Hopp til innhold

Hopp til login

Språkmeny

    Hovedmeny

    Første delen. Forrenting og tilbakebetaling av utdanningslån og tap av rettar

    Sist oppdatert: 08.03.2016

    Kapittel 1. Tidspunkt for forrenting av utdanningslånet og tilbakebetalingsplan

    § 1-1. Forrenting av utdanningslånet

    Utdanningslånet blir sett renteberande frå det første månadsskiftet etter at låntakaren har avslutta eller avbrote utdanninga, eller når låntakaren ikkje lenger har rett til støtte etter forskrift om tildeling av utdanningsstøtte, første og fjerde delen. Det blir også rekna renter når låntakaren er i utdanning, men ikkje får støtte, sjå kapittel 11.
    Gjeld frå tidlegare utdanning er renteberande når låntakaren er i deltidsutdanning.
    Når stipend blir omgjort til lån etter behovsprøving i samsvar med forskrift om tildeling av utdanningsstøtte kapittel 29, blir dette lånet rentebelasta frå den datoen beløpet er lagt til kontoen til låntakaren.

    Merknad
    Med gjeld frå tidlegare utdanning meiner vi gjeld frå både fulltids- og deltidsutdanning.
    Dersom utdanninga låntakaren fekk opptak til (ved opphavleg oppstart) er lagd opp som ein kombinasjon av fulltids- og deltidsutdanning, blir lånet til fulltidsdelen av utdanninga likevel ikkje rekna som gjeld frå tidlegare utdanning. Det blir ikkje rekna renter av dette lånet under deltidsutdanninga.
    Dersom låntakaren går direkte over frå fulltidsutdanning til ny deltidsutdanning, blir det rekna renter på gjelda frå fulltidsutdanninga. Det same gjeld ved påbygging, dersom påbygginga kan bli rekna som ny deltidsutdanning.

    § 1-2. Tilbakebetalingsplan

    Det blir sendt ut ein betalingsplan når lånet er sett renteberande.
    Ein låntakar som har fått betalingsplan og deretter har fått støtte til ny utdanning, får fastsett ny betalingsplan for den samla gjelda.

    Kapittel 2. Rentevilkår

    § 2-1. Utrekning av rente til og med 29. februar 2016

    Lån i Lånekassen har flytande rente så sant låntakaren ikkje inngår avtale om å binde renta.
    Utgangspunktet for å fastsetje rente på lån i Lånekassen er statens pårekna lånekostnader for tilsvarande rentebindingstid, med eit påslag på 1,25 prosentpoeng årleg effektiv rente. Staten har ei avgrensa mengd uteståande statspapir (lån som anten er statskassevekslar eller statsobligasjonar), og det vil ofte vere nødvendig å interpolere (finne ei vekta gjennomsnittsrente) mellom to statspapir. Lånekostnaden blir anslått ved å observere marknadskursen på Oslo Børs på slutten av dagen. Utrekninga av renta for ein bestemt observasjonsperiode byggjer på kursobservasjonar på dagar med oppgjer i denne perioden. Gjennomsnittet for alle daglege kursobservasjonar blir avrunda til nærmaste 0,1 prosentpoeng.
    Dei nominelle rentene på lånet til kunden blir rekna ut frå ei oppgitt årleg effektiv rente. Dei årlege effektive rentene før gebyr for faste og flytande renter blir utrekna av Finansdepartementet og publiserte på nettsidene til Lånekassen. Formelen for å rekne ut den årlege nominelle renta er slik:

