No kan du søke om lån og stipend for 2020–2021

Sist oppdatert: 26.06.2020
No kan elevar og studentar som tar universitets- og høgskoleutdanning og andre utdanningar utan ungdomsrett i Noreg og utlandet søke om lån og stipend.

Elevar i vidaregåande opplæring med ungdomsrett må vente til dei har fått skoleplass og takka ja til den.

Universitets- og høgskoleutdanning og andre utdanningar for elevar og studentar utan ungdomsrett

No kan elevar og studentar på desse typane utdanning i Noreg og i utlandet søke om lån og stipend:

  • universitets- og høgskoleutdanning
  • fagskoleutdanning
  • folkehøgskoleutdanning
  • grunnskoleopplæring for vaksne
  • andre utdanningar utan ungdomsrett

Utdanning i Noreg

For studentar i Noreg blir lån og stipend for neste studieår tidlegast utbetalt i august.

{DynamicContent:Button}

Utdanning i utlandet

Dersom du er gang med utdanning i utlandet, og skal fortsette på utdanninga til hausten, må du hugse å sende inn dokumentasjon på fagleg progresjon og betalte skolepengar for 2019–2020 i forbindelse med den årlege kontrollen. Dette må du gjere før du søker om lån og stipend for neste studieår.

{DynamicContent:Button}

Vidaregåande opplæring for elevar med ungdomsrett

Skal du ta vidaregåande opplæring i studieåret 2020–2021, må du vente med å søke om stipend til du har fått skoleplass og takka ja til den.

Datoen for inntaket til vidaregåande skole varierer frå fylke til fylke. Følg med på vilbli.no for å vere sikker på når du får skoleplass i ditt fylke.

Er du lærling?

Då må du vente med å søke om stipend frå Lånekassen til arbeidskontrakten er godkjent av arbeidsgivaren din, og av fagopplæringskontoret. Les meir om kva du kan få frå Lånekassen som lærling.