Hopp til innhold

Hopp til login

Språkmeny

    Hovedmeny

    Første delen. Renter og tilbakebetaling

    Sist oppdatert: 14.02.2018

    Kapittel 1. Innleiande føresegner

    § 1-1. Verkeområde

    Forskrifta gjeld tilbakebetaling av utdanningslån som er gitt etter utdanningsstøtteloven og forskrift om tildeling av utdanningsstøtte.
    Forskrifta gir reglar om
    -renter og tilbakebetaling
    -betalingsutsetjing og sletting av renter
    -sletting av gjeld
    -misleghalden gjeld som er permanent overført til Statens innkrevjingssentral
    -tap av rettar

    § 1-2. Personleg gjeld og sletting av gjeld når låntakaren døyr

    Utdanningsgjelda er personleg gjeld og kan ikkje bli overdratt til andre.
    Døyr låntakaren, blir gjelda sletta.

    § 1-3. Opplysningsplikta til låntakaren

    Låntakaren pliktar å gi rette og fullstendige opplysningar og skal melde frå dersom noko av det som er nemnt i søknaden, endrar seg.
    Låntakaren skal så snart som råd etter flytting melde adresseendring til Lånekassen eller til folkeregisteret. Låntakarar som er busette i utlandet, må melde adresseendring direkte til Lånekassen.

    Kapittel 2. Renter

    § 2-1. Kva tid det blir lagt renter til utdanningslånet

    Utdanningslånet er rentefritt under utdanninga. Det blir lagt til renter frå det første månadsskiftet etter at låntakaren ikkje lenger får lån eller stipend etter forskrifta om utdanningsstøtte.
    Når låntakaren får lån eller stipend til deltidsutdanning, blir det lagt renter til gjeld frå tidlegare utdanning.
    Stipendbeløp som blir omgjort til lån etter behovsprøving etter forskrifta om utdanningsstøtte, får tillagt renter frå datoen for omgjeringa. Renter blir likevel ikkje lagde til før lånet blir sett renteberande etter § 2-1 første ledd.

    Merknad
    Med gjeld frå tidlegare utdanning meiner vi gjeld frå både fulltids- og deltidsutdanning.
    Dersom utdanninga låntakaren fekk opptak til (ved opphavleg oppstart) er lagd opp som ein kombinasjon av fulltids- og deltidsutdanning, blir lånet til fulltidsdelen av utdanninga likevel ikkje rekna som gjeld frå tidlegare utdanning. Det blir ikkje rekna renter av dette lånet under deltidsutdanninga.
    Dersom låntakaren går direkte over frå fulltidsutdanning til ny deltidsutdanning, blir det rekna renter på gjelda frå fulltidsutdanninga. Det same gjeld ved påbygging, dersom påbygginga kan bli rekna som ny deltidsutdanning.

    § 2-2. Flytande og fast rente

    Lån i Lånekassen har flytande rente så sant låntakaren ikkje inngår avtale om å binde renta.
    Annankvar månad tilbyr Lånekassen fast rente for periodar på tre, fem eller ti år.

    § 2-3. Renter ved forseinka betaling

    Det blir rekna renter etter forsinkelsesrenteloven av det forfalne beløpet frå dagen etter betalingsfristen, og av heile lånet frå den datoen lånet er oppsagt på grunn av misleghald.

    Merknad
    Dersom låntakaren kjem à jour med betalinga, blir oppseiinga av lånet oppheva, og det blir ikkje lenger lagt til forseinkingsrenter.

