Hopp til innhold

Hopp til login

Språkmeny

    Hovedmeny

    Tredje delen. Sletting av gjeld

    Sist oppdatert: 14.02.2018

    Kapittel 9. Sletting av gjeld for låntakarar i Finnmark og utvalde kommunar i andre fylke

    § 9-1. Vilkår for å få sletta gjeld

    Låntakarar kan få sletta delar av utdanningsgjelda dersom dei har vore busette og yrkesaktive i Finnmark eller i ein av kommunane Lyngen, Storfjord, Kåfjord, Skjervøy, Nordreisa, Kvænangen eller Karlsøy i Nord-Troms i ein oppteningsperiode på tolv månader. I særlege tilfelle kan ordninga òg omfatte låntakarar som i ei kort tid har hatt arbeid ein annan stad.
    Utan omsyn til bustad omfattar ordninga òg låntakarar som i tolv månader i strekk har vore yrkesaktive legar i desse kommunane:
    Troms: Gratangen, Ibestad, Torsken og Berg
    Nordland: Tysfjord, Rødøy, Nesna, Bø, Øksnes, Evenes, Vega, Flakstad, Moskenes og Andøy
    Trøndelag: Leka, Fosnes, Røyrvik, Høylandet og Lierne
    Møre og Romsdal: Aure

    § 9-2. Sletting av gjeld

    Gjeld kan slettast med ti prosent per år rekna av lånesummen ved avslutta utdanning, men ikkje med meir enn kr 25 000 eller mindre enn kr 2000 per år.
    Berre renteberande lån inngår i summen. Dersom gjeld er sletta etter at lånet er gjort renteberande, blir summen redusert tilsvarande. Det same skjer dersom låntakaren har fått lån eller stipend som han eller ho ikkje hadde rett til. Summen blir ikkje endra dersom lån blir gjort om til stipend etter at lånet er gjort renteberande.

    § 9-3. Vilkår for å bli rekna som yrkesaktiv

    Som yrkesaktiv i oppteningsperioden reknar ein den som gjennom oppteningsperioden
    a)hadde arbeid tilsvarande minst 50 prosent av fulltidsarbeid
    b)hadde fulltidsarbeid i minst seks månader og var registrert som arbeidssøkjar til fulltidsarbeid i resten av perioden
    c)hadde omsorg for barn født i 2008 eller seinare eller hadde særleg tyngjande omsorgsplikter i den nærmaste familien
    d)hadde studiepermisjon med lønn eller stipend tilsvarande minst 50 prosent av full stilling, dersom lønna blei betalt av ein arbeidsgivar i Finnmark eller i ein av dei utvalde kommunane i Nord-Troms
    e)var tilsett i transportsektoren, på skip, på oljeleitingsfartøy eller på faste installasjonar på kontinentalsokkelen og samtidig blei rekna som busett etter § 9-5
    f)hadde arbeid som lege i ein av dei utvalde kommunane nemnde i § 9-1 andre ledd og blei rekna som yrkesaktiv av fylkeslegen.
    Den tida ein låntakar er sjukmeld, blir rekna med i oppteningsperioden.

    Merknad
    Låntakaren blir rekna som yrkesaktiv dersom gjennomsnittleg yrkesaktivitet i oppteningsperioden utgjer minst 50 prosent. Låntakaren må ha vore yrkesaktiv i heile perioden.

    Merknad til bokstav b
    Registrert arbeidsløyse i oppteningsperioden gir ikkje rett til ettergiving når låntakaren har rett til støtte under utdanning.

    Merknad til bokstav b
    Ein låntakarar som deltek i arbeidsmarknadstiltak i regi av Nav, blir rekna som registrert arbeidsledig.

    Merknad til bokstav c
    Omsorg for barn gjeld egne barn låntakaren bur saman med minst 40 prosent av tida. Vi godtek gjennomsnittsutrekning.

