Hopp til innhold

Hopp til login

Språkmeny

    Hovedmeny

    Andre delen. Rentefritak, betalingsutsetjing og ettergiving

    Sist oppdatert: 08.03.2016

    Kapittel 11. Rentefritak under utdanning

    § 11-1. Vilkår for rett til rentefritak etter bestått fulltidsutdanning

    Ein låntakar som har bestått fulltidsutdanning og dokumenterer å ha hatt rett til støtte etter forskrift om tildeling av utdanningsstøtte, første og fjerde delen, har rett til rentefritak i så lang tid som det kunne ha blitt gitt støtte.
    Ein låntakar som tek utdanning utan å søkje om støtte, må søkje om rentefritak innan foreldingsfristen i § 13-2.

    Merknad
    Låntakaren må dokumentere at ho/han har vore fulltidsstudent. Låntakaren blir rekna som fulltidsstudent dersom ho/han dokumenterer å ha følgt utdanningsprogrammet på fulltid. Det kan ikkje bli gitt rentefritak utover normert tid eller årsblokkene i kapittel 8 i forskrifta for utdanningsstøtte. Ved vurderinga av samla periode for rentefritak reknar vi med periodar låntakaren har fått støtte og/eller rentefritak på grunn av utdanning.

    Låntakaren kan få rentefritak også ved forseinking, dersom han/ho har rett til å få den normerte tida/årsblokkene utvida etter reglane i kapittel 9 i forskrifta om utdanningsstøtte for det året søknaden gjeld.
    Rentefritak kan derfor først bli vurdert når låntakaren har avslutta utdanningsprogrammet.

    Utdanningsprogrammet og avslutninga av det blir vurdert på bakgrunn av kunden sine opplysningar om planlagt utdanningsprogram, normert tid for programmet, og planlagd avslutning av det enkelte programmet.

    Merknad
    Utanlandske statsborgarar, med unntak av statsborgarar frå EU- og EØS-land, som tek sjølvfinansiert utdanning i land utanfor Norden, har ikkje rett til rentefritak utover det som går fram av kapittel 2 i forskrifta for utdanningsstøtte.

    Merknad
    Ved ph.d-utdanning i utlandet (utanlandsk grad) bruker Lånekassen den tidsnormeringa som gjeld for den aktuelle godkjende utdanninga, teken på fulltid i vedkommande land.

    Merknad
    Låntakarar som er forsørgde av barnevernet og har fått avslag på søknad om støtte etter § 10-3 i forskrifta for utdanningsstøtte, kan likevel få rentefritak etter dette punktet dersom han eller ho er i ei fulltidsutdanning som gir rett til støtte.

    § 11-2. Vilkår for rett til rentefritak etter bestått deltidsutdanning

    Ein låntakar som har bestått deltidsutdanning, og som dokumenterer å ha hatt rett til støtte etter forskrift om tildeling av utdanningsstøtte, første delen, har rett til rentefritak i heile eller delar av perioden dersom låntakaren har ei person- og kapitalinntekt innanfor grensene i tabellen, sjå § 12-7. For tidlegare år gjeld eigne inntektsgrenser. Inntektsgrensene i tabellen blir heva med kr 13 752 per år for kvart barn som låntakaren forsørgjer, til og med det året barnet fyller 16 år.
    Låntakaren må søkje om rentefritak innan foreldingsfristen i § 13-2.

    Merknad
    Dersom låntakaren har fått støtte til deltidsutdanninga, kan rentefritak bli vurdert for støtteperioden også før utdanninga er endeleg avslutta.

    Låntakaren kan få rentefritak også ved forseinking, dersom han/ho har rett til å få den normerte tida/årsblokkene utvida etter reglane i kapittel 9 i forskrifta om utdanningsstøtte for det året søknaden gjeld.

