Hopp til innhold

Hopp til login

Språkmeny

    Hovedmeny

    Fjerde delen. Gjeld som er permanent overført til Statens innkrevjingssentral

    Sist oppdatert: 14.02.2018

    Kapittel 13. Gjeld som er permanent overført til Statens innkrevjingssentral og gjeldsordningar

    § 13-1. Betalingsvilkår

    Krav om tilbakebetaling av utdanningsgjeld som er permanent overført til Statens innkrevjingssentral, får lagt til renter etter den rentesatsen som blir fastsett for lån med flytande rente i Lånekassen.
    Ei innbetaling dekkjer, i denne rekkefølgja: inkassokostnader, gebyr, renter og lån.

    Merknad
    Krav som blir overførte til Statens innkrevjingssentral, får lagt til renter etter den rentesatsen som blir fastsett for lån i Lånekassen etter §§ 2-3 og 2-4.

    § 13-2. Myndigheitsutøvinga til Statens innkrevjingssentral

    Statens innkrevjingssentral er kreditor for utdanningsgjeld som er permanent overført frå Lånekassen.
    Krav om tilbakebetaling av utdanningsgjeld er tvangsgrunnlag for utlegg. Som særnamsmann kan Statens innkrevjingssentral halde utleggsforretning for heile gjelda etter reglane i tvangsfullbyrdingsloven. Statens innkrevjingssentral kan òg sende krav om utlegg til namsmannen på staden.

    § 13-3. Gjeldsordning etter gjeldsordningsloven

    Låntakarar med økonomiske vanskar kan søkje om gjeldsordning etter gjeldsordningsloven. Søknaden skal rettast til Statens innkrevjingssentral.

    § 13-4. Utanrettsleg gjeldsordning

    Når Lånekassen har overført utdanningsgjeld permanent til Statens innkrevjingssentral, kan Statens innkrevjingssentral inngå avtale om utanrettsleg gjeldsordning.
    Ein søknad om utanrettsleg gjeldsordning skal ha med dokumenterte opplysningar om inntekta, formuen, gjelda og levekostnadene til låntakaren, og det skal stå kor mange barn han eller ho har. Søknaden skal innehalde tilsvarande opplysningar om ektefellen eller sambuaren i tillegg til anna som kan ha noko å seie for saka.
    Reglane i gjeldsordningsloven gjeld som utfyllande regelverk.

    § 13-5. Sletting av gjeld

    Statens innkrevjingssentral kan slette lån, renter og kostnader dersom låntakaren har varig sterkt nedsett betalingsevne. Låntakaren kan ikkje få sletta gjeld dersom det vil verke støytande overfor andre låntakarar og samfunnet elles.
    Ein søknad om sletting av gjeld skal ha med dokumenterte opplysningar om inntekta, formuen, gjelda, og levekostnadene til låntakaren, og det skal stå kor mange barn han eller ho har. Søknaden skal innehalde tilsvarande opplysningar om ektefellen eller sambuaren i tillegg til anna som kan ha noko å seie for saka.
    Døyr låntakaren, blir gjelda sletta.

    § 13-6. Innskrenka klagerett

    Låntakaren har ikkje rett til å klage etter reglane i forvaltningsloven på avgjerder i saker om sletting av gjeld på grunn av varig sterkt nedsett betalingsevne.