Hopp til innhold

Hopp til login

Språkmeny

    Hovedmeny

    Andre delen. Betalingsutsetjing og sletting av renter

    Sist oppdatert: 07.07.2020

    Kapittel 7. Betalingsutsetjing

    § 7-1. Utsetjing med betalinga av terminbeløpet

    Utsetjing med betalinga av eit terminbeløp fører til at nedbetalingstida blir éin månad lengre. Låntakaren kan få utsett betalinga av terminbeløpa opp til 36 gonger for kvart låneforhold, slik at nedbetalingstida blir opp til tre år lengre. Eit låneforhold varer til lånet er innfridd.
    Betalingsutsetjing kan likevel ikkje gå ut over rammene for nedbetalingstid i kapittel 3.

    Merknad
    Dersom det er sletta renter for ein periode der det først berre er gitt utsetjing, tel ikkje utsetjinga med i samla tid etter § 7-1.

    § 7-1 a. Utsetjing med betalinga av terminbeløpa under utbrotet av Covid-19 i 2020

    Under utbrotet av Covid-19 i 2020 har låntakar rett til utsetjing med betalinga av terminbeløp ut over grensa på tre år i § 7-1 første ledd.
    Betalingsutsetjing kan likevel ikkje gå ut over rammene for nedbetalingstid i kapittel 3.

    Merknad
    I forskrift om endring i forskrift om tilbakebetaling av utdanningslån 2020, ble ny § 7-1 a fastsett 29.05.2020 med verking frå same dato.

    § 7-2. Utsetjing med betalinga av terminbeløpa ved sletting av renter

    Ein låntakar som oppfyller krava til sletting av renter, har rett til utsetjing med betalinga av terminbeløpa i den same perioden.
    Dersom det er sannsynleg at låntakaren vil få innvilga ein søknad om sletting av renter for ein periode, kan det bli gitt betalingsutsetjing for denne perioden. Dette gjeld sjølv om formues- og inntektsskatten for perioden ikkje er fastsett.
    Betalingsutsetjing kan likevel ikkje gå ut over rammene for nedbetalingstid i kapittel 3.

    Merknad
    Dersom ein låntakar i løpet av eit fastsettingsår (likningsår) har fått sletta renter og utsatt betalinga, kan somme av betalingsutsetjingane bli rekna inn under § 7-2. Berre utsetjingar som fell inn i ein dokumentert årsaksperiode, kan bli rekna inn under § 7-2. Utsetjingar blir gitt for like mange månader som det er sletta renter.

    Merknad
    Ved søknad om betalingsutsetjing utover grensa i § 7-1, kan det i første omgang bli gitt betalingsutsetjing når det er sannsynleg at renter kan bli sletta. Låntakaren må leggje ved dokumentasjon som viser at årsaksvilkåret er oppfylt, og dokumentasjon på bruttoinntekta i perioden. I tillegg må låntakaren oppgi forventa brutto årsinntekt. For låntakarar i Norge, hentar Lånekassen inn opplysningar om inntekt frå a-ordninga.

    Dersom det tidlegare er gitt betalingsutsetjing etter dette punktet og det i ettertid viser seg at låntakaren ikkje hadde rett til å få sletta renter, er hovudregelen at vi ikkje kan gi fleire utsetjingar.

    Merknad
    Låntakere som har gjennomført utdanning på fulltid uten støtte fra Lånekassen, når det kunne ha vore gitt støtte etter forskrifta om utdanningsstøtte, kan (etter søknad) få betalingsutsetjing etter dette punktet tilsvarande betalingspausen etter reglane i § 4-1.

    Kapittel 8. Sletting av renter

    § 8-1. Vilkår for sletting av renter

    Renter blir sletta for ei viss tid dersom låntakaren i den same perioden har inntekt under grensene i § 8-2 og § 8-3 og har oppfylt vilkår i § 8-4 eller § 8-5.
    Fulltidsutdanning kan også gi rett til sletting av renter. Sjå § 8-6.
    Renter blir sletta på etterskott og for heile månader. Med månad er meint ein periode på 30 dagar.

