Koronasituasjonen: Elevar og studentar i utlandet

Sist oppdatert: 23.03.2020
Er du student eller elev i utlandet eller tek praksis i utlandet, kan det hende du må avbryte utenlandsoppholdet på grunn av koranaviruset. Vi er oppteken av at du som kunde hos Lånekassen skal bli minst mogleg skadelidande dersom det skjer.

Det er ikkje alle detaljar som er avklart enno. Denne sida vil bli oppdatert så fort vi har avklaringar på plass.

Vi ber deg følgje med på informasjonen til studentar i utlandet som blir gitt på regjeringen.no.

Alle elever og studenter vil fortsatt få lån og stipend

Dersom du må reise heim frå studiestaden ditt pga. koronavirus, og du har betalt inn skolepengar som du ikkje får refundert frå lærestaden, kan du normalt få behalde det lånet og stipendet som du har fått utbetalt.
Det du har fått innvilga i stipend og lån for dette skoleåret får du behalde, sjølv om du må reise heim frå studiestaden din.
Har du søkt stipend og lån til eit utanlandsopphald som du ikkje kan gjennomføre på grunn av koronavirus, må du gi melding til Lånekassen. Då kan vi stoppe dei utbetalingane du ikkje har rett til. Du seier frå ved å logge inn og sende oss e-post frå Dine sider.

Dersom du må reise heim frå studiestaden ditt pga. koronavirus, og du har betalt inn skolepengar som du ikkje får refundert frå lærestaden, kan du normalt få behalde det lånet og stipendet som du har fått utbetalt.

Du får behalde det du har fått innvilga i stipend og lån for dette skoleåret, sjølv om du må reise heim frå studiestaden din.

Har du søkt stipend og lån til eit utanlandsopphald som du ikkje kan gjennomføre på grunn av koronavirus, må du gi melding til Lånekassen. Då kan vi stoppe dei utbetalingane du ikkje har rett til. Du seier frå ved å logge inn og sende oss e-post frå Dine sider.

Skaff dokumentasjon

Dersom du ikkje får teke eksamen, går glipp av undervisning eller kanskje må avbryte utveksling i utlandet på grunn av koronaviruset, er det viktig at du får ei stadfesting frå lærestaden din som viser at dette er årsaka.

Omgjøring av lån til stipend

Studentar kan få omgjort lån til stipend etter bestått eksamen og fullført utdanning. Blir du bedd om å reise heim eller studiestaden din stenger, er det ikkje sikkert du får teke eksamen eller fullført utdanninga di.

Det er ikkje avklart korleis dette skal handterast, men følg med på denne sida, så vil du få all informasjon du treng så snart vi har ei avklaring.

Omgjøring gjeld ikkje for deg som tek vidaregåande opplæring i utlandet.

Valutajustering

Skolepengestøtten blir valutajustert på utbetalingstidspunktet. For studentar i utlandet blir støtten normalt utbetalt i juli og desember. Endringar i valutakursen etter desember påverkar derfor ikke støtten fra Lånekassen. 

Følg råd frå lokale helsestyresmakter, lærestaden din og UD

Dersom du er usikker på korleis du skal stilla deg til koronavirus, og om du skal reise heim eller bli på studiestaden, må du følgje med på nyheiter, styresmakter og informasjon frå lærestaden din.

Vurderer du å studere eller gå på skole i utlandet neste studieår?

Det er for tidleg å seie noko om koronaviruset vil påverke neste studieår, men vi ber alle følgje med på styresmaktene sine reiseråd for opphold i utlandet.

Beheld eg stipend og lån dersom eg reiser heim frå utlandet?

Vi stoppar ikkje utbetalingane sjølv om du må reise heim etter oppfordring frå styresmaktene, eller at lærestaden ditt er stengd som følgje av koronautbrottet.

Eg får ikkje teke eksamen: Vil eg framleis få omgjering av lån til stipend?

Vi jobbar kontinuerleg med å finne svar på dette spørsmålet. Vi oppdaterer lanekassen.no. så snart vi har ei avklaring.

Studentar kan få omgjort lån til stipend etter bestått eksamen og fullført utdanning. Dersom du blir bedd om å reise heim, eller studiestaden ditt stenger, er det ikkje sikkert du får tatt eksamen eller fullført utdanninga di. Ein del lærestader legg no til rette for at undervisninga kan fortsetje som nettundervisning, så langt det er mogeleg. For gjennomført utdanning vil omgjering av lån til stipend skje på vanleg måte dersom vilkåra elles er oppfylte.   

Det er ikkje avklart korleis dette skal handterast, men følg med på lanekassen.no, så vil du få all informasjon du treng så snart vi har ein avklaring.

Undervisninga foregår på nett. Har eg framleis rett til støtte?

Overgang til nettstudium inneber at du beheld rettane dine. Situasjonen er med andre ord som om du hadde hatt ordinær undervisning. Dette gjeld også studentar i utlandet.

Eg bur i utlandet og krona er svekka. Vil Lånekassen gjere tilpassingar?

Skolepengestøtten blir valutajustert på utbetalingstidspunktet. For studentar i utlandet blir støtten normalt utbetalt i juli og desember. Endringar i valutakursen etter desember påverkar derfor ikke støtten fra Lånekassen.

Eg må reise heim frå studiestaden min. Kan eg få reisestipend?

Dersom du studerer utanfor Norden, har du truleg fått den vanlege reisestøtta til dekning av to tur-retur-reiser i løpet av undervisningsåret 2019-2020.

Lånekassen gir ikkje ekstra reisestøtte til studentar og elevar som må reise heim grunna koronavirus. Du bør undersøkje om ekstra utgifter til heimreise kan dekkast av reiseforsikringa di.

Les meir om reisestøtte her.

Barnet mitt må vere heime og eg får ikkje studert. Kva kan eg få frå Lånekassen?

Dersom du får støtte for våren 2020, stoppar vi ikkje utbetalingane dine.

Eventuelle konsekvensar dersom du ikkje får teke eksamen, kjem vi tilbake med informasjon om så snart som mogleg.