    § 2-4. Utrekning av rente

    Utgangspunktet for rentesatsane i Lånekassen er ei basisrente som er fastsett av Finanstilsynet i samsvar med forskrift til utfylling og gjennomføring mv. av skatteloven av 26. mars 1999 nr. 14 § 5-12-5. Basisrenta blir fastsett med utgangspunkt i uttrekk av prisar på bustadlån frå Finansportalen gjennom ein observasjonsperiode. Basisrenta er lik gjennomsnittet av dei fem lågaste prisane på bustadlån på kvart observasjonstidspunkt i observasjonsperioden. Observasjonsperiodane startar ved årsskiftet.
    Flytande basisrente blir fastsett på grunnlag av to månaders observasjon av tilbod om bustadlån med flytande rente. Ny flytande rente tek til å gjelde to månader etter avslutta observasjonsperiode.
    Fast basisrente blir fastsett på grunnlag av éin månads observasjon av tilbod om bustadlån med den same rentebindingstida som i avtalen om fast rente på utdanningslånet. Ny fast rente tek til å gjelde éin månad etter avslutta observasjonsperiode.
    Lånekassen fastset dei nominelle rentene på lånet til låntakaren. Desse blir rekna ut frå basisrenta minus 0,15 prosentpoeng. Formelen for å rekne ut den nominelle renta er slik:



    Teiknforklaring:

     

     

    rn

    årleg nominell rente i prosent

    re

    basisrenta minus 0,15 prosentpoeng (årleg effektiv rente i prosent før gebyr)

    n

    tolv, som er talet på betalingsterminar per år


    Når effektiv rente skal reknast ut, kjem i tillegg gebyr ved varsling og for sein betaling, og gebyr og kostnader ved innkrevjing, sjå kapittel 4.
    Dei nominelle og effektive rentene blir oppgitte med tre desimalar.
    Rentebelastning skjer på etterskott med ei nominell perioderente som svarer til den årlege nominelle renta dividert på 365 eller 366 dagar.
    Etter kvart forfall blir det rekna renter av renter som ikkje er betalte. Det blir også rekna renter av renter som er lagde til gjelda i perioden frå lånet blir gjort renteberande og fram til første terminforfall, og i periodar med betalingsutsetjing.
    For låntakarar som har lån frå før 1. juli 1985, blir det ikkje rekna renter av rentegjeld som er opparbeidd før 1. januar 1990.
    Det blir ikkje rekna renter av renter som er lagde til på grunn av forseinka betaling, sjå § 2-3.

    Merknad
    Når det blir rekna renter for tidlegare periodar, bruker Lånekassen den rentesatsen som gjaldt i dei aktuelle periodane.

    § 2-5. Avtale om fast rente

    Låntakaren kan søkje om fast rente på lånet for ein periode på tre, fem eller ti år. Det er ikkje høve til å binde renta på berre ein del av lånet.
     Tabellen viser dei periodane låntakaren kan søkje om fast rente, og kva dato renta gjeld frå:

    Søknadsperiode

    Renta gjeld frå

    10.–17. februar

    1. mars

    10.–17. april

    1. mai

    10.–17. juni

    1. juli

    10.–17. august

    1. september

    10.–17. oktober

    1. november

    10.–17. desember

    1. januar

    Merknad
    Inngåing av fastrenteavtale i Lånekassen er ikkje omfatta av reglane om angrerett i finansavtaleloven. Låntakaren kan derfor ikkje trekkje tilbake søknaden om fast rente etter at ein avtale er inngått, sjølv om søknadsfristen ikkje er ute. Eit eventuelt avbrott av avtalen må skje i samsvar med avtalevilkåra, det vil seie at første høve til å avbryte ein inngått avtale, er i den neste søkjeperioden for fast rente.

    § 2-6. Unntak frå retten til å inngå avtale om fast rente

    Desse låntakarane kan ikkje inngå avtale om fast rente:
    a)låntakarar under 18 år
    b)låntakarar som har kortare nedbetalingstid enn avtaleperioden
    c)låntakarar som får lån eller stipend til fulltidsutdanning
    d)låntakarar i deltidsutdanning som får lån eller stipend frå Lånekassen og har eit renteberande lån frå tidlegare utdanning
    e)låntakarar med oppsagt lån
    f)låntakarar i gjeldsordning

    Låntakarar som har sagt opp avtalen om fast rente før bindingstida er gått ut, kan ikkje inngå ny avtale om fast rente før to månader etter oppseiinga.