    Merknad
    Låntakaren kan ha rett til å få sletta renter for heile eller delar av perioden med dokumentert årsak. Dersom person- og kapitalinntekta fører til at låntakaren ikkje får rentefritak for heile perioden, blir renter sletta frå starten av perioden og framover, i så mange månader som låntakaren har rett til å få sletta renter.

    Merknad
    Også sletting av renter under sjølvfinansiert utdanning blir gitt på etterskott. Sjå §§ 8-5 og 8-6.

    Merknad
    Med ein månad er meint ein periode som går frå ein dato i éin kalendermånad til og med same dato i neste kalendermånad, minus éin dag. Dersom forholdet eller forholda som gir rett til å få sletta renter, strekkjer seg over meir enn 14 dagar av ein månad, blir rentene for denne månaden sletta. Dersom forholdet varer 14 dagar eller kortare i ein månad, blir det ikkje sletta renter for denne månaden.

    Merknad
    Lånekassen legg til grunn belasta renter i den perioden renter skal slettast. Også eventuelt for mykje belasta rentesrenter blir sletta. Beløpet blir trekt frå gjelda til låntakaren og blir postert i samsvar med posteringsrekkefølgja i § 4-3, med unntak av at beløpet ikkje blir postert mot ein eventuell gebyrsaldo og kostnader.

    Merknad
    Beløpet som blir sletta blir ikkje utbetalt, bortsett frå dersom gjelda er innfridd. Beløp under kr 50 blir ikkje refundert automatisk.

    Merknad
    Oppteningstida for å få sletta renter blir rekna frå og med den datoen lånet blei sett renteberande og til og med den datoen lånet eventuelt ikkje er rentebærande.

    § 8-2. Krav til eiga inntekt

    Ein låntakar som har hatt ei person- og kapitalinntekt per år som er under ei grense i tabellen nedanfor, kan få sletta rentene for så mange månader som er knytte til inntektsgrensa i tabellen, dersom minst eitt av vilkåra i § 8-4 eller § 8-5 var oppfylt desse månadene.

    Person- og kapitalinntekt per år, i kroner

    Tal på månader med rett til sletting av renter

    2017

    2018

    2019

    2020

    318 516

    328 071

    338 733

    350 927

    1

    313 255

    322 653

    333 139

    345 132

    2

    307 995

    317 235

    327 545

    339 337

    3

    302 734

    311 816

    321 950

    333 540

    4

    297 474

    306 398

    316 356

    327 745

    5

    292 212

    300 978

    310 760

    321 947

    6

    286 953

    295 562

    305 168

    316 154

    7

    281 692

    290 143

    299 573

    310 358

    8

    276 431

    284 724

    293 978

    304 561

    9

    271 171

    279 306

    288 383

    298 765

    10

    265 910

    273 887

    282 788

    292 968

    11

    260 650

    268 470

    277 195

    287 174

    12


    Inntektsgrensene i tabellen blir heva med eit fast beløp for kvart barn som låntakaren har forsørgd, til og med det året barnet fyller 16 år. For 2020 blir inntektsgrensa heva med 15 561 kroner for kvart barn. For 2019 blir inntektsgrensa heva med 15 020 kroner for kvart barn. For 2018 blir inntektsgrensa heva med 14 547 kroner for kvart barn. For 2017 blir inntektsgrensa heva med 14 123 kroner for kvart barn.

    Merknad
    Når inntektsgrensa skal aukast på grunn av barn, er desse borna omfatta:
    - barn av låntakaren, også barn som låntakaren betaler bidrag for
    - barn av låntakaren sin ektefelle som bur saman med låntakaren minst 40 prosent av tida
    - barn av låntakaren sin sambuar som bur saman med låntakaren minst 40 prosent av tida, dersom låntakaren og sambuaren i tillegg har felles barn

    § 8-3. Krav til samla inntekt for låntakar og ektefelle, partnar eller sambuar

    Låntakarar som har fått eller adoptert barn, har hatt omsorgsarbeid, har sona i fengsel eller sikringsanstalt eller har vært i fulltidsarbeid med låg inntekt, kan ha rett til sletting av renter dersom dei i tillegg har hatt låg samla hushaldsinntekt. Den samla person- og kapitalinntekta per år for låntakaren og ektefellen, partnaren eller sambuaren med felles barn må ha vore under grensene i tabellen nedanfor.