    der:
    rn = årleg nominell rente i prosent
    re = årleg effektiv rente i prosent før gebyr
    n = talet på betalingsterminar per år
    Ved utrekninga av dei nominelle rentene skal det liggje til grunn at det er tolv terminar per år. Rentene blir oppgitte med tre desimalar. Det er Lånekassen som fastset dei nominelle rentene. Når effektiv rente på lånet til kunden skal reknast ut, kjem i tillegg gebyr med heimel i utdanningsstøtteloven § 8 og tilhøyrande forskrifter.
    Hovudstolen og kapitaliserte renter blir rentebelasta på etterskott, med ei nominell perioderente som tilsvarer den årlege nominelle renta dividert på 365 eller 366 dagar. Nye påløpte renter som ikkje er betalte før kvart terminforfall, blir kapitaliserte etter forfallet.
    Utgangspunktet for å fastsetje flytande rente er gjennomsnittet over to månader av observerte marknadsrenter på statspapir (statskassevekslar) der løpetida som står igjen, er frå null til tre månader. Observasjonsperiodane startar ved årsskiftet, og ny rente trer i kraft to månader etter avslutta observasjonsperiode.
    Lånekassen tilbyr fast rente annankvar månad for periodar på tre, fem eller ti år. Utgangspunktet for å fastsetje dei faste rentene er gjennomsnittet av observerte marknadsrenter i løpet av éin månad for statspapir (obligasjonar) med tilsvarande løpetid. Observasjonsperiodane startar ved årsskiftet, og ny rente trer i kraft éin månad etter avslutta observasjonsperiode. Til dømes er den faste renta frå 1. januar fastsett ut frå observasjonar i november. Ved avtale om binding av renta gjeld den aktuelle fastrenta frå éin månad etter avslutta observasjonsperiode.
    Det blir rekna renter etter forsinkelsesrenteloven av det forfalne beløpet frå dagen etter forfallsdato, og av heile lånet frå den datoen lånet er sagt opp på grunn av misleghald.

    § 2-2. Utrekning av rente frå og med 1. mars 2016

    Lån i Lånekassen har flytande rente så sant låntakaren ikkje inngår avtale om å binde renta.
    Utgangspunktet for å fastsetje rente på lån i Lånekassen er ei basisrente berekna av Finansdepartementet på grunnlag av gjennomsnittet av dei beste tilboda om bustadlån i marknaden. Vilkåra for uttrekk av lånetilbod og utrekning av gjennomsnittet er fastsette i forskrift 18. desember 2015 nr. 1768 om endring i forskrift til utfylling og gjennomføring mv. av skatteloven av 26. mars 1999 nr. 14. Med grunnlag i desse vilkåra fastset Finansdepartementet basisrentene for flytande og fast rente. Frå basisrenta blir det trekt 0,50 prosenteiningar for å komme fram til ei årleg effektiv rente både for fast og flytande rente.
    Dei nominelle rentene på lånet til kunden blir rekna ut frå den oppgitte årlege effektive renta. Formelen for å rekne ut den nominelle renta er slik:


    der:
    rn = årleg nominell rente i prosent
    re = årleg effektiv rente i prosent før gebyr, medrekna fratrekket på 0,50 prosenteiningar n = talet på betalingsterminar per år

    Ved utrekninga av dei nominelle rentene skal det liggje til grunn at det er tolv terminar per år. Rentene blir oppgitte med tre desimalar. Det er Lånekassen som fastset dei nominelle rentene. Når effektiv rente på lånet til kunden skal reknast ut, kjem i tillegg gebyr med heimel i utdanningsstøtteloven § 8 og tilhøyrande forskrifter.
    Hovudstolen og kapitaliserte renter blir rentebelasta på etterskott, med ei nominell perioderente som tilsvarer den årlege nominelle renta dividert på 365 eller 366 dagar. Nye påløpte renter som ikkje er betalte før kvart terminforfall, blir kapitaliserte etter forfallet.
    Utgangspunktet for å fastsetje flytande rente er observasjonar i løpet av to månader av tilbod om bustadlån med flytande rente. Observasjonsperiodane startar ved årsskiftet, og ny rente trer i kraft to månader etter avslutta observasjonsperiode.
    Lånekassen tilbyr fast rente annankvar månad for periodar på tre, fem eller ti år. Utgangspunktet for å fastsetje dei faste rentene er observasjonar i løpet av éin månad av tilbod om bustadlån med den same rentebindingstida. Observasjonsperiodane startar ved årsskiftet, og ny rente trer i kraft éin månad etter avslutta observasjonsperiode. Til dømes er den faste renta frå 1. mars fastsett ut frå observasjonar i januar. Ved avtale om binding av renta gjeld den aktuelle fastrenta frå éin månad etter avslutta observasjonsperiode.
    Det blir rekna renter etter forsinkelsesrenteloven av det forfalne beløpet frå dagen etter forfallsdato, og av heile lånet frå den datoen lånet er sagt opp på grunn av misleghald.