    Med "særleg tyngande omsorgsplikter" er det til vanleg meint fulltidsomsorg for ein person som er ufør, funksjonshemma eller alderssvekt. Omfanget av pleiebehovet må vere stadfest av lege, sosialkontor, helsestell eller annan faginstans. Dersom pleiebehovet ikkje tilsvarer omsorg på fulltid, må låntakaren i tillegg vere yrkesaktiv/arbeidssøkjar.

    Merknad til bokstav d
    Studiepermisjon som blir teken ut over lengre tid med redusert lønn, gir opptening for ein periode som tilsvarer det tidsrommet låntakaren har rett til permisjon med full lønn. Det er ikkje et krav at låntakaren er busett i regionen i den tida han/ho har studiepermisjon.

    Merknad til bokstav e
    Busette i regionen med eit arbeid som gjer at dei må utføre arbeid både i og utanfor regionen, kan bli vurderte etter denne regelen.

    § 9-4. Låntakarar som ikkje blir rekna som yrkesaktive

    Låntakaren blir ikkje rekna som yrkesaktiv i den aktuelle perioden dersom han eller ho
    a)fekk eller kunne fått lån eller stipend frå Lånekassen til fulltidsutdanning, har vore i førstegongsteneste eller i utdanning ved ein militær skole
    b)hadde omsorg for barn født i 2008 eller seinare eller hadde særleg tyngjande omsorgsplikter i den nærmaste familien, og samtidig var meir enn 50 prosent yrkesaktiv utanfor Finnmark og dei utvalde kommunane i Nord-Troms
    c)fekk arbeidsavklaringspengar, med mindre han eller ho samtidig har oppfylt vilkår for yrkesaktivitet etter § 9-3.

    § 9-5. Vilkår for å bli rekna som busett

    Låntakaren blir rekna som busett i Finnmark eller i ein av dei utvalde kommunane i Nord-Troms i oppteningsperioden berre dersom han eller ho gjennom oppteningsperioden hadde både faktisk og folkeregistrert bustad på staden.
    Dersom det er dokumentert at låntakaren faktisk var busett og yrkesaktiv på staden, kan Lånekassen i særlege tilfelle slette gjeld sjølv om låntakaren ikkje hadde folkeregistrert adresse på staden i heile oppteningsperioden.

    § 9-6. Krav til oppteningsperioden

    Oppteningsperioden er tolv samanhengande månader. Sletting av gjeld skjer etter at oppteningsperioden er ute.
    Oppteningsperioden startar den datoen låntakaren blir rekna som yrkesaktiv og som busett. For låntakarar som held fram med å arbeide etter den første oppteningsperioden og framleis blir rekna som busette, blir seinare oppteningsperiodar rekna frå dagen etter at den første oppteningsperioden er ute.
    Dersom oppteningsperioden blir avbroten på grunn av førstegongsteneste eller utdanning, kan det gjerast unntak frå kravet om samanhengande oppteningsperiode. Ved avbrot på grunn av utdanning kan det gjerast unntak berre éin gong og for opp til eitt år.
    Dersom oppteningsperioden går over fleire kalenderår, skal forskrifta som gjaldt ved starten av perioden brukast, med mindre reglane blir endra til fordel for låntakaren.

    Merknad
    Dersom oppteningsperioden blir avbroten på grunn av førstegongsteneste eller utdanning, kan den opptente tiden før tenesta eller utdanninga bli rekna med i oppteningsperioden. Det er ikkje eit krav at utdanninga gir rett til støtte.

    § 9-7. Sletting av gjeld for lærarar i grunnskolen

    Kvalifiserte lærarar i grunnskolen som har vore yrkesaktive i grunnskolen i Finnmark eller dei utvalde kommunane i Nord-Troms, kan få sletta inntil kr 20 000 ekstra av gjelda i året. Gjeld slettast utan omsyn til bustad.
    Med kvalifiserte lærarar i grunnskolen er meint dei som oppfyller kompetansekrava for tilsetting av undervisningspersonell i grunnskolen etter opplæringslova § 10-1 og tilhøyrande forskrift.
    Låntakaren må ha vore yrkesaktiv i undervisningsstilling i grunnskolen i tolv samanhengande månader. Oppteningsperioden startar tidlegast frå og med 1. august 2017.
    Reglane i kapittelet her gjeld så langt dei passar.

