Hopp til innhold

Hopp til login

Språkmeny

    Hovedmeny

    Koronavirus - informasjon frå Lånekassen


    Oppsummert


    Ofte stilte spørsmål

    Eg er eigentleg bortebuar, men har flytta heim på grunn av koronakrisa. Kva skjer med stipendet?

    Alle elevar og studentar som har fått støtte som bortebuarar, men må flytte heim til foreldra sine på grunn av koronakrisa, vil bli rekna som bortebuarar resten av våren 2020. Dette gjeld både innanlands og utenlands.

    Undervisninga foregår på nett. Har eg framleis rett til støtte?

    Overgang til nettstudium inneber at du beheld rettane dine. Situasjonen er med andre ord som om du hadde hatt ordinær undervisning. Dette gjeld også studentar i utlandet.

    Vil eg få pengar no som skolen er stengd?

    Ja - vi stoppar ikkje utbetalingane dine.

    Eg får ikkje betalt rekninga. Kva gjer eg?

    Dersom du ikkje har moglegheit til å betale rekninga di, kan du søkje om betalingsutsetjing på Dine sider. Du treng ikkje å oppgi nokon grunn til at du søkjer om utsetjing. Les meir om betalingsutsetjingar.

    Dersom du for eksempel er arbeidsledig eller i ein annan vanskeleg økonomisk situasjon, kan du også ha rett til å få sletta renter.

    Sjå ei oversikt over kva situasjonar som gir rett til sletting av renter.

    Eg bur i utlandet og krona er svekka. Vil Lånekassen gjere tilpassingar?

    Skolepengestøtten blir valutajustert på utbetalingstidspunktet. For studentar i utlandet blir støtten normalt utbetalt i juli og desember. Endringar i valutakursen etter desember påverkar derfor ikke støtten fra Lånekassen.


    Barnet mitt må vere heime og eg får ikkje studert. Kva kan eg få frå Lånekassen?

    Dersom du får støtte for våren 2020, stoppar vi ikkje utbetalingane dine.

    Eventuelle konsekvensar dersom du ikkje får teke eksamen, kjem vi tilbake med informasjon om så snart som mogleg.