    Merknad
    Når det blir rekna renter for tidlegare periodar, bruker Lånekassen den rentesatsen som gjaldt i dei aktuelle periodane.
    Merknad
    Dersom låntakaren kjem à jour med betalinga, blir oppseiinga av lånet oppheva, og det blir ikkje lenger lagt til forseinkingsrenter.

    § 2-3. Binding av renta

    Renta kan bindast for ein periode på tre, fem eller ti år.
    Søknad om å binde renta må vere kommen inn til Lånekassen seinast 17 dagar etter avslutta observasjonsperiode.
    Ein låntakar som har inngått avtale om å binde renta, skal betale i samsvar med avtalen.
    Det er ikkje høve til å binde renta på berre ein del av lånet.

    Merknad til 2.ledd
    Observasjonsperiodene er januar, mars, mai, juli, september og november.

    Merknad til 3. ledd
    Inngåing av fastrenteavtale i Lånekassen er ikkje omfatta av reglane om angrerett i finansavtaleloven. Låntakaren kan derfor ikkje trekkje tilbake søknaden om fast rente etter at ein avtale er inngått, sjølv om søknadsfristen ikkje er ute. Eit eventuelt avbrott av avtalen må skje i samsvar med avtalevilkåra, det vil seie at første høve til å avbryte ein inngått avtale, er i den neste søkjeperioden for fast rente.

    § 2-4. Oppheving av rentebinding

    Dersom det ikkje er inngått ny avtale om å binde renta når avtaleperioden er ute, blir lånet forrenta etter reglane for flytande rente, sjå § 2-1 og § 2-2.
    Ved ekstra innbetaling på lån med fast rente blir det rekna over- og underkurs etter reglane i forskrift 7. mai 2010 nr. 654 om kredittavtaler mv. § 9. Utgangspunktet er årlege effektive renter, avrunda til éin desimal før gebyr, utrekna av Finansdepartementet og publiserte på nettsidene til Lånekassen. Dei årlege effektive rentene før gebyr vil gå fram av låneavtalen til kunden.
    Ved utrekning av det vekta gjennomsnittet av renta for to tilsvarande lån med ei kortare og lengre bindingstid (interpolering) som ligg nærmast resten av bindingstida for det lånet som blir tilbakebetalt, skal dei rentetilboda som gjeld på tilbakebetalingstidspunktet brukast. Dersom det ikkje finst noko tilbod om rentebinding på det aktuelle tidspunktet, bruker Lånekassen det siste tilbodet om fastrente. Når det er mindre enn tre år igjen av løpetida for det aktuelle fastrentelånet, bruker Lånekassen den flytande renta på tilbakebetalingstidspunktet og tre års fastrentetilbod til å rekne ut gjennomsnittleg rente
    Dersom låntakaren avsluttar fastrenteavtalen i avtaleperioden, bruker Lånekassen dei reglane for utrekning av over- og underkurs som er oppgitte i forskrift 7. mai 2010 nr. 654 om kredittavtaler mv. § 9. Overgang frå fast til flytande rente vil skje på den første dagen i månaden etter at søknaden er levert inn, innanfor dei tidsfristane som gjeld. Ved utrekning av den interpolerte renta mellom to lån med ei kortare og lengre bindingstid som ligg nærmast resten av bindingstida for det lånet som går frå fast til flytande rente, bruker Lånekassen dei tilboda for fast rente som på søknadstidspunktet vil vere gjeldande renter frå første dag i neste månad. Når det er mindre enn tre år igjen av løpetida for det aktuelle fastrentelånet, bruker Lånekassen den flytande renta som gjeld i den månaden søknaden er levert inn og det tre års fastrentetilbodet som på søknadstidspunktet vil vere gjeldande rente frå første dag i månaden etter at søknaden er levert inn.
    Dersom låntakaren avsluttar fastrenteavtalen i avtaleperioden, oppstår ein sperrefrist på to månader der lånet har flytande rente, før lånet eventuelt kan bindast på nytt, sjå § 2-5 bokstav g.
    Ein søknad om å avslutte fastrenteavtalen må vere kommen inn til Lånekassen seinast 17 dagar etter at observasjonsperioden er avslutta.
    Avtalen om rentebinding blir også oppheva dersom låntakaren begynner i fulltids- eller deltidsutdanning i avtaleperioden og får lån og/eller stipend frå Lånekassen. Overgangen
    frå fast til flytande rente vil skje på den første dagen i månaden etter at avtalen blir rekna som oppsagd. Det blir rekna over- eller underkurs i samsvar med reglane i andre og tredje ledd.