    Merknad
    Når inntektsgrensa skal aukast på grunn av barn, er desse borna omfatta:
    - barn av låntakaren, også barn som låntakaren betaler bidrag for
    - barn av låntakaren sin ektefelle som bur saman med låntakaren minst 40 prosent av tida
    - barn av låntakaren sin sambuar som bur saman med låntakaren minst 40 prosent av tida, dersom søkjaren og sambuaren i tillegg har felles barn

    § 11-3. Rett til rentefritak på grunn av tillitsverv

    Ein låntakar som har tillitsverv på fulltid i landsomfattande elev- eller studentorganisasjon, eller i tilknyting til utdanningsinstitusjon eller studentsamskipnad, har rett til rentefritak i heile eller delar av perioden dersom tillitsvervet varer i minst tre månader samanhengande, og låntakaren har ei person- og kapitalinntekt innanfor grensene i tabellen, sjå § 12-7. For tidlegare år gjeld eigne inntektsgrenser. Inntektsgrensene i tabellen blir heva med kr 13 752 per år for kvart barn som låntakaren forsørgjer, til og med det året barnet fyller 16 år.
    Rentefritak på grunn av tillitsverv kan bli gitt i inntil tolv månader.

    § 11-4. Rett til rentefritak ved permisjon eller ved deltaking i EU-programmet Erasmus+

    Ein låntakar som har permisjon frå studiet og får studentstipend, eller ein låntakar som deltek i EU-programmet Erasmus+ i ein periode som varer i minst tre månader, har rett til rentefritak i heile eller delar av perioden dersom låntakaren har ei person- og kapitalinntekt innanfor grensene i tabellen, sjå § 12-7. For tidlegare år gjeld eigne inntektsgrenser. Inntektsgrensene i tabellen blir heva med kr 13 752 per år for kvart barn som låntakaren forsørgjer, til og med det året barnet fyller 16 år.

    Merknad
    Det er ein føresetnad at låntakaren kan dokumentere å ha hatt permisjon frå studiet for å drive forsking, og at låntakaren har fått studentstipend som er knytt opp til stipendordninga i Noregs forskingsråd.

    Kapittel 12. Rentefritak av sosiale og økonomiske årsaker

    § 12-1. Rett til rentefritak av sosiale og økonomiske årsaker

    Ein låntakar som oppfyller eitt av krava i bokstavane ad nedanfor, og som samtidig har ei person- og kapitalinntekt innanfor grensene i tabellen i § 12-7, har rett til rentefritak i heile eller delar av perioden. For tidlegare år gjeld eigne inntektsgrenser. Inntektsgrensene i tabellen blir heva med kr 13 752 per år for kvart barn som låntakaren forsørgjer, til og med det året barnet fyller 16 år. Låntakaren må dokumentere grunnlaget for søknaden om rentefritak, sjå § 12-6.

    a) Forhold knytte til sjukdom og arbeidsløyse
    Låntakaren er sjuk, får arbeidsavklaringspengar eller er registrert arbeidsledig. Det er ein føresetnad at forholdet varer i minst tre månader samanhengande.

    b) Førstegongsteneste eller elev ved militær skole
    Låntakaren avtener førstegongsteneste i Noreg, er elev ved ein militær skole eller er EØS-borgar som avtener verneplikt i heimlandet. Det er ein føresetnad at forholdet varer i minst tre månader samanhengande.

    c) Fødsel eller adopsjon
    Låntakaren dokumenterer fødsel og omsorg etter fødsel. Den av foreldra som har omsorga for barnet, får rentefritak i inntil tolv månader frå fødselen. Låntakar som adopterer barn under ti år, får rentefritak etter dei same reglane i inntil tolv månader frå adopsjonsdatoen. I periodar der foreldra deler omsorga, kan rentefritaket bli delt.

    d) Omsorgsarbeid
    Låntakaren har omsorgsarbeid som varer i minst tre månader samanhengande. Som omsorgsarbeid blir rekna omsorg for barn under ti år eller omsorg for uføre, funksjonshemma eller eldre med stort pleiebehov i den nærmaste familien. Sjå likevel § 12-5. Som barn under ti år blir rekna også barn som fyller ti år i 2016.

    Merknad
    Når inntektsgrensa skal aukast på grunn av barn, er desse borna omfatta:
    - barn av låntakaren, også barn som låntakaren betaler bidrag for
    - barn av låntakaren sin ektefelle som bur saman med låntakaren minst 40 prosent av tida
    - barn av låntakaren sin sambuar som bur saman med låntakaren minst 40 prosent av tida, dersom låntakaren og sambuaren i tillegg har felles barn

    Merknad
    Ein låntakar kan ha fleire årsaker som gir grunnlag for rentefritak etter denne regelen. Kvar av periodane, eller ein av dei, kan vare kortare enn tre månader. Dersom det ikkje er avbrott i tid mellom desse periodane, kan Lånekassen sjå dei i samanheng. Rentefritak kan bli gitt for heile perioden. Vilkåret er at heile perioden er på minst tre månader. Oppteningstida for rentefritak blir rekna frå og med den datoen lånet blei sett renteberande.




