sist oppdatert: 29.09.2016
Dei fleste søknader blir behandla automatisk, men somme må sjåast på av ein saksbehandlar.

Når ein saksbehandlar må sjå på ein søknad, er det vanlegvis fordi vi manglar opplysningar, eller fordi ei opplysning må sjekkast. Når det skjer, blir søknaden din plassert i ein behandlingskø og du får ei behandlingstid. Behandlingstida på søknaden din ser du på Dine sider.

Nokre søknader kan ha lengre behandlingstid

Nokre søknader, for eksempel om foreldrestipend eller sjukestipend, tek normalt lengre tid å behandle enn ordinære søknader om stipend og lån. Har du søkt på papir eller lasta opp søknaden din, eller dersom du har sendt inn ein klage, finn du ei oversikt over aktuelle behandlingstider her.

Kva kan eg gjere for å få raskare svar?

Har du har blitt bedt om å sende inn dokumentasjon, bør du gjere dette snarast, fordi vi ikkje kan behandle ferdig søknaden din før vi har denne. I postkassa på Dine sider ser du kva vi eventuelt har bedt deg dokumentere.

Har du sendt inn dokumentasjon?

I postkassen på Dine sider ser du kva vi har motteke av deg. 

Logg inn på Dine sider