    Merknad til 2. ledd
    Ekstra innbetaling blir definert som ei innbetaling som er større enn desse postane:
    uteståande gebyr, kostnader og forseinkingsrenter
    alvorleg kravlån
    opne terminar

    Ekstra innbetalingar over 50 kroner utløyser ei utrekning av overkurs (rentetap) eller underkurs (rentegevinst). Vurderinga av om ei innbetaling kan bli definert som «ekstra innbetaling» eller ikkje, skjer kvar gong ei innbetaling blir postert på kontoen til låntakaren.

    Merknad til 2. ledd
    Overkurs (rentetap) blir belasta (lagt til) kontoen til låntakaren. Dette gjeld også dersom gjelda er innfridd før rentetapet blir utrekna.

    Underkurs (rentegevinst) blir godskrive (trekt frå) kontoen til låntakaren. Ved innfriing vil beløpet bli utbetalt.

    Beløp under kr 1,50 vil ikkje bli belasta kontoen og kravd tilbakebetalt. Beløp under kr 1,50 vil heller ikkje bli godskrive og refundert.

    Merknad til 2.ledd
    Det blir ikkje gitt fritak for overkurs (rentetap) som er utrekna i periodar det er gitt rentefritak for.

    § 2-5. Unntak frå retten til å inngå avtale om binding av renta

    Desse låntakarane kan ikkje inngå avtale om å binde renta:
    a)låntakar under 18 år
    b)låntakar som har kortare nedbetalingstid enn avtaleperioden
    c)låntakar med lån som ikkje er sett renteberande
    d)låntakar med oppsagt lån
    e)låntakar i gjeldsordning
    f)låntakar i deltidsutdanning med støtte frå Lånekassen og som samtidig har renteberande lån frå tidlegare utdanning
    g)låntakar som seier opp avtale om binding av renta før normert utløpstid, kan ikkje inngå ny avtale om fastrente før tidlegast etter to månader. Sjå § 2-4 femte ledd.

    § 2-6. Rentesrente

    Det blir rekna rentesrente med den rentesatsen som gjeld. Renter som ikkje blir betalte, blir sette renteberande etter kvart forfall. For låntakar som har lån frå før 1. juli 1985, blir det ikkje rekna renter av rentegjeld som er opparbeidd før 1. januar 1990. Det blir ikkje rekna renter av rentegjeld som er lagd til etter reglane i forsinkelsesrenteloven.

    Kapittel 3. Terminbeløp

    § 3-1. Fastsetjing av terminbeløp

    Terminbeløpa blir fastsette etter annuitetsprinsippet, slik at gjelda blir nedbetalt i løpet av den fastsette nedbetalingstida.

