Har du avbrote utdanninga di?

Sist oppdatert: 03.01.2017
Dersom du avbryt utdanninga di, må du melde frå til oss om det.

Du melder frå om avbrott ved å sende oss ein e-post frå postkassen din på Dine sider. Du må skrive datoen du avbraut studiet i e-posten, slik at vi kan rekne ut kor mykje stipend og lån du har rett til. Du har nemleg ikkje rett til stipend og lån frå Lånekassen etter datoen du avbraut utdanninga di.

Logg inn på Dine sider

Kva skjer når du har meldd frå om at du har avbrote?

Når vi har fått avbrottsmeldinga di, stoppar vi utbetalinga av støtte. Etter det må du vente i nokre veker på at saka di blir behandla på nytt. Du vil få eit nytt vedtaksbrev der du får informasjon om at støtta di er stoppa og kor mykje støtte du har rett til å behalde. Du må ikkje betale tilbake pengar du har fått i perioden du har vore i utdanning.

Du må begynne å betale tilbake på lånet dine cirka sju månader etter avbrottet. Ver klar over at det blir rekna renter på lånet ditt frå og med den første månaden etter du avbraut studiet. Vi sender deg ein betalingsplan fire til fem månader etter du avbraut. Dersom du får ny støtte til fulltidsutdanning seinare, blir lånet ditt rente- og avdragsfritt igjen.

Forseinking i høgare og anna utdanning

Periodar du har fått pengar frå oss, men manglar faglege resultat for, blir rekna som forseinking. Det vil seie at du blir seinka i utdanninga dersom du avbryt før du har bestått eksamen. Du kan vere inntil eitt år seinka og likevel få stipend og lån. Du får ikkje noko lån gjort om til stipend dersom du manglar resultat.

Avbroten utdanning på grunn av sjukdom

Dersom du har avbrote eller teke permisjon på grunn av sjukdom, kan du ha rett til sjukestipend i perioden du var sjukt. Får du sjukestipend vil lån du har fått i perioden du var sjuk bli gjort om til stipend.

Sjukestipend søkjer du om etter du har blitt frisk, eller når semesteret er avslutta. Les meir om sjukestipend og korleis du søkjer om det.