    § 2-7. Berekning av rentetap eller rentegevinst

    Det blir rekna rentetap eller rentegevinst ved
    a)ekstra innbetalingar, sjå § 2-8
    b)oppseiing av fastrenteavtalen, sjå § 2-9
    c)oppheving av fastrenteavtalen, sjå § 2-10.

    Rentetap eller rentegevinst blir rekna etter reglane i forskrift 7. mai 2010 nr. 654 om kredittavtaler mv. § 9. På betalingstidspunktet reknar Lånekassen ut ei rente for resten av avtaletida. Denne renta er det vekta gjennomsnittet av renta på dei to tilboda om fastrentelån i Lånekassen som rekna i bindingstid ligg nærmast lånet til låntakaren, det eine med kortare og det andre med lengre bindingstid enn den resterande avtaletida. Dersom den ekstra innbetalinga blir gjord på ei tid då det finst tilbod om fast rente, skal renta på desse tilboda brukast. Dersom det ikkje finst noko tilbod om fast rente når den ekstra innbetalinga skjer, skal Lånekassen sine siste tilbod om fastrente brukast. Er det mindre enn tre år att av nedbetalingstida, bruker Lånekassen den flytande renta på innbetalingstidspunktet og Lånekassen sitt siste tilbod om tre års fastrente til å rekne ut ei gjennomsnittleg rente.

    Dersom den vekta renta er lågare enn den renta låntakaren har avtalt, blir rentetapet lagt til gjelda til låntakaren.
    Dersom den vekta renta er høgare enn den renta låntakaren har avtalt, blir rentegevinsten trekt frå gjelda til låntakaren.

    § 2-7 tredje og fjerde ledd endret ved endringsforskrift fastsett av Kunnskapsdepartementet 4. april 2018. Endringene trådte i kraft straks.

     

    Merknad
    Låntakaren må betale rentetapet sjølv om gjelda er innfridd før rentetapet blir utrekna.

    Dersom lånet er innfridd vil rentegevinsten bli utbetalt.

    Beløp under kr 1,50 vil ikkje bli belasta kontoen og kravd tilbakebetalt. Beløp under kr 1,50 vil heller ikkje bli godskrive og refundert.

    Merknad til 2.ledd
    Det blir ikkje gitt fritak for rentetap som er utrekna i periodar låntakaren har fått sletta renter.

    § 2-8. Ekstra innbetaling på lån med fast rente

    Ved ekstra innbetaling på lån med fast rente blir det rekna rentetap eller rentegevinst etter § 2-7 på den delen av innbetalinga som overstig terminbeløp, gebyr, kostnader og renter som er rekna etter forsinkelsesrenteloven.

    Merknad
    Ekstra innbetalingar over 50 kroner utløyser ei utrekning av rentetap eller rentegevinst. Vurderinga av om ei innbetaling kan bli definert som «ekstra innbetaling» eller ikkje, skjer kvar gong ei innbetaling blir postert på kontoen til låntakaren.

    § 2-9. Oppseiing av avtale om fast rente

    Låntakaren kan seie opp avtalen om fast rente. Tabellen viser tidspunktet for overgang til flytande rente, ut frå når oppseiinga kom inn til Lånekassen:

    Søknadstidspunkt

    Renta gjeld frå

    Før 17. februar

    1. mars

    Før 17. april

    1. mai

    Før 17. juni

    1. juli

    Før 17. august

    1. september

    Før 17. oktober

    1. november

    Før 17. desember

    1. januar


    Dersom låntakaren seier opp avtalen om fast rente i avtaleperioden, blir det rekna rentetap eller rentegevinst etter § 2-7.
    Dersom låntakaren seier opp fastrenteavtalen i bindingstida, kan ikkje renta bindast på nytt før det har gått to månader. I mellomtida er renta flytande.