    § 3-2. Unntak i særlege tilfelle

    I særlege tilfelle kan Lånekassen vike av frå reglane for fastsetjing av terminbeløpa.

    § 3-3. Justering av terminbeløpet

    Terminbeløpet blir justert når rentesatsen blir endra.

    Kapittel 4. Nedbetalingstid

    § 4-1. Vanleg nedbetalingstid

    Den lengste nedbetalingstida er 20 år frå den siste datoen lånet blir sett renteberande. Lån over kr 241 000 vil til vanleg gi 20 års nedbetalingstid.

    § 4-2. Utvida nedbetalingstid

    Når det blir gitt betalingsutsetjing for ein termin, blir nedbetalingstida til vanleg utvida tilsvarande. Nedbetalingstida kan ikkje bli utvida til meir enn 30 år.

    § 4-3. Kortare nedbetalingstid

    Lånet skal vere nedbetalt innan låntakaren fyller 65 år. For låntakarar over 45 år blir terminbeløpa oppjusterte slik at lengste nedbetalingstid blir kortare enn 20 år.

    Kapittel 5. Ekstra innbetaling og innfriing

    § 5-1. Ekstra innbetaling på lån med flytande rente

    Låntakarar med lån som blir forrenta etter § 2-1 eller § 2-2 (flytande rente), kan innfri eller betale ned gjelda raskare og med større beløp enn det som er fastsett i betalingsplanen, utan ekstra kostnader.

    § 5-2. Ekstra innbetaling på lån med bunden rente

    For låntakar som har inngått avtale om å binde renta etter § 2-3, vil ekstra innbetalingar eller innfriing av gjelda i avtaleperioden føre til at det blir rekna over- eller underkurs etter § 2-4.

    § 5-3. Refusjon av ekstra innbetalingar

    Ekstra innbetalingar vil berre i særskilde tilfelle kunne bli refunderte.

    Merknad
    Kundar som har lån som skal bli gjort om til stipend, og som innfrir heile gjelda før siste omgjering er utført, kan få refundert stipendbeløpet. Dette gjeld berre for kundar som har fått støtte i den perioden som blir behovsprøvd.

    Kapittel 6. Forfall, betalingsvarsel og gebyr

    § 6-1. Terminforfall og betalingspause

    Første terminforfall blir fastsett til om lag sju månader etter at utdanninga er avslutta eller avbroten, eller når låntakaren ikkje lenger får støtte frå Lånekassen (betalingspause). Dette gjeld også ved ny tilbakebetalingsplan etter § 1-2.
    Ein låntakar som får støtte til deltidsutdanning og har lån som det tidlegare er oppretta betalingsplan for, kan ikkje få ny betalingspause.
    Utdanningsgjelda har månadlege terminforfall.

    § 6-2. Plikt til å betale trass i manglande betalingsvarsel

    Terminbeløpet skal betalast sjølv om låntakaren ikkje har fått betalingsvarsel, sjå § 16-2.

    § 6-3. Gebyr ved førstegongs betalingsvarsel

    Ved varsling om terminbeløp som forfell, blir det lagt til eit gebyr på 18 kroner. Gebyret blir ikkje lagt til for låntakarar som bruker elektronisk varsling, eller for låntakarar som ikkje kan bruke elektronisk varsling på grunn av dokumentert synshemming.

    § 6-4. Gebyr ved andregongs betalingsvarsel (første purring)

    Ved andregongs betalingsvarsel blir det lagt til eit gebyr på 280 kroner.

    § 6-5. Gebyr ved tredjegongs betalingsvarsel (varsel om oppseiing)

    Ved tredjegongs betalingsvarsel blir det lagt til eit gebyr på 490 kroner.

    § 6-6. Prioriteringsrekkefølgje ved innbetaling

    Ei innbetaling dekkjer i denne rekkefølgja: eventuelle inkassokostnader, gebyr, renter og lån.