    Merknad til bokstav a
    Lånekassen hentar inn opplysningar om periodar med arbeidsavklaringspengar (AAP) og registrert arbeidsløyse direkte frå Nav. Opplysningar om AAP og arbeidsløyse blir henta inn for heile kalenderår, avhengig av kva år perioden låntakaren søkjer om rentefritak for, ligg i.

    For låntakarar som er busette i utlandet, kan andre former for dokumentasjon bli godtekne når det ikkje er råd å registrere seg ved ei arbeidsformidling.

    Merknad til bokstav a
    Som registrert arbeidsledig reknar vi også låntakarar som deltek i kvalifiseringsprogram og får kvalifiseringsstønad. Låntakarar som søkjer om rentefritak på dette grunnlaget, må sjølve dokumentere perioden.

    Låntakarar som bur saman med ektefellen i utlandet, og som kan dokumentere at han/ho ikkje har rett til arbeidsløyve, kan bli vurderte etter § 12-1 bokstav a.

    Låntakarar som ikkje er reelle arbeidssøkjarar, har ikkje rett til rentefritak. Det same gjeld arbeidssøkjarar som er registrerte som fullt sysselsette.

    Merknad til bokstav c
    Rentefritak ved fødsel kan bli gitt til mor til barnet frå tre veker før fødselen. Far til barnet kan få rentefritak frå fødselen. Ved rentefritak ved fødsel er foreldra likestilte, men det kan bli gitt rentefritak i berre tolv månader til saman. Begge foreldra kan ikkje få rentefritak for den same perioden etter denne bokstaven.

    Merknad til bokstav d
    Rentefritak ved omsorgsarbeid kan bli gitt når låntakaren gjennomsnittleg bur minst 40 prosent av tida saman med barnet han eller ho har omsorga for.
    Dersom begge foreldra har omsorgsarbeid og inntekt som ligg under inntektsgrensa, har begge foreldra rett til rentefritak.

    Dersom éin av foreldra får rentefritak etter § 12-1 bokstav c (fødsel eller adopsjon), kan den andre få rentefritak etter § 12-1 bokstav d, dersom krava i bokstav d er oppfylte.

    Ved omsorg for uføre, funksjonshemma eller eldre må omfanget av pleiebehovet vere på minst 50 prosent. Omfanget av pleiebehovet må dokumenterast med stadfesting frå lege, sosialkontor, helsestell eller annan faginstans.

    Låntakar som får overgangsstønad fordi barnet har behov for omsorg eller tilsyn utover det som er vanleg, kan få rentefritak etter § 12-1 bokstav d.

    § 12-2. Rett til rentefritak ved økonomisk stønad etter sosialtjenesteloven

    Ein låntakar som dokumenterer at han eller ho i minst tre månader samanhengande ikkje har hatt anna inntekt enn økonomisk stønad etter sosialtjenesteloven § 18, har rett til rentefritak i heile eller delar av perioden dersom person- og kapitalinntekta er innanfor grensene i tabellen, sjå § 12-7. For tidlegare år gjeld eigne inntektsgrenser. Inntektsgrensene i tabellen blir heva med kr 13 752 per år for kvart barn som låntakaren forsørgjer, til og med det året barnet fyller 16 år.
    Rentefritak etter dette punktet kan bli gitt for inntil tre år til saman.

    Merknad
    Rentefritak etter denne bestemmelsen kan ikkje kombinerast med andre årsaker.

