Hopp til innhold

Hopp til login

Språkmeny

    Hovedmeny

    Tredje delen. Ettergiving av utdanningslån i 2016 for låntakarar som er busette i og utøver eit yrke i Finnmark og utvalde kommunar i andre fylke (regionen)

    Sist oppdatert: 08.03.2016

    Kapittel 18. Omfang

    § 18-1. Ettergiving av lån for yrkesaktive i Finnmark og somme kommunar i Nord-Troms

    Låntakarar som er yrkesaktive og busette i Finnmark eller i ein av kommunane Lyngen, Storfjord, Kåfjord, Skjervøy, Nordreisa, Kvænangen eller Karlsøy i Nord-Troms, kan søkje om å få lånet ettergitt med ti prosent per år, men maksimum kr 25 000 og minimum kr 2 000 per år, til lånet er nedbetalt.

    § 18-2. Ettergiving av lån for yrkesaktive legar i somme kommunar

    Ordninga omfattar også låntakarar som er yrkesaktive legar i desse kommunane:

    Troms:
    Gratangen, Ibestad, Torsken og Berg

    Nordland:
    Tysfjord, Rødøy, Nesna, Bø, Øksnes, Evenes, Vega, Flakstad, Moskenes og Andøy

    Nord-Trøndelag:
    Leka, Fosnes, Røyrvik, Høylandet og Lierne

    Møre og Romsdal:
    Aure

    Fylkeslegen avgjer kva for legar som er yrkesaktive i desse kommunane.
    Det er ikkje eit vilkår for ettergiving etter dette punktet at låntakaren er busett i kommunen.

    Kapittel 19. Krav til låntakaren

    § 19-1. Krav til dokumentasjon på at låntakaren er busett og yrkesaktiv i regionen

    Det er ein føresetnad at låntakaren, etter at lånet er sett renteberande etter § 1-1, dokumenterer å ha vore busett og yrkesaktiv i regionen i tolv samanhengande månader.
    Låntakarar som har vore yrkesaktive i regionen, men som i ei kort tid av oppteningsperioden har hatt arbeid utanfor regionen, kan i særlege tilfelle framleis bli omfatta av ordninga.

    Merknad
    Arbeidsforholdet må vere stadfest av arbeidsgivaren. Arbeidsstad, arbeidsperiode og stillingsprosent må gå fram av stadfestinga. Låntakarar som er sjølvstendig næringsdrivande, stadfester verksemda si med registreringsattest for firmaet i tillegg til for eksempel sjølvmelding/næringsoppgåve/revisorrapport.

    § 19-2. Vilkår for «busett»

    Med busett er meint ein låntakar som har hatt både faktisk og formelt folkeregistrert bustad.
    Dersom det er dokumentert at låntakaren faktisk har vore busett og yrkesaktiv i regionen, kan Lånekassen i særlege tilfelle vurdere ettergiving sjølv om låntakaren ikkje har hatt folkeregistrert adresse i regionen i heile oppteningsperioden.

    § 19-3. Definisjon av «yrkesaktiv»

    Som yrkesaktiv blir rekna:
    a) låntakar som har arbeid tilsvarande minst 50 prosent av fulltidsarbeid
    b) låntakar som har fulltidsarbeid i minst seks månader, og som er registrert som arbeidssøkjar til fulltidsarbeid i resten av oppteningsperioden
    c) låntakar som har omsorg for barn under ti år, eller har særleg tyngjande omsorgsplikter i den nærmaste familien. Som barn under ti år blir også rekna barn som fyller ti år i 2016
    d) låntakar som har studiepermisjon med lønn eller stipend tilsvarande minst 50 prosent av full stilling, der lønna blir betalt frå ein arbeidsgivar i regionen.
    Det tidsrommet ein låntakar er sjukmeld frå eit arbeidsforhold i regionen, blir rekna med i oppteningsperioden.
    Busette i regionen som er tilsette i transportsektoren, på skip, oljeleitingsfartøy eller faste installasjonar på kontinentalsokkelen, blir rekna som yrkesaktive i regionen når dei er skattepliktige der.