    § 6-7. Transaksjonskostnader

    Låntakaren skal dekkje transaksjonskostnadene ved å betale gjelda.

    Merknad
    Med transaksjonskostnader er meint kostnadene som blir belasta Lånekassen ved overføring av innbetaling frå utlandet, eller ved innbetaling med sjekk.

    Kapittel 7. Følgjer av misleghald av betalingsplikta eller brot på opplysningsplikta

    § 7-1. Følgjer av å ikkje betale etter tredjegongs betalingsvarsel

    Lånekassen kan krevje at heile gjelda blir innfridd før forfallstida, dersom låntakaren mislegheld låneavtalen vesentleg. Dersom låntakaren ikkje betaler innan fristen i tredjegongs betalingsvarsel, gjer Lånekassen vedtak om oppseiing av heile gjelda, og Statens innkrevjingssentral tek over innkrevjinga av den misleghaldne gjelda. Oppseiinga blir oppheva dersom låntakaren betaler eller får betalingsutsetjing for forfalne, ubetalte terminbeløp. Sjå føresegnene om betalingslette i andre delen. Ved oppheving av oppseiinga trekkjer Lånekassen saka tilbake frå Statens innkrevjingssentral.
    Det blir rekna renter etter forsinkelsesrenteloven av forfalle beløp frå dagen etter forfallsdato, og av heile lånet frå den dagen lånet er sagt opp som følgje av misleghald.
    Med gjeld er meint lån, renter, gebyr og kostnader.

    Merknad
    Utleggspant som er teke i eigendelane til låntakaren før saka blir tilbakekalla, blir ståande. Spørsmål om utleggspant skal rettast til Statens innkrevjingssentral.
    Merknad
    Klage på for lågt eller for høgt lønnstrekk (§ 7-2), eller anna som gjeld utleggsforretninga (§ 7-3), skal rettast til Statens innkrevjingssentral.

    § 7-2. Innkrevjing av misleghalden gjeld

    Dersom låntakaren ikkje betaler heile det forfalne, ubetalte terminbeløpet, kan Statens innkrevjingssentral inngå frivillig betalingsavtale for det forfalne beløpet.
    Krav om tilbakebetaling av den forfalne delen av utdanningsgjelda kan bli inndriven ved trekk i lønn og andre liknande ytingar etter reglane i dekningsloven § 2-7.

    § 7-3. Tvangsinnkrevjing

    Krav om tilbakebetaling av utdanningsgjeld er tvangsgrunnlag for utlegg. Ved vesentleg misleghald kan Statens innkrevjingssentral som særnamsmann gjennomføre utleggsforretning for heile gjelda etter reglane i tvangsfullbyrdelsesloven. Statens innkrevjingssentral kan også sende kravet om utlegg til namsmannen på staden.
    Dersom dei forfalne, ubetalte terminbeløpa blir betalte, kan innkrevjinga bli stansa.

    § 7-4. Låntakar i utlandet

    Dersom låntakaren er busett i utlandet, kan Statens innkrevjingssentral krevje inn gjelda der låntakaren bur. Statens innkrevjingssentral kan bruke inkassobyrå, advokat eller rettsapparatet. Innkrevjinga kan bli stansa dersom dei forfalne, ubetalte terminbeløpa blir betalte, sjølv om saka er oversend til inkassobyrå eller advokat for låntakarar som er busette i utlandet.

    § 7-5. Gebyr

    Låntakaren kan bli belasta gebyr og kostnader i samband med tilbakebetaling og innkrevjing av gjelda.

    § 7-6. Vedvarande og grovt misleghald

    Ved vedvarande og grovt misleghald av betalingspliktene kan gjelda til låntakaren bli permanent overført til Statens innkrevjingssentral. Ei permanent overføring av gjelda til Statens innkrevjingssentral fører til tap av rettar som er gitt i eller med grunnlag i utdanningsstøtteloven.
    Misleghaldet blir rekna som vedvarande og grovt når gjelda har vore oppsagd i tre år.