    § 9-8. Innbetalingar

    I den første oppteningsperioden skal låntakaren betale avdrag, renter og eventuelle gebyr. I seinare oppteningsperiodar skal låntakaren ikkje betale avdrag, men alle rentene og eventuelle gebyr som er lagde til, skal betalast.
    Har låntakaren betalt avdrag på lånet etter den første oppteningsperioden, blir beløpet berre refundert dersom låntakaren ber om det. Krav om refusjon må setjast fram innan tre år etter at avdraget er betalt.

    Merknad
    Terminbeløpa som forfell i løpet av dei tolv første månedene etter utløpet av oppteningsperioden, blir sette til rentesaldoen på forfallsdato. Terminbeløpa kan likevel ikkje vere større enn dei beløpa låntakaren har etter den ordinære betalingsplanen.

    Låntakaren blir varsla etter den ordinære betalingsplanen når han eller ho ikkje lenger har rett til ettergiving, eller ikkje søkjer om ny ettergiving.

    Merknad
    Etter kvar ettergiving blir innfriingstidspunktet i betalingsplanen justert. Terminbeløpa blir ståande etter den gjeldande betalingsplanen. Etter søknad kan terminbeløpa bli justerte, slik at låntakaren får behalde den opphavelege nedbetalingstida

    Merknad
    Låntakar som har fylt 65 år, treng bare betale renter frem til han eller ho ikkje lenger har rett til sletting av gjeld.

    § 9-9. Sletting av gjeld ved misleghalden betalingsplikt

    Når det er sendt varsel om oppseiing av lånet, kan ein søknad om sletting av gjeld ikkje behandlast før det forfalne terminbeløpet er betalt, med mindre det kan gjevast betalingsutsetjing.
    Forfalne terminbeløp som skulle ha vore betalte før den første oppteningsperioden er ute, blir ikkje sletta. Det blir gjort unntak dersom låntakaren har rett til betalingsutsetjing.

    Merknad
    Ein låntakar som har misleghalde betalingspliktene sine overfor Lånekassen, slik at lånet er oppsagt på tidspunktet for ettergiving, kan få rett til ettergiving for den delen av lånet som ikkje har forfalle til betaling, dersom det er inngått ein betalingsavtale som blir følgd.

    § 9-10. Søknadsfrist

    Søknad om sletting av gjeld må sendast inn etter kvar ny oppteningsperiode, med ny dokumentasjon. Søknaden må vere motteken i Lånekassen seinast tre månader etter at oppteningsperioden er ute.

    Merknad
    Søknad om ettergiving må sendast på eige skjema. Søknaden kan sendast via nettet eller på papir.

    Kapittel 10. Sletting av gjeld for låntakarar som har fullført visse lærarutdanningar

    § 10-1. Sletting av gjeld etter visse lærarutdanningar

    Låntakarar som har fullført visse lærarutdanningar, kan få sletta opp til kr 50 000 av gjelda. Det går fram av § 10-2, § 10-3, § 10-4 og § 10-5 kva utdanningar som er omfatta.
    Gjeld blir ikkje sletta meir enn éin gong for kvar lærarutdanning.

    § 10-2. Realfag

    Ordninga omfattar låntakarar som har fullført ei av desse utdanningane:
    a)integrert masterprogram i lærarutdanning med spesialisering i realfag
    b)toårig fagdidaktisk masterprogram for lærarar som tek spesialisering i realfag
    c)praktisk-pedagogisk utdanning, etter fullført mastergrad eller hovudfag i biologi, fysikk, geofag, informasjonsteknologi, kjemi, matematikk eller teknologiske fag eller fullført sivilingeniørutdanning
    d)praktisk-pedagogisk utdanning, etter fullført ingeniørutdanning.