     

    Samla person- og kapitalinntekt per år, i kroner

    Talet på barn

    2017

    2018

    2019

    2020

    0

    521 396

    537 038

    554 492

    574 454

    1

    549 665

    566 155

    584 555

    605 599

    2

    577 934

    595 272

    614 618

    636 744

    3

    606 203

    624 389

    644 681

    667 889

    4 eller fleire

    634 472

    653 506

    674 744

    699 034


    Inntektsgrensene i tabellen blir heva med eit fast beløp per år for kvart barn som låntakaren har forsørgd, til og med det året barnet fyller 16 år. For 2020 blir inntektsgrensa heva med 31 145 kroner for kvart barn. For 2019 blir inntektsgrensa heva med 30 063 kroner for kvart barn. For 2018 blir inntektsgrensa heva med 29 117 kroner for kvart barn. For 2017 blir inntektsgrensa heva med 28 269 kroner for kvart barn.

    § 8-4. Andre sosiale og økonomiske vilkår

    Ein låntakar som har hatt ei person- og kapitalinntekt per år under grensene i § 8-2 medan han eller ho oppfylte eit av krava i bokstavane ag, har rett til å få sletta renter for heile eller delar av den aktuelle perioden. For rett til å få sletta renter etter bokstav c, d, f eller g, må samla hushaldsinntekt i tillegg ha vore under grensene i § 8-3.

    a)Sjukdom eller arbeidsløyse
    Låntakaren var sjuk, registrert arbeidslaus eller mottakar av arbeidsavklaringspengar. Det er ein føresetnad at forholdet varte i minst tre månader samanhengande.
    b)Førstegongsteneste og utdanning i Forsvaret
    Låntakaren avtente førstegongsteneste i Noreg eller eit anna EØS-land, eller var elev ved ein militær skole. Det er ein føresetnad at forholdet varte i minst tre månader samanhengande.
    c)Fødsel eller adopsjon
    Låntakaren fekk barn og hadde omsorga for barnet etter fødselen. Låntakaren får sletta renter i opp til tolv månader frå fødselen. Låntakarar som adopterte barn under ti år, får sletta renter etter dei same reglane i opp til tolv månader frå adopsjonsdatoen.
    d)Omsorgsarbeid
    Låntakaren hadde over tre månader i strekk omsorg for nokon i den nærmaste familien. Dette gjeld uføre, menneske med nedsett funksjonsevne og eldre med stort pleiebehov.
    e)Økonomisk stønad etter sosialtjenesteloven
    Låntakaren hadde i over tre månader i strekk ikkje anna inntekt enn økonomisk stønad etter sosialtjenesteloven § 18. I slike tilfelle kan renter bli sletta for opp til 36 månader til saman.
    f)Fulltidsarbeid med låg brutto inntekt
    Låntakaren hadde i minst tolv månader i strekk fulltidsarbeid og samtidig låg gjennomsnittleg brutto månadsinntekt. Inntektsgrensa for 2020 er 17 039 kroner, for 2019 16 447 kroner, for 2018 15 929 kroner og for 2017 15 465 kroner. Låntakaren kan få sletta renter for opp til 36 månader til saman. Frivillig ulønt arbeid gir ikkje rett til sletting av renter.
    g)Soning
    Låntakaren sona i fengsel eller sikringsanstalt i minst tolv månader i strekk og hadde samtidig låg gjennomsnittleg brutto månadsinntekt. Inntektsgrensa for 2020 er 17 039 kroner, for 2019 16 447 kroner, for 2018 15 929 kroner og for 2017 15 465 kroner.