    § 7-7. Unntak frå § 7-6

    Det kan bli gjort unntak frå § 7-6 dersom eitt av desse vilkåra er til stades:
    a) låntakaren har ei løpande frivillig betalingsordning
    b) låntakaren har ei løpande tvungen betalingsordning
    c) låntakaren har betalt inn eit vesentleg beløp dei siste tolv månadene
    d) låntakaren sannsynleggjer at den nåverande situasjonen gir rett til betalingslette etter andre delen, eller
    e) særskilde forhold gjer det rimeleg å unnta gjelda frå overføring.
    Krav om unntak må vere grunngitt og setjast fram innan den fristen som er oppgitt i varselet om permanent overføring av gjelda til Statens innkrevjingssentral. Krav om unntak etter at gjelda er permanent overført, blir ikkje behandla.

    Merknad
    Dersom låntakaren gjer sannsynleg at den noverande situasjonen gir rett til betalingslette etter kapittel 12 eller kapittel 15, skal kravet ikkje bli overført til SI. For å gjere sannsynleg at den noverande situasjonen gir rett til betalingslette etter kapittel 12, må låntakaren sende inn dokumentasjon som viser at låntakaren er i ein situasjon som kan gi rett til rentefritak for ein periode på éin månad eller lenger.

    For å gjere sannsynleg at den noverande situasjonen gir rett til betalingslette etter kapittel 15, må låntakaren sende inn kopi av pensjonsbrevet frå Nav trygd som viser at han har fått innvilga varig uføretrygd. I tillegg må låntakaren oppgi samla forventa bruttoinntekt for inneverande år.

    Merknad
    Dersom låntakaren dokumenterer å ha rett til betalingslette i delar av dei tre siste åra, men den noverande situasjonen ikkje gir rett til lette, er det ein føresetnad for å unngå ei permanent overføring, at det også blir inngått ein betalingsavtale.

    Merknad
    Låntakaren misser ikkje rettar etter § 7-6 dersom han inngår ein betalingsavtale med Lånekassen. Betalingsavtalen blir følgd opp av SI.

    Dersom det skyldige terminbeløpet blir betalt før Lånekassen gjer vedtak om permanent overføring av kravet, blir kravet ikkje overført.

    § 7-8. Andre følgjer av misleghald av betalingsplikta

    Misleghald av betalingsplikta kan føre til avslag på søknad om støtte til ny utdanning etter forskrift om tildeling av utdanningsstøtte, og avslag på søknad om betalingsutsetjing, rentefritak og ettergiving, sjå § 17-3 og forskrift om tildeling av utdanningsstøtte.

    Merknad
    Dersom låntakaren ikkje har vore registrert med ei inkassosak tidlegare, kan Lånekassen gi utdanningsstøtte dersom låntakaren ajourbetaler eller har rett til betalingslette.

    Merknad
    Låntakarar som startar i ny fulltidsutdanning med rett til støtte, skal betale terminbeløp som forfell inntil éin månad før den nye utdanninga startar.

    Merknad
    Låntakarar som har fått gjelda avskriven som ei fordring det blir sett på som uråd å drive inn, eller har fått gjelda permanent overført til Statens innkrevjingssentral, kan som hovudregel ikkje få ny støtte. Dersom heile kravet er innbetalt, kan det bli vurdert å gi ny støtte.

    § 7-9. Følgjer av brot på opplysningsplikta

    Dersom ein låntakar forsettleg eller aktlaust har brote opplysningsplikta etter forskrift om tildeling av utdanningsstøtte, og dermed har fått eller har prøvd å få utbetalt eller godskriven støtte som forskriftene ikkje gir rett til, kan Lånekassen krevje støttebeløpet tilbakebetalt og rekne renter frå det tidspunktet låntakaren fekk tildelt støtte. Heile gjelda kan bli sagd opp og kravd inn etter § 7-2 til § 7-4. Låntakaren kan misse retten til betalingslette og ettergiving.
    I vurderinga av misleghaldet blir det hovudsakleg lagt vekt på kor lenge misleghaldet har gått føre seg, og kor mykje urettkommen støtte låntakaren har teke imot.

