Tiltak for Lånekassens kundar under koronakrisa

Sist oppdatert: 31.03.2020
Mange studentar har mista viktig biinntekt frå deltidsjobbar som følgje av koronakrisa. Regjeringa har uttalt at dei vil hjelpe studentar gjennom ein vanskeleg økonomisk situasjon.

Kva for økonomisk hjelp kan studentar og elevar forvente? 

Det er varsla tiltak for studentar. Desse tiltaka er ikkje vedteke. Vi kjem tilbake med meir informasjon når dette er klart. 

Utvida søknadsfrist til 15. april

Frå før har søknadsfristen for lån og stipend blitt utsett med éin månad, til 15. april. Det gir studentar som ikkje har teke opp lån og stipend moglegheita til å søkje om støtte. I tillegg kan dei som har søkt om mindre enn maksbeløpet, søkje på nytt dersom dei ønskjer å få auka beløpet.