    Merknad
    Ein låntakar kan ha fleire årsaker som gir grunnlag for å få sletta renter etter § 8-4. Årsakene i bokstavene a, b, c og d kan kombinerast. Kvar av periodane, eller ein av dei, kan vare kortare enn tre månader. Dersom det ikkje er avbrott i tid mellom desse periodane, kan Lånekassen sjå dei i samanheng. Renter kan bli sletta for heile perioden. Vilkåret er at heile perioden er på minst tre månader. Oppteningstida blir rekna frå og med den datoen lånet blei sett renteberande og til og med den datoen lånet eventuelt ikkje er renteberande.

    Årsakene i bokstav e, f og g kan ikkje kombinerast med andre årsaker.

    Merknad til bokstav a
    Lånekassen hentar inn opplysningar om periodar med arbeidsavklaringspengar (AAP) og registrert arbeidsløyse direkte frå Nav. Opplysningar om AAP og arbeidsløyse blir henta inn for heile kalenderår, avhengig av kva år låntakaren søkjer om å få sletta renter for.

    For låntakarar som er busette i utlandet, kan andre former for dokumentasjon bli godtekne når det ikkje er råd å registrere seg ved ei arbeidsformidling.

    Merknad til bokstav a
    Som registrert arbeidsledig reknar vi også låntakarar som deltek i kvalifiseringsprogram og får kvalifiseringsstønad. Låntakarar som søkjer om å få sletta renter på dette grunnlaget, må sjølve dokumentere perioden.

    Låntakarar som bur saman med ektefellen i utlandet, og som kan dokumentere at han/ho ikkje har rett til arbeidsløyve, kan bli vurderte etter § 8-4 bokstav a.

    Låntakarar som ikkje er reelle arbeidssøkjarar, har ikkje rett til å få sletta renter. Det same gjeld arbeidssøkjarar som er registrerte som fullt sysselsette.

    Merknad til bokstav a
    Perioden med sjukdom må vere stadfesta av Nav. Dersom låntakaren ikkje har vore i arbeid, kan legeerklæring brukast som dokumentasjon. Dokumentasjonen må vise at låntakaren har vore heilt eller delvis ute av stand til å arbeide eller studere på grunn av sjukdom.

    Låntakarar som er uføre og som har fått sletta heile eller deler av gjelda, kan ikkje få sletta renter som er lagde til gjelda før delar av denne blei sletta. Låntakarar som er uføre, kan søkje om sletting av gjeld etter kapittel 12.

    Låntakarar som får 100 prosent uføretrygd, kan ikkje få sletta renter på grunn av sjukdom. Låntakarar som ikkje får 100 prosent uføretrygd, kan vurderast etter § 8-4.

    Merknad til bokstav c
    Sletting av renter ved fødsel kan bli gitt frå fødselen. Begge foreldra kan få sletta renter i opptil tolv månader etter fødselen.

    Merknad til bokstav d
    Ved omsorg for uføre, funksjonshemma eller eldre må omfanget av pleiebehovet vere på minst 50 prosent. Omfanget av pleiebehovet må dokumenterast med stadfesting frå lege, sosialkontor, helsestell eller annan faginstans.

    Låntakar som får overgangsstønad fordi barnet har behov for omsorg eller tilsyn utover det som er vanleg, kan få rentefritak etter § 8-4 bokstav d.

    Merknad til bokstav f
    Låntakarar som søkjer om sletting av renter etter denne bestemmelsen bør alltid sende inn kopi av skattefastsettinga (likning). Dette gjeld særskilt for låntakarar som har likning frå utlandet.

    Merknad til bokstav f
    Opphaldsløyve som au pair føreset ei maksimal arbeidstid på 30 timar per veke. Arbeid som au pair kvalifiserer derfor ikkje til sletting av renter etter denne regelen.

