Paragraf:

13-1.

Tekst:

Ein låntakar som har minst 50 prosent varig nedsett inntektsevne og får uføretrygd eller ei tilsvarande yting frå ei utanlandsk trygdeordning, kan ha rett til å få sletta gjelda heilt eller delvis dersom person- og kapitalinntekta i 2020 er 476 580 kroner eller lågare. Kravet til varig nedsett inntektsevne er berre 40 prosent dersom låntakaren fekk arbeidsavklaringspengar heilt fram til vedtaket om uføretrygd.
Låntakaren har rett til å få sletta gjeld etter tabellen nedanfor.

Tabell for 2020 over inntektsgrenser, ny gjeld og nytt terminbeløp etter sletting av gjeld


Person- og kapitalinntekt per år

Ny gjeld

Nytt terminbeløp

kr             0-330 520

kr 0

kr 0

kr 330 521 - 366 926

kr 66 798

kr 713

kr 366 927 - 402 194

kr 77 900

kr 856

kr 402 195 - 439 412

kr 89 163

kr 1 009

kr 439 413 - 476 580

kr 100 265

kr 1 150


Inntektsgrensene i tabellen blir heva med 15 561 kroner per år for kvart barn som låntakaren forsørgjer, til og med det året barnet fyller 16 år. Inntekt som er registrert på barna til låntakaren, blir ikkje rekna med.
Søknaden om sletting av gjeld blir behandla etter vilkåra som gjeld i det året Lånekassen får søknaden. Dette gjeld også dersom vedtaket om uføretrygd er frå før søknadsåret.
Lånekassen hentar inn opplysningar om person- og kapitalinntekt frå skatteetaten.



Merknader:

Merknad
Søknader om sletting av gjeld blir vurdert etter forskrifta som gjeld det året Lånekassen har fått ein dokumentert søknad (med unntak av likningsopplysningar frå skatteetaten for det året søknaden gjeld). Det vil seie at ein søknad som er motteken før 31.12.2020, blir vurdert ut ifrå inntektsgrensa som gjeld for 2020, sjølv om vedtaket om varig uførleik er gjort i eit tidlegare år. Søknaden kan ikkje bli behandla ferdig før Lånekassen får inntektsopplysningar for det året som søknaden er motteken i. Det vil seie at søknader som har komme inn i 2020, ikkje kan bli behandla ferdig før Lånekassen får likningsopplysningar frå skatteetaten for inntektsåret 2020. Desse opplysningane får vi i 2021.

Merknad
Lånekassen hentar inn dokumentasjon på person- og kapitalinntekt i Noreg direkte frå skatteetaten. Lånekassen ser ikke bort fra eventuelle etterbetalte trygde -og pensjonsytelser dersom slike inntekter er inkludert i opplysningene fra skatteetaten.

Merknad
Ettergiving skal vurderast på bakgrunn av avklara og varig inntekt. Inntektsforholdet må derfor vere endeleg avklart før ettergiving kan bli vurdert. Dersom det er sannsynleg at låntakaren vil få heile eller ein del av gjelda ettergitt, kan låntakaren få betalingsutsetjing medan saka er til behandling.

Merknad
Ettergivinga blir fastsett i samsvar med brutto inntekt per år (summen av trygde- og arbeidsinntekter osv.). Uføretrygda må vere innvilga før gjelda kan bli ettergitt.

Merknad
Ved nedskriving (delvis ettergiving) blir først kostnader, gebyr, rentesaldo og deretter lånesaldoen redusert.

Merknad
Når inntektsgrensa skal aukast på grunn av barn, er desse borna er omfatta:
- barn av låntakaren, også barn som låntakaren betaler bidrag for
- barn av låntakaren sin ektefelle som bur saman med låntakaren minst 40 prosent av tida
- barn av låntakaren sin sambuar som bur saman med låntakaren minst 40 prosent av tida, dersom søkjaren og sambuaren i tillegg har felles barn

Barnet må vere registrert i folkeregisteret.

Merknad
Det blir sett bort fra barnetillegg og barnepensjon som låntakaren får for barn over 16 år.

Merknad
Innbetalingar som er gjorde før søknaden om ettergiving er motteken i Lånekassen, blir ikkje refunderte. Låntakarar med månadlege betalingsavtalar/trekk i trygdeutbetalingar kan få refundert innbetalingar som er gjorde etter at søknaden om ettergiving er kommen inn til Lånekassen. Utlegg som er tekne i etterbetaling av trygdeytingar, kan bli refunderte når låntakaren har rett til ettergiving.
Studiegjeld som er innfridd, blir ikkje refundert sjølv om låntakaren seinare blir ufør.
Innbetalinger som er gjort før søknaden om ettergivelse er mottatt i Lånekassen, blir ikke refundert.
Merknad
Låntakar som fyller vilkåra i § 13-1 har rett til å få satt ned terminbeløpet, sjølv om dette fører til lengre nedbetalingstid/høgare alder enn det som følgjer av § 3-1.