    § 12-3. Rett til rentefritak ved fulltidsarbeid og låg bruttoinntekt

    Ein låntakar som dokumenterer å ha hatt samanhengande fulltidsarbeid i ein periode på tolv månader eller lenger, har rett til rentefritak dersom inntekta er under grensene, sjå andre ledd. Frivillig ulønna arbeid gir ikkje rett til rentefritak.
    Gjennomsnittleg brutto månadsinntekt må ha vore kr 15 058 eller lågare i perioden. I tillegg må person- og kapitalinntekta ikkje vere høgare enn grensene i tabellen, sjå § 12-7. For tidlegare år gjeld eigne inntektsgrenser. Inntektsgrensene i tabellen blir heva med kr 13 752 per år for kvart barn som låntakaren forsørgjer, til og med det året barnet fyller 16 år. Sjå likevel § 12-5.
    Rentefritak etter dette punktet kan bli gitt for inntil tre år til saman.

    Merknad
    Opphaldsløyve som au pair føreset ei maksimal arbeidstid på 30 timar per veke. Arbeid som au pair kvalifiserer derfor ikkje til rentefritak etter denne regelen.

    Merknad
    Sjølvstendig næringsdrivande må sende inn stadfesting på registrert føretak i Brønnøysundregisteret. I tillegg må låntakaren dokumentere at ho/han har arbeidd fulltid. Dokumentasjonen kan vere i form av avtalar/timelister/lønnslippar og liknande.

    Dersom låntakaren har hatt samanhengande fulltidsarbeid i heile kalenderåret, kan kopi av likningsutskrift bli brukt for å dokumentere gjennomsnittleg månadleg bruttoinntekt i kalenderåret.

    Merknad
    Frivillig ulønna arbeid gir ikkje rett til rentefritak, sjølv om frivillig ulønna arbeid er kombinert med lønna deltidsarbeid. Dersom låntakaren er i eit arbeidsforhold på fulltid der det blir gitt ei eller anna form for godtgjering, f.eks. for kost og losji, blir søknaden behandla etter dette punktet dersom arbeidsforholdet varer i minst tolv månader. Dokumentasjon som viser kor lenge arbeidsforholdet har vart, må liggje føre.

    Merknad
    Forskingsstipend frå Noregs forskingsråd (NFR) blir sett på som arbeidsinntekt. Det same gjeld forskingsstipend som låntakaren får frå andre land. Søknader om rentefritak under ph.d-utdanning i utlandet skal behandlast etter reglane i § 11-1, fordi dette er utdanning som gir rett til støtte.

    Merknad
    Rentefritak etter denne regelen kan ikkje kombinerast med andre årsaker.

    Merknad
    Rentefritak etter denne regelen blir behovsprøvd også mot inntekta til låntakaren sin ektefelle, eller partnar, eller sambuar som låntakaren har felles barn med, sjå § 2-5.

    § 12-4. Rett til rentefritak ved soning og låg bruttoinntekt

    Ein låntakar som dokumenterer å ha sona i fengsel eller sikringsanstalt i tolv månader samanhengande eller lenger, har rett til rentefritak når gjennomsnittleg bruttoinntekt per månad er kr 15 058 eller lågare i den same perioden. I tillegg må person- og kapitalinntekta ikkje vere høgare enn grensene i tabellen, sjå § 12-7. For tidlegare år gjeld eigne inntektsgrenser. Inntektsgrensene i tabellen blir heva med kr 13 752 per år for kvart barn som låntakaren forsørgjer, til og med det året barnet fyller 16 år. Sjå likevel § 12-5.

    Merknad
    Rentefritak etter denne regelen kan ikkje kombinerast med andre årsaker.

    Merknad
    Rentefritak etter denne regelen blir behovsprøvd også mot inntekta til låntakaren sin ektefelle, eller partnar, eller sambuar som låntakaren har felles barn med, sjå § 2-5.

    § 12-5. Behovsprøving av rentefritak mot inntekta til ektefelle, partnar eller sambuar

    Rentefritak etter § 12-1 d, § 12-3 og § 12-4 blir behovsprøvd mot inntekta til ektefelle, partnar eller sambuar som låntakaren har felles barn med.
    Rentefritak blir berre gitt til den som sjølv har inntekt under grensa. Det er ein føresetnad at den samla person- og kapitalinntekta per år er lågare enn kr 507 688. Grensa blir heva med kr 27 526 per år for kvart barn som låntakaren forsørgjer, til og med det året barnet fyller 16 år.