    § 2-10. Oppheving av fastrenteavtale når det blir gitt lån eller stipend frå Lånekassen

    Avtalen om fast rente blir oppheva dersom låntakaren begynner i fulltids- eller deltidsutdanning i avtaleperioden og får lån eller stipend frå Lånekassen. Renta blir flytande den første dagen i månaden etter at avtalen er oppheva. Det blir rekna rentetap eller rentegevinst i samsvar med reglane i § 2-7.

    § 2-11. Oppheving av fastrenteavtale ved permanent overføring til Statens innkrevingssentral

    Avtalen om fast rente blir oppheva dersom gjelda blir overført permanent til Statens innkrevingssentral, sjå kapittel 13.
    Det blir ikkje rekna rentetap eller rentegevinst.

    Kapittel 3. Nedbetaling og terminbeløp

    § 3-1. Nedbetalingstid og terminbeløp

    Den lengste nedbetalingstida er 20 år frå lånet blir gjort renteberande siste gong. Når ein låntakar får utsett betalinga for ein periode, blir nedbetalingstida til vanleg gjord tilsvarande lengre. Den lengste nedbetalingstida er 30 år.
    Utdanningslånet skal betalast etter annuitetsprinsippet. Terminbeløpa blir fastsette på grunnlag av 20 års nedbetalingstid for lån over kr 251 000. I særlege tilfelle kan Lånekassen fastsetje terminbeløpa på ein annan måte.
    Lånet skal vere nedbetalt innan låntakaren fyller 65 år. For låntakarar over 45 år blir terminbeløpa auka slik at nedbetalingstida blir maksimalt 20 år.
    Terminbeløpet blir justert når rentesatsen blir endra.

    § 3-2. Betalingsplan

    Lånekassen sender ut ein betalingsplan når lånet er gjort renteberande etter § 2-1.
    Ein låntakar som har fått betalingsplan og deretter har fått lån eller stipend til ny utdanning, får ny betalingsplan for den samla gjelda.

    § 3-3. Ekstra innbetaling

    Låntakarar som har flytande rente, kan innfri gjelda eller betale ned raskare og med større beløp enn det som er fastsett i betalingsplanen, utan ekstra kostnader.
    For låntakarar som har fast rente etter § 2-5, vil ekstra innbetaling i avtaleperioden føre til at det blir rekna rentetap eller rentegevinst etter § 2-7 og § 2-8.
    Ekstra innbetalingar kan berre refunderast i særlege tilfelle.

    Merknad
    Kundar som har lån som skal bli gjort om til stipend, og som innfrir heile gjelda før siste omgjering er utført, kan få refundert stipendbeløpet. Dette gjeld berre for kundar som har fått støtte i den perioden som blir behovsprøvd.

    Kapittel 4. Rekning og gebyr

    § 4-1. Betaling av rekning

    Utdanningsgjelda skal nedbetalast månadleg.
    Låntakaren får den første rekninga om lag sju månader etter at lånet er gjort renteberande, sjå § 2-1.
    Ein låntakar som får lån eller stipend til deltidsutdanning og allereie har ein betalingsplan for lån, skal betale etter denne planen. Når låntakaren ikkje lenger får lån eller stipend, får han eller ho ny betalingsplan for heile gjelda. Låntakaren får ikkje nokon betalingspause som nemnd i andre leddet.
    Terminbeløpet skal betalast sjølv om låntakaren ikkje har fått rekninga.

    § 4-2. Gebyr ved rekning på papir og ved purring

    Det blir lagt til eit gebyr på 18 kroner for låntakarar som får rekning på papir. Låntakarar som ikkje kan bruke elektronisk varsling på grunn av dokumentert synshemming, slepp dette gebyret.
    Ved den første purringa blir det lagt til eit gebyr på 280 kroner.
    Ved den andre purringa blir eit gebyr på 490 kroner lagt til det første gebyret. Den andre purringa er eit varsel om oppseiing av heile gjelda.

