Koronasituasjonen: Elevar og studentar i Noreg

Sist oppdatert: 31.03.2020
Elevar og studentar får no på ulike måtar kvardagen påverka av koronaviruset, for eksempel ved at undervisning eller praksis utgår, dei ikkje får teke eksamen, eller dei blir sjuke.

Det er ikkje alle spørsmål vi har svar på enno. Denne sida vil bli oppdatert så fort vi har avklaringar på plass.

Alle elever og studentar vil framleis få utbetalt lån og stipend

Utbetaling av lån og stipend til elevar og studentar i Noreg blir ikkje stoppa. Utbetaling til lærlingar som er permitterte, blir heller ikkje stoppa.

Omgjering av lån til stipend

(Omgjeringsordninga gjeld studentar i høgare og anna utdanning, ikkje elevar med ungdomsrett til vidaregåande opplæring)

Ein del lærestader i Noreg legg no til rette for at undervisninga kan fortsetje som nettundervisning, så langt det er mogleg. For gjennomført utdanning vil omgjering av lån til stipend skje på vanleg måte dersom vilkåra ellers er oppfylte.

Dersom koronasituasjonen har ført til at lærestaden ikkje kan avvikle eksamen, er situasjonen ein annan. Det er ikkje avklart korleis dette skal handterast, men Lånekassen er oppteken av at elevar og studentar i minst mogleg grad skal bli skadelidande.

Les om omgjering her.

Elevar på folkehøgskole
Folkehøgskolane har sendt elevane sine heim, sidan det å bu på internat kan auke smitterisikoen. Elevane får behalde all støtta for våren 2020, og dei som har fått støtte som bortebuarar, vil bli rekna som bortebuarar ut dette semesteret.
 
Mange lurer på om dei vil få omgjering av lån til sFårtipend sjølv om dei ikkje får fullført skoleåret. Dette har vi ikkje svar på nett no. Vi vil vurdere denne problemstillinga utover våren, og vil oppdatere informasjonen på lanekassen.no når vi veit meir.

Elevar på folkehøgskole

Folkehøgskolane har sendt elevane sine heim, sidan det å bu på internat kan auke smitterisikoen. Elevane får behalde all støtta for våren 2020, og dei som har fått støtte som bortebuarar, vil bli rekna som bortebuarar ut dette semesteret.
 
Mange lurer på om dei vil få omgjering av lån til stipend sjølv om dei ikkje får fullført skoleåret. Dette har vi ikkje svar på nett no. Vi vil vurdere denne problemstillinga utover våren, og oppdaterer informasjonen på lanekassen.no når vi veit meir.

Du kan få sykestipend dersom du er sjuk

Er du sjuk i meir enn to veker, kan du få stipend og lån som du har fått utbetalt i perioden du var sjuk, gjort om til sjukestipend. Du kan også ha rett til sjukestipend dersom du blir forhindra frå å følgje undervisninga fordi barnet ditt blir sjukt.

Her kan du lese meir om reglane som gjeld for sjukestipend.

Sjå også regjeringa si side for studentar i Noreg.

Eg får ikkje teke eksamen: Vil eg framleis få omgjering av lån til stipend?

Vi jobbar kontinuerleg med å finne svar på dette spørsmålet. Vi oppdaterer lanekassen.no. så snart vi har ei avklaring.

Studentar kan få omgjort lån til stipend etter bestått eksamen og fullført utdanning. Dersom du blir bedd om å reise heim, eller studiestaden ditt stenger, er det ikkje sikkert du får tatt eksamen eller fullført utdanninga di. Ein del lærestader legg no til rette for at undervisninga kan fortsetje som nettundervisning, så langt det er mogeleg. For gjennomført utdanning vil omgjering av lån til stipend skje på vanleg måte dersom vilkåra elles er oppfylte.   

Det er ikkje avklart korleis dette skal handterast, men følg med på lanekassen.no, så vil du få all informasjon du treng så snart vi har ein avklaring.

Undervisninga foregår på nett. Har eg framleis rett til støtte?

Overgang til nettstudium inneber at du beheld rettane dine. Situasjonen er med andre ord som om du hadde hatt ordinær undervisning. Dette gjeld også studentar i utlandet.

Eg har fått påvist korona og kan ikkje delta i undervisninga. Kva gjer eg?

Dersom du er sjuk i meir enn to veker, kan du få stipend og lån som du har fått utbetalt i perioden du var sjuk, gjort om til sjukestipend.

Les meir om sjukestipend.

Barnet mitt må vere heime og eg får ikkje studert. Kva kan eg få frå Lånekassen?

Dersom du får støtte for våren 2020, stoppar vi ikkje utbetalingane dine.

Eventuelle konsekvensar dersom du ikkje får teke eksamen, kjem vi tilbake med informasjon om så snart som mogleg.

Vil eg få pengar no som skolen er stengd?

Ja - vi stoppar ikkje utbetalingane dine.

Får eg omgjort lån til stipend sjølv om folkehøgskoleåret ikkje blir fullført?

Dette har vi ikkje svar på nett no. Vi vil vurdere denne problemstillinga utover våren, og vil oppdatere informasjonen på lanekassen.no når vi veit meir.

Eg er send heim frå folkehøgskolen, og blir buande heime ut semestret. Kva skjer med støtta?

Elevar får behalde all støtta for våren 2020, og dei som har fått støtte som bortebuarar, vil bli rekna som bortebuarar ut dette semesteret.

Eg er internatbebuar ved vidaregåande skole med internat. Vil eg miste bustipendet no som eg må reise heim og skolen gir fjernundervisning?

Du får behalde all støtte for våren 2020, også buerstipendet, sjølv om du no har flytta heim.

Overgang til nettstudium inneber at du beheld rettane dine. Situasjonen er med andre ord den same som om du hadde hatt ordinær undervisning.