    § 12-6. Krav til dokumentasjon

    Både årsak og inntekt skal dokumenterast for den perioden det blir søkt om rentefritak for. Lånekassen hentar inn dokumentasjon på person- og kapitalinntekt i Noreg direkte frå skatteetaten. Når det gjeld rentefritak på grunn av fulltidsarbeid og låg bruttoinntekt eller soning og låg bruttoinntekt, må låntakaren sjølv sende inn dokumentasjon på månadleg bruttoinntekt. I tillegg hentar Lånekassen inn dokumentasjon på person- og kapitalinntekt frå skatteetaten.
    Med person- og kapitalinntekt er meint summen av inntekter før frådrag, slik skattelikninga for likningsåret viser.
    Ei etterbetalt trygde- eller pensjonsyting som er tent opp i ein tidlegare periode enn det året ho blei skattlagd, skal fordelast på dei åra ytinga blei tent opp, dersom låntakaren krev det og dokumenterer eit slikt forhold. Den nye årsinntekta skal leggjast til grunn både for å avgjere ein ny søknad om rentefritak, og for ei ny prøving av eventuelle tidlegare vedtak om rentefritak. Dersom den nye prøvinga endar med at eit tidlegare innvilga rentefritak blir redusert eller fell bort, fører det til at gjelda til låntakaren aukar.

    Merknad
    All skattbar inntekt skal reknast med. Om inntekta er skattbar eller ikkje, er regulert i skattelovgivinga.

    Merknad
    Når inntekta er oppgitt i framand valuta, blir gjennomsnittleg valutakurs for det aktuelle likningsåret brukt for å finne inntekta som det skal behovsprøvast mot.



    Merknad
    Inntektsgrunnlaget for låntakarar som er busette i utlandet, er det same som for låntakarar i Noreg. Inntekt som ikkje er skattepliktig i Noreg, blir ikkje rekna med i bruttoinntekta. Det kan ikkje bli sett bort frå beløp som gir rett til frådrag ved skattelikninga i landet der låntakaren er skattepliktig. Låntakaren må sjølv dokumentere inntekta i utlandet.

    § 12-7. Tabell for inntektsgrenser ved rentefritak for 2016

    Person- og kapitalinntekt per år

    Tal på månader med rett til rentefritak

    310 142

    1

    305 019

    2

    299 898

    3

    294 775

    4

    289 653

    5

    284 530

    6

    279 409

    7

    274 286

    8

    269 164

    9

    264 042

    10

    258 919

    11

    253 797 

    12

    Kapittel 13. Generelt om rentefritak

    § 13-1. Rentefritak blir gitt på etterskott

    Rentefritak blir gitt på etterskott og for heile månader. Med «månad» er meint ein periode på 30 dagar.

    Merknad
    Låntakaren kan ha rett til rentefritak for heile eller delar av perioden med dokumentert årsak. Dersom person- og kapitalinntekta fører til at låntakaren ikkje får rentefritak for heile perioden, blir rentefritaket plassert frå starten av perioden og framover, i så mange månader som låntakaren har rett til rentefritak.

    Merknad
    Også rentefritak under sjølvfinansiert utdanning blir gitt på etterskott. Sjå §§ 11-1 og 11-2.

    Merknad
    Med ein månad er meint ein periode som går frå ein dato i éin kalendermånad til og med same dato i neste kalendermånad, minus éin dag. Dersom forholdet eller forholda som gir rett til rentefritak, strekkjer seg over meir enn 14 dagar av ein månad, blir det gitt rentefritak for denne månaden. Dersom forholdet varer 14 dagar eller kortare i ein månad, blir det ikkje gitt rentefritak for denne månaden.

    Merknad
    Ved utrekninga av rentefritak legg Lånekassen til grunn belasta renter i rentefritaksperioden og eventuelt for mykje belasta rentesrenter. Rentefritaksbeløpet blir trekt frå gjelda til låntakaren og blir postert i samsvar med posteringsrekkefølgja i § 6-6, med unntak av at rentefritak ikkje blir postert mot ein eventuell gebyrsaldo og kostnader.

    Merknad
    Rentefritaksbeløpet blir ikkje utbetalt, bortsett frå dersom gjelda er innfridd. Beløp under kr 50 blir ikkje refundert automatisk.