    § 4-3. Prioriteringsrekkefølgje ved innbetaling og kostnader ved betalinga

    Ei innbetaling dekkjer, i denne rekkefølgja: eventuelle inkassokostnader, gebyr, renter og lån.
    Låntakaren skal dekkje kostnadene ved betaling av gjelda, til dømes gebyr ved betaling frå utlandet.

    Kapittel 5. Misleghald av betalingsplikta

    § 5-1. Følgjer av å ikkje betale etter den andre purringa

    Dersom låntakaren ikkje betaler innan fristen i den andre purringa, gjer Lånekassen vedtak om oppseiing av lånet, slik at heile gjelda forfell til betaling. Statens innkrevjingssentral tek over innkrevjinga.
    Det blir rekna renter etter forsinkelsesrenteloven av hovudstolen og kapitaliserte renter frå oppseiingsdatoen.
    Oppseiinga blir oppheva dersom låntakaren betaler eller får betalingsutsetjing for dei forfalne ubetalte terminbeløpa. Når oppseiinga blir oppheva, trekkjer Lånekassen saka tilbake frå Statens innkrevjingssentral, og låntakaren får igjen rekningar frå Lånekassen.

    Merknad
    Utleggspant som er teke i eigendelane til låntakaren før saka blir tilbakekalla, blir ståande. Spørsmål om utleggspant skal rettast til Statens innkrevjingssentral.

    § 5-2. Avtale om betaling av misleghalden gjeld

    Dersom låntakaren ikkje betaler heile det ubetalte terminbeløpet, kan Statens innkrevjingssentral og låntakaren inngå betalingsavtale for det forfalne beløpet.

    § 5-3. Tvangsinnkrevjing

    Krav om tilbakebetaling av utdanningsgjeld er tvangsgrunnlag for utlegg. Ved vesentleg misleghald kan Statens innkrevjingssentral som særnamsmann gjennomføre utleggsforretning for heile gjelda etter reglane i tvangsfullbyrdingsloven. Statens innkrevjingssentral kan også sende kravet om utlegg til namsmannen på staden.
    Dersom dei forfalne terminbeløpa blir betalte, kan innkrevjinga bli stansa.

    Merknad
    Klage på for lågt eller for høgt lønnstrekk , eller anna som gjeld utleggsforretninga , skal rettast til Statens innkrevjingssentral.

    § 5-4. Låntakarar som bur i utlandet

    Dersom låntakaren er busett i utlandet, kan Statens innkrevjingssentral krevje inn gjelda der låntakaren bur. Statens innkrevjingssentral kan bruke inkassobyrå, advokat eller rettsapparatet. Innkrevjinga kan bli stansa dersom dei forfalne terminbeløpa blir betalte, sjølv om saka er oversend til inkassobyrå eller advokat.

    § 5-5. Gebyr og kostnader

    Låntakaren kan bli belasta gebyr og kostnader knytte til tilbakebetaling og innkrevjing av gjelda.

    § 5-6. Permanent overføring til Statens innkrevjingssentra

    Gjelda til låntakaren kan bli permanent overført til Statens innkrevjingssentral når ho har vore oppsagd i tre år.
    Ei permanent overføring av gjelda til Statens innkrevjingssentral fører til tap av rettar etter denne forskrifta og etter forskrifta om tildeling av utdanningsstøtte.

    § 5-7. Gjeld som ikkje blir permanent overført til Statens innkrevjingssentral

    Gjelda blir ikkje permanent overført til Statens innkrevjingssentral dersom eit av desse vilkåra er til stades:
    a)Låntakaren har ei frivillig eller tvungen betalingsordning.
    b)Låntakaren har betalt inn eit beløp tilsvarande minst seks terminbeløp dei siste tolv månadene.
    c)Låntakaren sannsynleggjer at den noverande situasjonen gir rett til betalingsutsetjing, sletting av renter eller sletting av gjeld.
    d)Det finst særlege grunnar til ikkje å overføre gjelda.
    Krav om unntak må vere grunngitt og sett fram innan den fristen som er oppgitt i varselet om permanent overføring av gjelda til Statens innkrevjingssentral. Krav om unntak som kjem etter at gjelda er permanent overført, blir ikkje behandla.