    Merknad til bokstav f
    Sjølvstendig næringsdrivande må sende inn stadfesting på registrert føretak i Brønnøysundregisteret. I tillegg må låntakaren dokumentere at ho/han har arbeidd fulltid. Dokumentasjonen kan vere i form av avtalar/timelister/lønnsslippar og liknande.

    Dersom låntakaren har hatt samanhengande fulltidsarbeid i heile kalenderåret, kan kopi av likningsutskrift bli brukt for å dokumentere gjennomsnittleg månadleg bruttoinntekt i kalenderåret.

    Merknad til bokstav f
    Frivillig ulønna arbeid gir ikkje rett til sletting av renter, sjølv om frivillig ulønna arbeid er kombinert med lønna deltidsarbeid. Dersom låntakaren er i eit arbeidsforhold på fulltid der det blir gitt ei eller anna form for godtgjering, f.eks. for kost og losji, blir søknaden behandla etter dette punktet dersom arbeidsforholdet varer i minst tolv månader. Dokumentasjon som viser kor lenge arbeidsforholdet har vart, må liggje føre.

    Merknad til bokstav f
    Forskingsstipend frå Noregs forskingsråd (NFR) blir sett på som arbeidsinntekt. Det same gjeld forskingsstipend som låntakaren får frå andre land. Søknader om sletting av renter under ph.d-utdanning i utlandet blir behandla etter reglane i § 8-6, dersom utdanninga gir rett til lån og stipend.  Søknaden kan bli behandla etter § 8-4 bokstav f dersom låntakaren ikkje kan få lån og stipend fordi han eller ho mottek støtte til livsopphold frå offentlege utdanningsstøtteordninger i andre land.

    § 8-5. Vilkår som gjeld deltidsutdanning, tillitsverv, permisjon frå studiet eller deltaking i Erasmus+

    Låntakarar som har hatt ei person- og kapitalinntekt per år som er under grensene i § 8-2, har rett til å få sletta renter for heile eller delar av den aktuelle perioden dersom han eller ho i perioden
    a)har bestått deltidsutdanning og dokumenterer å ha hatt rett til lån eller stipend etter forskrift om tildeling av utdanningsstøtte
    b)samtidig hadde tillitsverv på fulltid i ein landsomfattande elev- eller studentorganisasjon eller i tilknyting til ein utdanningsinstitusjon eller ein studentsamskipnad. Låntakaren kan i så fall få sletta renter for opp til tolv månader. Det er ein føresetnad at forholdet varte i minst tre månader samanhengande.
    c)har hatt permisjon frå studiet for å forske og får studentstipend frå Forskingsrådet
    d)samtidig deltok i programmet Erasmus+ i minst tre månader i strekk

    Merknad til bokstav a
    Dersom låntakaren har fått støtte til deltidsutdanninga, kan sletting av renter bli vurdert for støtteperioden også før utdanninga er endeleg avslutta. Låntakaren kan få sletta renter også ved forseinking, dersom han/ho har rett til å få utvida den normerte tida/årsblokkene etter reglane i kapittel 9 i forskrifta om utdanningsstøtte for det året søknaden gjeld.

    § 8-6. Fulltidsutdanning

    Ein låntakar som har bestått fulltidsutdanning og dokumenterer å ha hatt rett til lån eller stipend etter forskrift om tildeling av utdanningsstøtte, har rett til å få sletta renter for så lang tid som det kunne ha blitt gitt lån eller stipend. Sletting av renter på dette grunnlaget blir ikkje behovsprøvd mot inntekt.

    Merknad
    Låntakaren må dokumentere at ho/han har vore fulltidsstudent. Låntakaren blir rekna som fulltidsstudent dersom ho/han dokumenterer å ha følgt utdanningsprogrammet på fulltid. Det kan ikkje bli sletta renter utover normert tid eller årsblokkene i forskrifta om utdanningsstøtte. Ved vurderinga av samla periode for rentefritak reknar vi med periodar låntakaren har fått støtte og/eller rentefritak på grunn av utdanning.