    Merknad
    Låntakaren blir rekna som yrkesaktiv dersom gjennomsnittleg yrkesaktivitet i oppteningsperioden utgjer minst 50 prosent. Låntakaren må ha vore yrkesaktiv i heile perioden.

    Merknad til bokstav b
    Registrert arbeidsløyse i oppteningsperioden gir ikkje rett til ettergiving når låntakaren har rett til støtte under utdanning.

    Merknad til bokstav b
    Ein låntakar som deltek i arbeidsmarknadstiltak i regi av Nav, blir rekna som registrert arbeidsledig.

    Merknad til bokstav c
    Omsorg for barn gjeld barn låntakaren bur saman med minst 40 prosent av tida. Vi godtek gjennomsnittsutrekning.

    Med "særleg tyngande omsorgsplikter" er det til vanleg meint fulltidsomsorg for ein person som er ufør, funksjonshemma eller alderssvekt. Omfanget av pleiebehovet må vere stadfest av lege, sosialkontor, helsestell eller annan faginstans. Dersom pleiebehovet ikkje tilsvarer omsorg på fulltid, må låntakaren i tillegg vere yrkesaktiv/arbeidssøkjar.

    Merknad til bokstav d
    Studiepermisjon som blir teken ut over lengre tid med redusert lønn, gir opptening for ein periode som tilsvarer det tidsrommet låntakaren har rett til permisjon med full lønn. Det er ikkje eit krav at låntakaren er busett i regionen i den tida han/ho har studiepermisjon.


    Merknad til 2. ledd
    Busette i regionen med eit arbeid som gjer at dei må utføre arbeid både i og utanfor regionen, kan bli vurderte etter denne regelen.

    § 19-4. Avgrensing av definisjonen av «yrkesaktiv»

    Låntakarar som er i førstegongsteneste eller i utdanning ved militære skolar, blir ikkje rekna som yrkesaktive.
    Ein låntakar som er omfatta av § 19-3 bokstav c, blir ikkje rekna som yrkesaktiv i regionen dersom han eller ho er minst 50 prosent yrkesaktiv utanfor regionen i oppteningsperioden.
    Ein mottakar av arbeidsavklaringspengar blir ikkje rekna som yrkesaktiv. Ein låntakar som får arbeidsavklaringspengar og samtidig oppfyller andre vilkår for yrkesaktivitet etter § 19-3, kan likevel bli rekna som yrkesaktiv.

    § 19-5. Avgrensing av retten til ettergiving

    Låntakarar i fulltidsutdanning som kan få støtte etter forskrift om tildeling av utdanningsstøtte, første delen, eller rentefritak etter kapittel 11, kan ikkje få ettergitt lån etter tredje delen.

    Kapittel 20. Oppteningsperiode for ettergiving

    § 20-1. Krav til samanhengande oppteningstid

    Oppteningstida skal vere tolv samanhengande månader.
    For låntakarar som begynner i arbeid i regionen, blir oppteningstida rekna frå den datoen vedkommande har starta i arbeidet.

    § 20-2. Unntak frå kravet om samanhengande oppteningstid

    Etter nærmare retningslinjer kan det bli gjort unntak frå kravet om samanhengande oppteningstid ved avbrot på grunn av førstegongsteneste og avbrot på grunn av utdanning. Ved avbrot på grunn av utdanning kan det bli gjort unntak éin gong og for opptil eitt år.

    Merknad
    Dersom oppteningsperioden blir avbroten på grunn av førstegongsteneste eller utdanning, kan den opptente tida før tenesta eller utdanninga bli rekna med i oppteningsperioden. Det er ikkje eit krav at utdanninga gir rett til støtte.

    § 20-3. Avgrensing av oppteningstida

    Låntakar som får støtte til fulltidsutdanning, kan ikkje få perioden med støtte rekna med i oppteningstida, sjølv om låntakaren samtidtig er yrkesakiv.

