Tilbakebetaling av studielånsrekninga
Kontonummeret til Lånekassen: 7694 05 12928.
KID-nummer
KID-nummeret ditt er kundenummeret i Lånekassen pluss eit ekstra siffer. (Nokre kundar har ein bindestre i staden for eit ekstra siffer. Når du skriv inn KID-nummer i nettbank eller telebank, kan du sløyfe bindestreken.) NB! Dersom kundenummeret har færre enn sju siffer, skal det vere 0 (null) fyrst i talrekkja.
KID-nummeret er det same kvar gong. Du finn KID-nummeret ditt på Dine sider og på tidlegare rekningar (kanskje også i nettbanken din dersom du ser på forrige innbetaling).
Det er forfall kvart kvartal, men du kan gjerne betale kvar månad. Beløpet du skal betale kvar månad finn du ved å dele terminbeløpet på tre.
Då kan du for eksempel betale mai-terminen med ein tredjedel i mars, ein tredjedel i april og ein tredjedel i mai. Hugs å betale inn mai-delen innan betalingsfristen 15. mai.
Adresseendring
Flytter du til ei adresse i Norge, og melder flyttinga til Folkeregisteret, vil Lånekassen få den nye adressa frå Folkeregisteret. Har du meldt flytting mindre enn seks veker før terminforfall, bør du likevel endre adressa di på Dine sider eller sende adresseendring til Lånekassen.
Flytter du til utlandet, eller mellom adresser i utlandet, må du sjølv gje Lånekassen den nye adressa. Du kan endre adressa di på Dine sider, eller sende adresseendring til Lånekassen.
Bruk eFaktura
Du kan få tilsend rekninga rett til nettbanken din. Gå inn på nettbanken din og bestill eFaktura frå Lånekassen. eFakturareferansen er kundenummeret ditt. NB! efakturareferansen er alltid sju siffer. Dersom kundenummer har færre siffer, skal det være 0 (null) fyrst i talrekja.
Dersom du ikkje får rekninga
Hvis du ikkje har fått rekninga eller har mista den, gjer ikkje det noko. Du treng berre tre opplysningar for å betale, eaten du betalar i nettbank eller med giro: kontonummer til Lånekassen, KID-nummeret ditt, og beløp. Hugs at du har plikt til å betale i rett tid, sjølv om du ikkje har fått rekninga.
Her er alt du treng:
- Kontonummeret til Lånekassen er 7694.05.12928
- KID-nummeret ditt er kundenummeret i Lånekassen og er det same kvar gong. Du finn KID-nummeret ditt på Dine sider og på tidlegare rekningar.
- Dersom du ikkje veit nøyaktig beløpet du skal betale, betal eit beløp som du er sikker på er stort nok til å dekke terminbeløpet. Her kan tidlegare innbetalingar være til hjelp, sjekk for eksempel kontoutskrifter for tidlegare månader i nettbanken din
Brosjyren "Slik betaler du studielånet"
Du kan skrive ut brosjyren "Slik betaler du studielånet" frå sida "Skriv ut brosjyrar".