    Merknad
    Oppteningstida for rentefritak blir rekna frå og med den datoen lånet blei sett renteberande.

    § 13-2. Forelding av rentefritak

    Krav om rentefritak som gjeld forhold før 1. januar 2013, er forelda. Det kan bli gjort unntak frå foreldingsfristen i særlege tilfelle.
    Krav om rentefritak på grunn av utdanning vil vere forelda tre år etter at utdanningsprogrammet etter normert tid skal vere ferdig.

    Merknad
    Spørsmål om rentefritak som gjeld forhold før 1. januar 2013, kan bli behandla når saka er teken opp av låntakaren på eit tidlegare tidspunkt og behandlinga er utsett av Lånekassen, eller når Lånekassen openbert har forsømt behandlings- eller opplysningsplikta.

    Kapittel 14. Betalingsutsetjing

    § 14-1. Betalingsutsetjing av terminbeløp

    Det kan bli gitt utsetjing med betaling av heile terminbeløp i inntil tre år, sjå likevel kapittel 4 og kapittel 17.

    Merknad
    Betalingsutsetjing utan rentefritak som er gitt frå og med 1997, skal reknast med i det talet på år som det kan bli gitt utsetjing for etter dette punktet. Dette gjeld også utsetjingar som er gitt på gjeld som er innfridd i perioden etter 1997.

    Er det gitt rentefritak i ettertid for ein periode der det først berre er gitt utsetjing, tel ikkje utsetjinga med i samla tid etter § 14-1.

    § 14-2. Rett til betalingsutsetjing for terminbeløpa ved rentefritak

    Ein låntakar som oppfyller krava til rentefritak, har rett til betalingsutsetjing for terminbeløpa i den same perioden, sjå likevel kapittel 4. Dersom det er sannsynleg at låntakaren vil få innvilga ein søknad om rentefritak, kan det bli gitt betalingsutsetjing sjølv om likninga for den aktuelle perioden ikkje ligg føre.

    Merknad
    Dersom ein låntakar i løpet av eit likningsår har fått rentefritak og betalingsutsetjing, kan somme av betalingsutsetjingane bli rekna inn under § 14-2. Berre utsetjingar som fell inn i ein dokumentert årsaksperiode, kan bli rekna inn under § 14-2. Utsetjingar blir gitt for like mange månader som det er gitt rentefritak.

    Merknad
    Ved søknad om betalingsutsetjing utover grensa i § 14-1, kan det i første omgang bli gitt betalingsutsetjing når det er sannsynleg at rentefritak kan bli gitt. Låntakaren må leggje ved dokumentasjon som viser at årsaksvilkåret er oppfylt, og dokumentasjon på bruttoinntekta i perioden. I tillegg må låntakaren oppgi forventa brutto årsinntekt.

    Dersom det tidlegare er gitt betalingsutsetjing etter dette punktet og det i ettertid viser seg at låntakaren ikkje hadde rett til rentefritak, er hovudregelen at vi ikkje kan gi fleire utsetjingar.

    Merknad
    Låntakarar som har gjennomført utdanning på fulltid utan støtte frå Lånekassen, når det kunne ha vore gitt støtte etter forskrifta for utdanningsstøtte, kan (etter søknad) få betalingsutsetjing etter dette punktet tilsvarande betalingspausen etter reglane i § 6-1.

    Kapittel 15. Ettergiving

    § 15-1. Rett til ettergiving når låntakaren er varig ufør

    Låntakar som har minst 50 prosent varig nedsett inntektsevne (uføregrad), og som får varig uføretrygd frå folketrygda eller tilsvarande trygdeordning i utlandet, kan ha rett til å få gjelda ettergitt eller nedskriven. Minstekravet til uføregrad er 40 prosent dersom låntakaren får varig uføretrygd frå folketrygda etter å ha sett fram krav om det på eit tidspunkt da låntakaren fekk arbeidsavklaringspengar.
     Låntakar som fyller minst eitt av vilkåra i første ledd, har rett til ettergiving av heile gjelda når person- og kapitalinntekta er kr 292 106 eller lågare. Når person- og kapitalinntekta er mellom kr 292 107 og kr 421 190, har låntakaren rett til å få gjelda nedskriven og terminbeløpet nedsett, sjå tabellen nedanfor. Grensene blir heva med kr 13 752 per år for kvart barn som låntakaren forsørgjer, til og med det året barnet fyller 16 år. Inntekt som er registrert på barna til låntakaren, inngår ikkje i behovsprøvingsgrunnlaget.
    All inntekt må dokumenterast. Ein søknad om ettergiving blir vurdert etter dei inntektsgrensene som gjeld, og etter den person- og kapitalinntekta som låntakaren har i det året Lånekassen får søknaden. Dette gjeld også i dei tilfella der vedtaket om uføretrygd er gjort i eit tidlegare år enn søknadsåret.