    § 20-4. Val av forskrift

    Dersom oppteningsperioden er fordelt på fleire kalenderår, skal forskriftene som gjaldt ved starten av oppteningsperioden nyttast, med mindre reglane blir endra til fordel for låntakaren.

    Kapittel 21. Ettergivingsreglar

    § 21-1. Tidspunktet for ettergiving

    Ettergivinga skjer etter avslutta oppteningsperiode.

    Merknad
    Utgangspunktet er den betalingsplanen som gjaldt per 01.01.88, eller seinare for låntakarar som har fått betalingsplan etter 01.01.88.

    Merknad
    Før terminbeløpa blir reduserte i samsvar med ettergivingsordninga, skal støtte som låntakaren ikkje hadde rett til, vere tilbakebetalt.

    § 21-2. Ettergivingsgrunnlaget

    Hovudstolen er ettergivingsgrunnlaget, det vil seie totalt lån ved avslutta utdanning. Dersom det seinare er ettergitt utdanningslån etter ordningar i kapittel 15 og fjerde delen, blir ettergivingsgrunnlaget redusert. Det same gjeld for utdanningsstøtte som låntakaren har fått utan å ha rett til det.
    Omgjeringar etter forskrift om tildeling av utdanningsstøtte som blir gjorde etter at betalingsplanen er fastsett fører ikkje til endring i ettergivingsgrunnlaget.
    Lån som ikkje er sett renteberande før oppteningsperioden er ute, kan ikkje inngå i grunnlaget for ettergiving.

    § 21-3. Avgrensing av ettergiving ved misleghalden betalingsplikt

    Avdrag som har forfalle til betaling før oppteningsperioden er ute, men som ikkje er betalt på tidspunktet for ettergiving, blir ikkje ettergitt med mindre låntakaren har rett til betalingsutsetjing for avdraget etter andre delen.

    § 21-4. Søknad om ettergiving etter varsel om oppseiing av gjelda

    Når det er sendt varsel om oppseiing av lånet, kan ein søknad om ettergiving ikkje bli behandla utan at det forfalne terminbeløpet blir betalt, eller at det kan bli gitt betalingsutsetjing etter andre delen.

    Merknad
    Ein låntakar som har misleghalde betalingspliktene sine overfor Lånekassen, slik at lånet er oppsagt på tidspunktet for ettergiving, kan få rett til ettergiving for den delen av lånet som ikkje har forfalle til betaling, dersom det er inngått ein betalingsavtale som blir følgd.

    § 21-5. Avdrag på lånet og refusjon

    Det skal ikkje betalast avdrag på lånet, men alle rentene som er lagde til, skal betalast. Terminbeløpa blir ikkje endra så lenge rentesaldoen ved forfall er like stor som det ordinære terminbeløpet. Betalte avdrag på lånet blir berre refundert dersom låntakaren ber om det. Krav om refusjon må setjast fram innan tre år etter at avdraget blei betalt.

    Merknad
    Terminbeløpa som forfell i løpet av dei tolv første månadene etter utløpet av oppteningsperioden, blir sette til rentesaldoen på forfallsdato. Terminbeløpa kan likevel ikkje vere større enn dei beløpa låntakaren har etter den ordinære betalingsplanen.

    Låntakaren blir varsla etter den ordinære betalingsplanen når han eller ho ikkje lenger har rett til ettergiving, eller ikkje søkjer om ny ettergiving.

    Merknad
    Etter kvar ettergiving blir innfriingstidspunktet i betalingsplanen justert. Terminbeløpa blir ståande etter den gjeldande betalingsplanen. Etter søknad kan terminbeløpa bli justerte, slik at låntakaren får behalde den opphavlege nedbetalingstida.

    Kapittel 22. Søknadsfrist og forelding

    § 22-1. Søknad om ettergiving

    Søknad om ettergiving må dokumenterast og sendast inn etter kvar ny oppteningsperiode. Søknaden må vere motteken i Lånekassen seinast tre månader etter at oppteningsperioden er ute, for at kravet ikkje skal bli forelda.

    Merknad
    Søknad om ettergiving må sendast på eige skjema. Søknaden kan sendast via nettet eller på papir.