    § 10-3. Framandspråk

    Ordninga omfattar låntakarar som har fullført ei av desse utdanningane:
    a)integrert masterprogram i lærarutdanning med spesialisering i framandspråk
    b)toårig fagdidaktisk masterprogram for lærarar som tek spesialisering i framandspråk
    c)praktisk-pedagogisk utdanning, etter fullført mastergrad eller hovudfag i framandspråk.
    Nordisk og norsk blir ikkje rekna som framandspråk etter denne ordninga.

    § 10-4. Samisk som ein del av utdanninga

    Ordninga omfattar låntakarar som har tatt minst 60 studiepoeng i eit samisk språk som ein del av ei av desse utdanningane:
    a)samisk allmennlærarutdanning eller samisk grunnskolelærarutdanning
    b)samisk barnehagelærarutdanning
    c)allmennlærarutdanning eller grunnskolelærarutdanning.

    § 10-5. Samisk i tillegg til anna utdanning

    Ordninga omfattar låntakarar som har tatt minst 60 studiepoeng i eit samisk språk i tillegg til ei av desse utdanningane:
    a)praktisk-pedagogisk utdanning
    b)barnehagelærarutdanning.

    § 10-6. Søknadsfrist

    Søknad om sletting av gjeld må vere kommen inn til Lånekassen seinast seks månader etter at låntakaren har teke siste eksamen i den utdanninga som gir grunnlag for sletting av gjeld.
    Lånekassen kan gjere unntak frå fristen dersom det er særlege grunnar til at søknadsfristen ikkje kan bli halden.

    Kapittel 11. Sletting av gjeld for låntakarar som har fullført grunnskolelærarutdanning eller lektorutdanning

    § 11-1. Vilkår for å få sletta gjeld

    Låntakarar kan få sletta delar av utdanningsgjelda dersom dei har fullført grunnskolelærarutdanning for trinn 1-7 eller for trinn 5-10 eller lektorutdanning for trinn 8-13 på normert tid. Låntakaren må òg ha vore yrkesaktiv i ei undervisningsstilling i grunnskolen eller i den vidaregåande opplæringa i ei oppteningsperiode etter avslutta utdanning. Ordninga omfattar låntakarar som starter grunnskolelærarutdanning eller lektorutdanning frå og med 2017-2018.
    Utan omsyn til fullføring på normert tid omfattar ordninga òg låntakarar som har fullført grunnskolelærarutdanning for trinn 1-7 eller for trinn 5-10 eller lektorutdanning for trinn 8-13, og som i oppteningsperioden har arbeidd i grunnskolen eller i den vidaregåande opplæringa i Nordland, Troms eller Finnmark.

    § 11-2. Sletting av gjeld

    Gjeld kan slettast med kr 106 000 for låntakarar som har fullført grunnskolelærarutdanning for trinn 1-7 på normert tid.
    Gjeld kan slettast med kr 51 000 for låntakarar som har fullført grunnskolelærarutdanning for trinn 5-10 eller lektorutdanning for trinn 8-13 på normert tid.
    Gjeld kan slettast med kr 55 000 for låntakarar som har fullført
    grunnskolelærarutdanning for trinn 1-7 eller for trinn 5-10 eller lektorutdanning, og som i oppteningsperioden har vore yrkesaktiv i ei undervisningsstilling i grunnskolen eller i den vidaregåande skolen i Nordland, Troms eller Finnmark.
    Låntakarar som har rett til sletting av gjeld etter første eller andre ledd kan òg ha rett til sletting av gjeld etter tredje ledd dersom vilkåra for dette er til stades.