    Tabell over inntektsgrenser ved delvis ettergiving for arbeidsuføre for 2016

    Person- og kapitalinntekt per år Ny gjeld Nytt teminbeløp
    kr 292 207 - 324 281 kr 59 034 kr 630
    kr 324 282 - 355 450 kr 68 846 kr 757
    kr 355 451 - 388 342 kr 78 800 kr 892
    kr 388 343 - 421 190 kr 88 612 kr 1 017

    Merknad
    Søknader om ettergiving blir vurdert etter forskrifta som gjeld det året Lånekassen har fått ein dokumentert søknad (med unntak av likningsopplysningar frå skatteetaten for det året søknaden gjeld). Det vil seie at ein søknad som er motteken før 31.12.2016, blir vurdert ut ifrå inntektsgrensa som gjeld for 2016, sjølv om vedtaket om varig uførleik er gjort i eit tidlegare år. Søknaden kan ikkje bli behandla ferdig før Lånekassen får inntektsopplysningar for det året som søknaden er motteken i. Det vil seie at søknader som har komme inn i 2016, ikkje kan bli behandla ferdig før Lånekassen får likningsopplysningar frå skatteetaten for inntektsåret 2016. Desse opplysningane får vi i 2017.

    Merknad
    Lånekassen innhentar dokumentasjon på person- og kapitalinntekt i Noreg direkte frå skatteetaten.

    Merknad
    Ettergiving skal vurderast på bakgrunn av avklara og varig inntekt. Inntektsforholdet må derfor vere endeleg avklara før ettergiving kan bli vurdert. Dersom det er sannsynleg at låntakaren vil få heile eller ein del av gjelda ettergitt, kan låntakaren få betalingsutsetjing medan saka er til behandling.

    Merknad
    Ettergivinga blir fastsett i samsvar med brutto inntekt per år (summen av trygde- og arbeidsinntekter osv.). Uføretrygda må vere innvilga før gjelda kan bli ettergitt.

    Merknad
    Ved nedskriving (delvis ettergiving) blir først kostnader, gebyr, rentesaldo og deretter lånesaldoen redusert.


    Merknad
    Når inntektsgrensa skal aukast på grunn av barn, er desse borna er omfatta:

    - barn av låntakaren, også barn som låntakaren betaler bidrag for
    - barn av låntakaren sin ektefelle som bur saman med låntakaren minst 40 prosent av tida
    - barn av låntakaren sin sambuar som bur saman med låntakaren minst 40 prosent av tida, dersom søkjaren og sambuaren i tillegg har felles barn

    Barnet må vere registrert i folkeregisteret.

    Merknad
    Det blir sett bort frå barnetillegg som låntakaren får for barn over 16 år.

    Merknad
    Innbetalingar som er gjorde før søknaden om ettergiving er motteken i Lånekassen, blir ikkje refunderte. Låntakarar med månadlege betalingsavtalar/trekk i trygdeutbetalingar kan få refundert innbetalingar som er gjorde etter at søknaden om ettergiving er kommen inn til Lånekassen. Utlegg som er tekne i etterbetaling av trygdeytingar, kan bli refunderte når låntakaren har rett til ettergiving.

    Studiegjeld som er innfridd, blir ikkje refundert sjølv om låntakaren seinare blir ufør.

    Innbetalinger som er gjort før søknaden om ettergivelse er mottatt i Lånekassen, blir ikke refundert.

