Hopp til innhold

Hopp til login

Språkmeny

    Hovedmeny

    Femte delen. Misleghalden utdanningsgjeld som er permanent overført til Statens innkrevjingssentral

    Sist oppdatert: 21.12.2015

    Kapittel 24. Utdanningsgjeld som er permanent overført til Statens innkrevjingssentral og gjeldsordningar

    § 24-1. Gjeldsordning etter gjeldsordningsloven

    Utdanningsgjeld som er permanent overført til Statens innkrevjingssentral, er omfatta av vilkåra i gjeldsordningsloven. Utdanningsgjeld skal bli behandla på linje med anna gjeld som har tilsvarande sikringsgrad.

    § 24-2. Utanrettsleg gjeldsordning

    Når Lånekassen har overført utdanningsgjeld permanent til Statens innkrevjingssentral, kan Statens innkrevjingssentral delta i utanrettsleg gjeldsordning, jf. utdanningsstøtteloven § 14.
    Ein førespurnad om utanrettsleg gjeldsordning skal ha med dokumenterte opplysningar om inntekta, formuen, gjelda, talet på barn og levekostnadene til skyldnaren. Førespurnaden skal også ha med tilsvarande dokumenterte opplysningar om ektefellen eller sambuaren og anna som kan ha noko å seie i saka.
    Reglane i gjeldsordningsloven gjeld som utfyllande regelverk.

    Kapittel 25. Betalingsvilkår for utdanningsgjeld som er overført permanent til Statens innkrevjingssentral

    § 25-1. Rentevilkår

    Fordringar som blir permanent overførte til Statens innkrevjingssentral, får lagt til renter etter den rentesatsen som blir fastsett for lån i Lånekassen etter § 2-1, § 2-2 og § 2-6.

    § 25-2. Prioriteringsrekkefølgje ved innbetaling

    Ei innbetaling dekkjer i denne rekkefølgja: inkassokostnader, gebyr, renter og lån.

    § 25-3. Myndigheitsutøvinga til Statens innkrevjingssentral

    Statens innkrevjingssentral er kreditor for utdanningsgjeld som er permanent overført frå Lånekassen.
    Krav om tilbakebetaling av utdanningsgjeld er tvangsgrunnlag for utlegg. Statens innkrevjingssentral kan som særnamsmann halde utleggsforretning etter reglane i tvangsfullbyrdelsesloven. Statens innkrevjingssentral kan også sende krav om utlegg til den vanlege namsmannen, jf. utdanningsstøtteloven § 11 og § 12.

    § 25-4. Ettergiving ved manglande betalingsevne

    Statens innkrevjingssentral kan ettergi lån, renter og kostnader dersom låntakaren manglar betalingsevne. Med manglande betalingsevne er meint at betalingsevna er varig sterkt nedsett. Låntakaren vil ikkje kunne få ettergiving dersom det vil verke støytande.
    Søknad om ettergiving av lån skal ha med dokumenterte opplysningar om inntekta, formuen, gjelda, talet på barn og levekostnadene til skyldnaren. Søknaden skal også ha med tilsvarande dokumenterte opplysningar om ektefellen eller sambuaren og anna som kan ha noko å seie i saka.
    Låntakaren har ikkje klagerett etter reglane i forvaltningsloven for avgjerder i saker om ettergiving som følgje av manglande betalingsevne.

    § 25-5. Ettergiving ved død

    Døyr låntakaren, blir gjelda ettergitt.