    Kapittel 8. Utdanningsgjeld og gjeldsordning

    § 8-1. Utanrettsleg gjeldsordning

    Utdanningsgjeld kan bli teken med i gjeldsordningar utanfor gjeldsordningsloven (utanrettsleg gjeldsordning). Ein søknad om slik gjeldsordning skal innehalde dokumenterte opplysningar om inntekta, formuen, gjelda, talet på barn og levekostnadene til låntakaren, og anna som kan ha noko å seie for saka. Det skal også bli gitt slike opplysningar for ektefelle eller sambuar så langt det kan ha noko å seie for saka.

    Merknad
    Søknad om utanrettsleg gjeldsordning skal rettast til Statens innkrevjingssentral.

    § 8-2. Gjeldsordning etter gjeldsordningsloven

    Når ein låntakar oppnår gjeldsordning etter gjeldsordningsloven, skal betalingsvilkåra bli fastsette i samsvar med den.
    Ei gjeldsordning vil til vanleg gå ut på at usikra gjeld blir sletta etter gjeldsordningsperioden, som til vanleg er fem år, jf. gjeldsordningsloven kapittel 4 og 5.
    Dersom gjeldsordninga ikkje kjem i stand, skal låntakaren behandlast etter andre føresegner i denne forskrifta.

    Merknad
    Søknad om gjeldsordning etter gjeldsordningsloven skal rettast til Statens innkrevjingssentral.

    § 8-3. Spørsmål om ny utdanningsstøtte

    I gjeldsforhandlingsperioden og i gjeldsordningsperioden kan låntakaren som hovudregel ikkje få nytt lån og/eller stipend. Dersom utdanninga er avtalt eller stadfesta i gjeldsordninga, kan ny støtte bli vurdert ut frå dei vanlege kriteria for tildeling, medrekna tidlegare misleghald, sjå § 7-8.

    Kapittel 9. Krav som blir rekna som uråd å drive inn

    § 9-1. Ettergiving av gjeld

    Lån, renter og kostnader kan bli ettergitt i den grad Lånekassen ser det som uråd å drive inn fordringa. Ein søknad om ettergiving skal innehalde dokumenterte opplysningar om inntekta, formuen, gjelda, talet på barn og levekostnadene til låntakaren. Søknaden skal også innehalde tilsvarande opplysningar om ektefelle eller sambuar, og anna som kan ha noko å seie i saka.
    Ved vurderinga av søknaden skal det leggjast vekt på dei økonomiske forholda til låntakaren, både om betalingsevna er varig sterkt nedsett, og kor lenge misleghaldet har vart. Dessutan skal det leggjast vekt på kva tiltak som har vore gjennomførte i saka, og det skal vurderast kva tiltak som vil vere mest tenlege for innkrevjinga i framtida. Låntakaren kan ikkje få ettergiving dersom det vil verke støytande.

    Merknad
    Søknad om ettergiving etter § 9-1 skal rettast til Statens innkrevjingssentral.

    § 9-2. Innskrenka klagerett

    Låntakaren har ikkje klagerett etter reglane i forvaltningsloven på avgjerder i saker om gjeldsordning utanfor gjeldsordningsloven og ettergiving av fordringar som Lånekassen ser det som uråd å drive inn.

    Kapittel 10. Personleg gjeld

    § 10-1. Personleg gjeld

    Utdanningsgjeld gitt etter utdanningsstøtteloven er personleg gjeld og kan ikkje bli overdratt til andre.

    § 10-2. Ettergiving ved død

    Døyr låntakaren, blir gjelda ettergitt.