Flytande rente blir 5,214 prosent

Publisert 06.05.2024
Frå 1. juli blir flytande renten på studielånet 5,214 prosent.

Flytande rente som gjeld i mai og juni er 5,128 prosent. Frå 1. juli aukar studielånsrenta med 0,086 prosentpoeng, til 5,214 prosent. 

Studielånsrenta er marknadsstyrt, og blir fastsett med utgangspunkt i gjennomsnittet av dei fem beste bustadlånsrentene. Det er Finanstilsynet som observerer utviklinga av bustadlånsrentene, og som fastsett rentesatsane i Lånekassen. 

Flytande rente som gjeld frå 1. juli er basert på marknadsrentene i mars og april.
772 000 av Lånekassens tilbakebetalarar har flytande rente på studielånet sitt, medan 15 000 har fast rente.

Les meir om korleis renta i Lånekassen blir fastsett.
På denne sida kan du følge renteutviklinga.