Hopp til innhold

Hopp til login

Språkmeny

    Hovedmeny

    På grunn av teknisk vedlikehold vil Dine sider, nettsøknadene og de andre innloggede tjenestene våre være utilgjengelige fra klokken 08:00 onsdag 25. april og til morgenen torsdag 26. Vi beklager ulempene det fører med seg.

    Fjerde delen. Ettergiving av utdanningsgjeld i 2017 for låntakarar som har fullført visse lærarutdanningar

    Sist oppdatert: 20.02.2017

    Kapittel 23. Ettergiving av utdanningsgjeld i 2017 for låntakarar som har fullført visse lærarutdanningar

    § 23-1. Realfag og framandspråk

    Ordninga omfattar låntakarar som fullfører ei av desse utdanningane i vårsemesteret eller haustsemesteret 2017:
    - integrert masterprogram i lærarutdanning med spesialisering i realfag eller framandspråk (bortsett frå nordisk/norsk)
    - toårig fagdidaktisk masterprogram for lærarar som tek spesialisering i realfag eller framandspråk (bortsett frå nordisk/norsk)
    - praktisk-pedagogisk utdanning (PPU), dersom låntakaren tidlegare har fullført mastergrad eller hovudfag i biologi, fysikk, geofag, informasjonsteknologi, kjemi, matematikk, teknologiske fag/sivilingeniørutdanning eller framandspråk, bortsett frå nordisk/norsk
    - praktisk-pedagogisk utdanning (PPU), dersom låntakaren tidlegare har fullført ingeniørutdanning.

    § 23-2. Samisk

    Ordninga omfattar låntakarar som fullfører 60 studiepoeng eller meir i samisk språk som del av ei av desse utdanningane i vårsemesteret eller haustsemesteret 2016:
    -samisk allmennlærarutdanning (Samisk høgskole)
    -samisk førskolelærarutdanning (Samisk høgskole)
    -60 studiepoeng samisk språk (alle samiske språk) som del av allmennlærarutdanning.

    Ordninga omfattar også låntakarar som tek ei av desse utdanningane:
    -60 studiepoeng samisk språk (alle samiske språk) dersom låntakaren tidlegare har fullført praktisk-pedagogisk utdanning (PPU)
    -praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) dersom låntakaren tidlegare har teke 60 studiepoeng i samisk språk (alle samiske språk)
    -60 studiepoeng samisk språk (alle samiske språk) dersom låntakaren tidlegare har fullført førskolelærarutdanning
    -fullført førskolelærarutdanning dersom låntakaren tidlegare har teke 60 studiepoeng samisk språk (alle samiske språk).

    § 23-3. Beløp for ettergiving

    Låntakarar som fyller vilkåra i § 23-1 eller § 23-2, kan få ettergitt utdanningsgjeld med opptil kr 50 000. Ettergiving blir ikkje gitt meir enn ein gong for same utdanninga.

    § 23-4. Søknadsfrist

    Søknad om ettergiving må vere kommen inn til Lånekassen seinast seks månader etter at eksamen er gjennomført.
    Lånekassen kan gjere unntak frå fristen dersom særlege forhold gjer at søknadsfristen ikkje kan bli halden.