    Låntakaren kan få sletta renter også ved forseinking, dersom han/ho har rett til å få utvida den normerte tida/årsblokkene etter reglane i forskrifta om utdanningsstøtte for det året søknaden gjeld. Sletting av renter kan derfor først bli vurdert når låntakaren har avslutta utdanningsprogrammet.

    Utdanningsprogrammet og avslutninga av det blir vurdert på bakgrunn av kunden sine opplysningar om planlagt utdanningsprogram, normert tid for programmet, og planlagd avslutning av det enkelte programmet.

    Merknad
    Utanlandske statsborgarar, med unntak av statsborgarar frå EU- og EØS-land, som tek sjølvfinansiert utdanning i land utanfor Norden, har ikkje rett til sletting av renter utover det som går fram av kapittel 2 i forskrifta om utdanningsstøtte.

    Merknad
    Ved ph.d-utdanning i utlandet (utanlandsk grad) bruker Lånekassen den tidsnormeringa som gjeld for den aktuelle godkjende utdanninga, teken på fulltid i vedkommande land.

    Merknad
    Låntakarar som er forsørgde av barnevernet og har fått avslag på søknad om støtte etter § 10-3 i forskrifta om utdanningsstøtte, kan likevel få sletta renter etter dette punktet dersom han eller ho er i ei fulltidsutdanning som gir rett til støtte.

    § 8-7. Krav til dokumentasjon

    Den som søkjer om sletting av renter, skal dokumentere både inntekta i den aktuelle perioden og at dei andre sosiale og økonomiske vilkåra var oppfylte. Lånekassen hentar inn opplysningar om person- og kapitalinntekt i Noreg direkte frå skatteetaten. Låntakaren må sjølv sende inn dokumentasjon av brutto inntekt per månad, sjå § 8-4 bokstavane f og g.
    Dersom låntakaren dokumenterer at ei trygde- eller pensjonsyting er opptent i ein tidlegare periode enn det året ho blei utbetalt og skattlagd, og krev ei vurdering av søknaden om sletting av renter på dette grunnlaget, skal trygde- eller pensjonsytinga fordelast på dei åra ytinga blei opptent. Den nye årsinntekta skal leggjast til grunn både for å avgjere ein ny søknad om sletting av renter og for ei ny prøving av eventuelle tidlegare vedtak om sletting av renter.

    Merknad
    All skattbar inntekt skal reknast med. Om inntekta er skattbar eller ikkje, er regulert i skattelovgivinga.

    Merknad
    Når inntekta er oppgitt i framand valuta, blir gjennomsnittleg valutakurs for det aktuelle likningsåret brukt for å finne inntekta som det skal behovsprøvast mot.

    Merknad
    Inntektsgrunnlaget for låntakarar som er busette i utlandet, er det same som for låntakarar i Noreg. Inntekt som ikkje er skattepliktig i Noreg, blir ikkje rekna med i bruttoinntekta. Det kan ikkje bli sett bort frå beløp som gir rett til frådrag ved skattelikninga i landet der låntakaren er skattepliktig. Låntakaren må sjølv dokumentere inntekta i utlandet.

    § 8-8. Søknadsfrist

    I 2020 er det mogleg å søkje om sletting av renter for perioden frå og med 1. januar 2017. Krav om sletting av renter som gjeld forhold før 1. januar 2017, vil ikkje bli behandla. Det kan gjerast unntak frå søknadsfristen i særlege tilfelle.
    Låntakarar som tek utdanning, må søkje om sletting av renter seinast tre år etter at utdanninga etter normert tid skulle ha vore ferdig.

    Merknad
    Spørsmål om rentefritak som gjeld forhold før 1. januar 2017 , kan bli behandla dersom Lånekassen openbert har forsømt behandlings- eller opplysningsplikta. Dersom vedtaket er gjort på grunnlag av feilaktige opplysningar som har hatt tyding for innhaldet i vedtaket, kan Lånekassen også ta opp saka til ny vurdering. Låntakaren må sende inn dokumentasjon som viser dei faktiske forholda, og at dei låg føre på vedtakstidspunktet.