    § 11-3. Unntak frå kravet om fullføring på normert tid

    Låntakeren kan få sletta gjeld etter § 11-2 første eller andre ledd sjølv om utdanninga ikkje blei gjennomført på normert tid, dersom årsaka til at låntakaren brukte lengre tid var
    a)funksjonshemming i studiesituasjonen, jf. § 9-3 andre ledd i forskrift om tildeling av utdanningsstøtte
    b)at låntakaren har fått barn i utdanningsperioden
    c)at låntakaren blei forseinka på grunn av sjukdom
    d)at låntakaren samtidig hadde tillitsverv på fulltid i minst tre månader i strekk i ein landsomfattande studentorganisasjon, eller i tilknyting til ein utdanningsinstitusjon eller ein studentsamskipnad

    § 11-4. Krav til oppteningsperioden

    Låntakaren må ha vore yrkesaktiv i ei undervisningsstilling på minst 50 prosent i grunnskolen eller i den vidaregåande opplæringa i minst tre av dei seks første åra etter avslutta utdanning.

    § 11-5. Søknadsfrist

    Søknad om sletting av gjeld må vere kommen inn til Lånekassen seinast seks månader etter at oppteningsperioden er ute.

    Kapittel 12. Sletting av gjeld for låntakarar som er uføre eller får alderspensjon

    § 12-1. Rett til sletting av gjeld for låntakarar som får uføretrygd

    Ein låntakar som har minst 50 prosent varig nedsett inntektsevne og får uføretrygd eller eller ei tilsvarande yting frå ei utanlandsk trygdeordning, kan ha rett til å få sletta gjelda heilt eller delvis dersom person- og kapitalinntekta i 2018 er 445 539 kroner eller lågare. Kravet til varig nedsett inntektsevne er berre 40 prosent dersom låntakaren fekk arbeidsavklaringspengar heilt fram til vedtaket om uføretrygd.
    Låntakaren har rett til å få sletta gjeld etter tabellen nedanfor.

    Tabell for 2018 over inntektsgrenser, ny gjeld og nytt terminbeløp etter sletting av gjeld

    Person- og kapitalinntekt per år

    Ny gjeld

    Nytt terminbeløp

    kr             0-308 993

    kr 0

    kr 0

    kr 308 994-343 028

    kr 62 447

    kr 666

    kr 343 029-375 998

    kr 72 826

    kr 800

    kr 375 999-410 792

    kr 83 356

    kr 943

    kr 410 793-445 539

    kr 93 735

    kr 1 075


    Inntektsgrensene i tabellen blir heva med kr 14 547 per år for kvart barn som låntakaren forsørgjer, til og med det året barnet fyller 16 år. Inntekt som er registrert på barna til låntakaren, blir ikkje rekna med.
    Søknaden om sletting av gjeld blir behandla etter vilkåra som gjeld i det året Lånekassen får søknaden. Dette gjeld også dersom vedtaket om uføretrygd er frå før søknadsåret.
    Lånekassen hentar inn opplysningar om person- og kapitalinntekt frå skatteetaten.

    Merknad
    Søknader om ettergiving blir vurdert etter forskrifta som gjeld det året Lånekassen har fått ein dokumentert søknad (med unntak av likningsopplysningar frå skatteetaten for det året søknaden gjeld). Det vil seie at ein søknad som er motteken før 31.12.2018, blir vurdert ut ifrå inntektsgrensa som gjeld for 2018, sjølv om vedtaket om varig uførleik er gjort i eit tidlegare år. Søknaden kan ikkje bli behandla ferdig før Lånekassen får inntektsopplysningar for det året som søknaden er motteken i. Det vil seie at søknader som har komme inn i 2018, ikkje kan bli behandla ferdig før Lånekassen får likningsopplysningar frå skatteetaten for inntektsåret 2018. Desse opplysningane får vi i 2019.

    Merknad
    Lånekassen innhenter dokumentasjon på person- og kapitalinntekt i Noreg direkte fra skatteetaten.

    Merknad
    Ettergiving skal vurderast på bakgrunn av avklara og varig inntekt. Inntektsforholdet må derfor vere endeleg avklara før ettergiving kan bli vurdert. Dersom det er sannsynleg at låntakaren vil få heile eller ein del av gjelda ettergitt, kan låntakaren få betalingsutsetjing medan saka er til behandling.