    § 15-2. Ettergiving for låntakar som er arbeidsufør i lang tid

    Ein låntakar som er heilt arbeidsufør når han søkjer om ettergiving, kan få gjelda ettergitt eller nedskriven etter dei same inntektsgrensene som i § 15-1. Gjeld kan bli ettergitt berre dersom låntakaren har vore samanhengande arbeidsufør i dei siste seks åra, og framleis er det på søknadstidspunktet. Det blir berre teke omsyn til periodar med arbeidsuførleik frå og med den siste datoen lånet blei sett renteberande. Det er ein føresetnad at låntakaren ikkje har fått rehabiliteringspengar, attføringspengar, tidsavgrensa uførestønad eller arbeidsavklaringspengar i perioden.

    Merknad
    Sjukdom, inntekt og at låntakaren er arbeidsufør, må dokumenterast. Det blir ikkje teke omsyn til periodar med arbeidsuførleik som ligg før den datoen lånet sist blei sett renteberande.

    § 15-3. Oppheving av vedtak om ettergiving ved ny støtte frå Lånekassen

    Dersom låntakaren får ny støtte frå Lånekassen etter forskrift om tildeling av utdanningsstøtte, blir vedtaket om ettergiving oppheva. Ettergitte renter blir ikkje reaktiverte. Er vedtaket om ettergiving gjort for meir enn ti år sidan, blir det ikkje oppheva.

    Merknad
    Vedtaket om ettergiving blir ikkje oppheva ved søknad om ny støtte dersom gjelda er avskriven fordi låntakaren var ufør og låntakaren på avskrivingstidspunktet var i gjeldsordning eller i ein gjeldsforhandlingsperiode etter reglane i gjeldsordningsloven, og gjeldsordninga er gjennomført.

    § 15-4. Avslag på søknad om ettergiving

    Lånekassen kan avslå søknad om ettergiving av støtte som låntakaren har heva utan å ha rett til det.

    § 15-5. Ettergiving ved alderspensjon

    Dersom låntakaren får alderspensjon frå folketrygda eller tilsvarande pensjonsordning i utlandet, kan gjelda i særlege tilfelle bli ettergitt heilt eller delvis.
    At låntakaren har fylt 65 år eller har betalt ned på lånet i 20 år, gir ikkje aleine grunnlag for å ettergi gjeld.

    Merknad
    Låntakaren må dokumentere inntekta og formuen. Dette må dokumenterast for både låntakaren og ein eventuell ektefelle/partnar eller sambuar med felles barn. Gjelda blir ettergitt eller nedskriven etter dei same inntektsgrensene som i § 15-1.

    Kapittel 16. Opplysningsplikt

    § 16-1. Opplysningsplikta til låntakaren

    Låntakaren pliktar å gi rette og fullstendige opplysningar til Lånekassen og gi melding om endringar i forhold til det som blei opplyst i søknaden.

    § 16-2. Adresseendring må meldast

    Låntakaren pliktar snarast råd å melde adresseendring til Lånekassen eller til folkeregisteret. Låntakarar som er busette i utlandet, må melde adresseendring direkte til Lånekassen.

    Kapittel 17. Misleghald av betalingsplikter og brot på opplysningsplikta

    § 17-1. Tap av rett til rentefritak, betalingsutsetjing og ettergiving ved brot på opplysningsplikta

    Dersom ein låntakar med vilje eller aktlaust har brote opplysningsplikta og av den grunn har fått eller prøvd å få utbetalt eller godskriven støtte som forskrift om tildeling av utdanningsstøtte ikkje gir rett til, kan låntakaren misse retten til rentefritak, betalingsutsetjing og ettergiving.
    Dersom ein låntakar med vilje eller aktlaust har brote opplysningsplikta og av den grunn har fått rentefritak eller ettergiving som forskrifta ikkje gir rett til, kan låntakaren misse retten til rentefritak, betalingsutsetjing og ettergiving.

    § 17-2. Tap av rett til rentefritak, betalingsutsetjing og ettergiving ved misleghald av betalingsplikter

    Dersom ein låntakar mislegheld betalingspliktene sine, kan låntakaren misse retten til rentefritak, betalingsutsetjing og ettergiving.

    § 17-3. Avslag på søknad om støtte til ny utdanning ved misleghald av betalingsplikter

    Dersom ein låntakar har misleghalde betalingspliktene sine, kan Lånekassen avslå søknad om støtte til ny utdanning etter forskrift om tildeling av utdanningsstøtte.