    Merknad
    For å gjere sannsynleg at den noverande situasjonen gir rett til betalingslette etter kapittel 8, må låntakaren sende inn dokumentasjon som viser at han er i ein situasjon som kan gi rett til sletting av renter for ein periode på éin månad eller lenger.

    For å gjere sannsynleg at den noverande situasjonen gir rett til betalingslette etter kapittel 12, må låntakaren sende inn kopi av pensjonsbrevet frå Nav trygd som viser at han har fått innvilga varig uføretrygd. I tillegg må låntakaren oppgi samla forventa bruttoinntekt for inneverande år.

    Merknad
    Dersom låntakaren dokumenterer å ha rett til betalingslette i delar av dei tre siste åra, men den noverande situasjonen ikkje gir rett til lette, er det ein føresetnad for å unngå ei permanent overføring, at det også blir inngått ein betalingsavtale.

    Merknad
    Låntakaren misser ikkje rettar etter § 5-6 dersom han inngår ein betalingsavtale med Lånekassen. Betalingsavtalen blir følgd opp av SI.

    Dersom det skyldige terminbeløpet blir betalt før Lånekassen gjer vedtak om permanent overføring av kravet, blir kravet ikkje overført.

    Kapittel 6. Gjeldsordning og gjeld som er uråd å drive inn

    § 6-1. Utanrettsleg gjeldsordning ved økonomiske vanskar

    Låntakarar med økonomiske vanskar kan søkje om utanrettsleg gjeldsordning. Søknaden skal rettast til Statens innkrevjingssentral. Søknaden skal innehalde dokumenterte opplysningar om inntekta, formuen, gjelda og levekostnadene til låntakaren, og det skal stå kor mange barn han eller ho har. Søknaden skal innehalde tilsvarande opplysningar om ektefellen eller sambuaren i tillegg til anna som kan ha noko å seie for saka.

    § 6-2. Gjeldsordning etter gjeldsordningsloven

    Låntakarar med økonomiske vanskar kan søkje om gjeldsordning etter gjeldsordningsloven. Søknaden skal rettast til Statens innkrevjingssentral.

    § 6-3. Lån eller stipend i periodar med gjeldsforhandling og gjeldsordning

    I gjeldsforhandlingsperioden og i gjeldsordningsperioden kan låntakaren som hovudregel ikkje få nytt lån eller stipend, med mindre dette er avtalt i ordninga. Misleghald kan føre til avslag på søknad om nytt lån eller stipend.

    § 6-4. Sletting av gjeld som er uråd å drive inn

    Lån, renter og kostnader kan bli sletta når det er uråd å drive inn gjelda. Søknaden skal rettast til Statens innkrevjingssentral. Søknaden skal innehalde dokumenterte opplysningar om inntekta, formuen, gjelda og levekostnadene til låntakaren, og det skal stå kor mange barn han eller ho har. Søknaden skal innehalde tilsvarande opplysningar om ektefellen eller sambuaren i tillegg til anna som kan ha noko å seie for saka.
    I vurderinga av søknaden skal det leggjast vekt på om betalingsevna er varig sterkt nedsett, og kor lenge misleghaldet har vart. Det skal også leggjast vekt på kva tiltak som har vore gjennomførte i saka, og kva tiltak som vil vere mest tenlege for innkrevjinga i framtida. Låntakaren kan ikkje få sletta gjeld dersom det vil verke støytande for andre låntakarar og samfunnet elles.

    § 6-5. Innskrenka klagerett

    Låntakaren har ikkje klagerett etter reglane i forvaltningsloven på avgjerder i saker om betalingsordning utanfor gjeldsordningsloven eller i saker om sletting av gjeld som Lånekassen ser det som uråd å drive inn.