    Merknad
    Ettergivinga blir fastsett i samsvar med brutto inntekt per år (summen av trygde- og arbeidsinntekter osv.). Uføretrygda må vere innvilga før gjelda kan bli ettergitt.

    Merknad
    Ved nedskriving (delvis ettergiving) blir først kostnader, gebyr, rentesaldo og deretter lånesaldoen redusert.

    Merknad
    Når inntektsgrensa skal aukast på grunn av barn, er desse borna er omfatta:
    - barn av låntakaren, også barn som låntakaren betaler bidrag for
    - barn av låntakaren sin ektefelle som bur saman med låntakaren minst 40 prosent av tida
    - barn av låntakaren sin sambuar som bur saman med låntakaren minst 40 prosent av tida, dersom søkjaren og sambuaren i tillegg har felles barn

    Barnet må vere registrert i folkeregisteret.

    Merknad
    Det blir sett bort fra barnetillegg og barnepensjon som låntakaren får for barn over 16 år.

    Merknad
    Innbetalingar som er gjorde før søknaden om ettergiving er motteken i Lånekassen, blir ikkje refunderte. Låntakarar med månadlege betalingsavtalar/trekk i trygdeutbetalingar kan få refundert innbetalingar som er gjorde etter at søknaden om ettergiving er kommen inn til Lånekassen. Utlegg som er tekne i etterbetaling av trygdeytingar, kan bli refunderte når låntakaren har rett til ettergiving.

    Studiegjeld som er innfridd, blir ikkje refundert sjølv om låntakaren seinare blir ufør.

    Innbetalinger som er gjort før søknaden om ettergivelse er mottatt i Lånekassen, blir ikke refundert.

    § 12-2. Sletting av gjeld for låntakarar som har vore arbeidsuføre i minst seks år

    Ein låntakar som har vore arbeidsufør samanhengande i dei siste seks åra og framleis er heilt arbeidsufør, kan få gjelda sletta etter dei same inntektsgrensene som i § 12-1. Det er ein føresetnad at låntakaren ikkje har fått arbeidsavklaringspengar eller ei tilsvarande yting frå ei utanlandsk trygdeordning i perioden. Det blir berre tatt omsyn til periodar med arbeidsuførleik frå og med den siste datoen lånet blei gjort renteberande.

    Merknad
    Sjukdom, inntekt og at låntakaren er arbeidsufør, må dokumenterast. Det blir ikkje teke omsyn til periodar med arbeidsuførleik som ligg før den datoen lånet sist blei sett renteberande.

    § 12-3. Sletting av gjeld på grunn av alderspensjon

    Dersom låntakaren får alderspensjon frå folketrygda eller ei tilsvarande pensjonsordning i utlandet, kan gjelda i særlege tilfelle bli sletta heilt eller delvis.
    At låntakaren har fylt 65 år eller har betalt ned på lånet i 20 år, gir ikkje aleine grunnlag for å slette gjeld.

    Merknad
    Låntakaren må dokumentere inntekta og formuen. Dette må dokumenterast for både låntakaren og ein eventuell ektefelle/partnar eller sambuar med felles barn. Gjelda blir ettergitt eller nedskriven etter dei same inntektsgrensene som i § 15-1.

    § 12-4. Oppheving av vedtak om sletting av gjeld når låntakaren får lån eller stipend

    Dersom låntakaren får lån eller stipend etter forskrift om tildeling av utdanningsstøtte, blir vedtaket om sletting av gjeld oppheva. Renter som er sletta, blir ikkje lagde til igjen. Er vedtaket om sletting av gjeld gjort for meir enn ti år sidan, blir det ikkje oppheva.

    Merknad
    Vedtaket om ettergiving blir ikkje oppheva ved søknad om ny støtte dersom gjelda er avskriven fordi låntakaren var ufør og låntakaren på avskrivingstidspunktet var i gjeldsordning eller i ein gjeldsforhandlingsperiode etter reglane i gjeldsordningsloven, og gjeldsordninga er gjennomført.