Hopp til innhold

Hopp til login

Språkmeny

    Hovedmeny

    Femte delen. Sluttføresegner

    Sist oppdatert: 14.02.2018

    Kapittel 14. Tap av rettar

    § 14-1. Følgjer av brot på opplysningsplikta

    Dersom ein låntakar med vilje eller aktlaust har brote opplysningsplikta og såleis har fått eller prøvd å få utbetalt eller godskrive lån eller stipend som han eller ho ikkje har rett til, kan låntakaren misse retten til sletting av renter, betalingsutsetjing og sletting av gjeld. Lånekassen kan krevje beløpet tilbakebetalt og rekne renter frå det tidspunktet låntakaren fekk tildelt lån eller stipend. Heile gjelda kan seiast opp og krevjast inn.
    Dersom ein låntakar med vilje eller aktlaust har brote opplysningsplikta og såleis har fått sletta renter eller gjeld som han eller ho ikkje har rett til, kan låntakaren misse retten til betalingsutsetjing og sletting av renter og gjeld.
    I vurderinga av misleghaldet skal hovudvekta leggjast på kor lenge misleghaldet har vart, og kor mykje urettkommen lån eller stipend eller sletting av renter eller gjeld låntakaren har fått.

    § 14-2. Følgjer av misleghald av betalingsplikta

    Misleghald av betalingsplikta kan føre til avslag på søknad om lån eller stipend til ny utdanning etter forskrift om tildeling av utdanningsstøtte, og avslag på søknad om betalingsutsetjing, sletting av renter og gjeld.

    Kapittel 15. Ikraftsetjing

    § 15-1. Ikraftsetjing

    Forskrifta gjeld frå 1. januar 2018.